Showing posts with label bilde. Show all posts
Showing posts with label bilde. Show all posts

Monday, April 4, 2011

Blåmandag?


Ikkje for å klage, men første dag etter ei loppishelg kjennest verkeleg ut som ein blåmandag. Eit lite antiklimaks heilt enkelt. Kva skal eg gjere no, når eg ikkje kan sjå etter gamle, og hittil degraderte, vekkgøymde skattar? Hadde eg hatt plassen og utstyret umiddelbart tilgjengeleg så er eg ikkje i tvil om at kista vi fann og kjøpte på laurdag skulle fått sett starten på sitt nye liv. Men verken plass eller utsyr er å oppdrive nett no.


Men, om ikkje pussemaskina får svinge seg i dag, så kan i alle fall symaskina svinge seg i valsen. Så vert det noko av nokon av loppene mine i dag allikevel. Kanskje kan det bli noko til Raudhette-rommet til vårt vesle dunder..



Jo, mandag er ein fin-fin dag ♥, for å bruke ei vending som vårt velse dunder sitt store, oransje idol Fantorangen ville brukt.



Friday, March 25, 2011

Belønna og tvangsportrettert

Eg er visst frykteleg treg til ein del ting.. Det kan min kjære bedre halvdel fortelle om. Eg trur ikkje han ville fortalt om det så høgt, men han har materiale nok til å kunne visst han skulle få lyst. For å vere heilt ærleg så er eg i grunn ganske glad for at han ikkje er like pratesalig som det eg er. "Problemet" er berre at eg, rett som det er, slumpar til å sjølv plumpe ut med det mannen min greier å halde klokeleg stille om..

Det er heller ikkje gunstig å ha ei viss eksponeringstrong når det kjem til slikt, for då vert jo det heile spredd for enda fleire vindar enn om ein "berre" prata med naboen liksom... Når eg allikevel er inne på blogging, så har eg faktisk fått to koselege awardar for litt sidan, og å vidareformidle desse er ein av fleire ting det har gått tregt med tydelegvis. Lista over halvferdige blogginnlegg minner om samlinga av halvferdige strikke- og hekleprosjekt. Eg har ein lei tendens til å bytte prosjekt oftare enn eg byter sokkar - noko som eg, til informasjon, gjer kvar dag! ...sånn i tilfelle du skulle komme til å lure på grunn av referansbruken..

Begge awardane som eg har fått seier at eg skal fortelle 8 ting om meg sjølv. Så ved å blogge dei samtidig i ein eingong, så sparar eg meg jo for litt arbeid... :D

Med fare for å gjenta meg sjølv på einskilde punkt, 
THIS IS ME...eit sjølvportrett i bilde og tekst:



1. Synest det er vanskeleg å velge. Eg har det litt som Ole Brumm - "Ja, takk, begge deler!"


2. Ein tanke somlete vil nokre hevde, effektiv eller energisk vil gjerne andre hevde.
- Dette heng saman med at eg er dårleg på å få utført ting eg synest er grusforferdeleg kjedeleg (somler litt då, med andre ord), og effektiv når eg gjere kjekke ting ;)

3. Kronisk samlar (serviettar, glansbilder, bøker, hobbyting, tekstiler, DVD'ar... Ja... eg kunne nevnt i fleng!)
4. Snart ferdigstudert lærarstudent, som gler meg til å begynne i arbeid samt også kunne tenke seg å studere meir.. Å samle kunnskap krev ikkje noko av bruksarealet i heimen ;)

5. Eg likar system. Å ha system i rotet er alfa omega!

6.  Liker å arbeide kreativt, men skulle gjerne hatt kurs eller utdanning for å kunne få finare produkt..

7. Blir veldig lett glad i fine personlegheiter, og likar vel så godt å samle på gode vener - her slår den kroniske samlemanien tydelegvis til igjen (om enn ein ikkje nødvendigvis treffast så ofte, så er det fint å vite at ein kan treffast!)

8. Gler meg stort til startskotet for årets loppemarknadssesong, for då skal eg på skattejakt til huset vårt!!

Denne awarden fekk eg av skjønne Tonje med bloggen Carines Verden. Ho skriv det eg vil kalle ein kvardagsblogg om alt frå hus og heim til kroppspleie. Har funnet fleire gode tips inne hos ho, og det gjer heilt sikkert du også om du tek turen innom bloggen hennar ;) Awarden gir eg no vidare til 5 inspirerande bloggar med under 100 følgarar:
  1. Knerten og Karoline
  2. Maias lille verden
  3. Lillahuse
  4. Henriettes hus
  5. Hannes favoritter


Og så var det denne awarden, som eg fekk av søte Beate med bloggen Beate's hverdagsblogg. Hun skriver også en hverdagsblogg, der du kan lese om litt av hvert :) Denne awarden skal videre til 8 insprerende blogger som bare helt enkelt fortener den:

  1. En vintage drøm
  2. Fjeldborg
  3. Frøken H
  4. Loppehjemmet
  5. Husets Hjerte
  6. Leken hverdag
  7. Lille Hottentott
  8. Svingens lille hus
Det er alt for mange fine blogger å velge mellom når man skal gi slike awarder videre. Og jeg syns det er vanskelig å velge, så dette tok laaaang tid, og enda er det mange jeg vet jeg ville satt opp på listen... Listen(e) er en blanding av "små" og "store" blogger hva følgere/antall besøkende angår, så det er med andre ord et variert utvalg blogger som sådan, og det er blogger som skriver om litt forskjellige ting rent tematisk. Mest interiør og håndarbeid, og litt hage.. :)


Monday, March 21, 2011

Bokstavleg talt

Bokstavar er og har lenge vore heite saker i interiørverda. No har NIB ei bokstav-utfordring: Vis fram dine bokstavar i interiøret!

Det er ikkje mange av dei Heime hos Oss, men dei vi har har ei mening, eller dannar ord som er viktige for oss. Kvalitet framfor kvantitet. Meiningsinnhald framfor mote. Dei av våre interiørbokstavar som eg liker best er &'en bak WillowTree-figuren som var ei gåve til oss, frå oss sjølve, står det ein &. Eg & du. Du & eg. Oss to. Kjærleik. ..ja, og så S'en ved sidan av søskenbildet av våre to små. S for søskenkjærleik:


I kjøkkenvindauget står ordet FAMILIE skrive med små bokstavar frå BlackDesign - sjå bloggheaderen min for bilde ;) Familie er det viktigaste. Det er grunnfjellet i tilværet. Utan familien er eg lite og ingenting. 

(Det er altså desse bokstavane som er i headeren min ;)

I ei av hyllene i vitrineskapet (som burde vore malt) i stova, har eg satt opp eit familiebilde og eit søskenbilde av våre småtroll. Mellom bilda har vi skrive LYKKE, også med små bokstavar frå BlackDesign. Bak ordet har eg sett eit (smykke)tre frå Åhlens - i svart for å kommunisere med rammene, slik dei kvite bokstavane kommuniserer med passepartout og bakgrunn i bilda. Treet symboliserer vekst. "Må lykka gro som graset bak (ute)do" ;) 


Eg håpar på fleire, større og meir industriaktige bokstavar (eventuelt kun i eintal), i huset når vi omsider kjem så langt at vi flyttar inn. Eg er nemmeleg ikkje lei bokstavar og ord i interiøret ;)


Saturday, March 12, 2011

Personleg Warhol-kunst på veggane

Eg har blitt veldig inspirert av å arbeide med hjortebildet som eg gravde fram frå harddisken her hin kvelden tydelegvis... No ligg det haugar av bilder med denne hjorten på maskina, i allslags fargar og ulike komposisjonar.



Dette siste bildet i rekka er, som du sikkert ser, til ei viss grad Warhol-inspirert. Pastell-inspirasjonen har visst slått inn også når eg tenker meg om...

Kanskje blir det eit litt meir fargesprakande hjortebilde, enn det forrige hjortebildet eg viste fram, som får pryde ein av veggane Heime hos Oss når huset står ferdig? Ikkje alltid godt å vite kva ein vil trivast med i lengda; plain and simple i gråtonar, eller ein humøroppkvikkande fargeklatt!?






Friday, March 11, 2011

Naturen inn i heimen

Naturmaterialer er visst det store for tida - telyshaldarar av bjørkestubbar med barken intakt, kvistar satt saman med ståltråd til ein "ring" som potteskjular og denslags... Eg treng tid for at slikt skal kunne vekse på meg. Det gjeld i grunn for alle trendar. Når alle andre er lei, så er eg akkurat blitt vand nok med det til at eg kan begynne å like det og kunne tenke meg å hive meg på... Vanedyr eller konservativ eller noko i den duren ville gjerne vere eit passande begrep på meg når det kjem til mote, anten det gjeld klede eller interiør.

(Puta og bildet av puta er frå Skeidar)
Men ein ting kan eg like med ein gong med dette natur-greiene.
Rekved har eg ALLTID likt, så den trenden svel eg glatt og uten å tenke meg om. Og dessutan så synest eg at alle desse tekstilane som er komt med dyremotiv i svart/kvitt og gråtonar er kjempeskjønne! Kjøkkenhandkle, sengesett, putetrekk og så vidare med bjørn, ulv, hjort og så vidare... Love it!

(Sengesett og bilde av sengesett fra danske ByNord)
Hjortedyr er min favoritt. Så på sett og vis kan eg nesten synest vi er heldige som har hjortedyra gåande tett rundt husveggane Heime hos Oss, sjølv om de et opp det som er av godsaker som blomar og ikkje minst frukt- og bærplantar (noko som eigentleg ikkje er like kjekt når eg tenker meg om..). Men dei er jo så fine! ...både med og utan gevir...

Trur kanskje eit slikt hjortebilde skal få pynte opp ein av veggane i det kommande huset vårt, anten på lerret eller i glas og ramme. Litt til ære for dei fine hjortedyra sjølve (kolla er knipsa i vår eigen hage ;), og så for svigerfar hjortejeger (sjølv om eg ikkje likar å ete hjortekjøt...). Vassmerket skal forresten sjølvsagt bort før bildet skal på veggen, sånn i tilfelle det skulle råde tvil ift om det var ein del av bildet eller ikkje... ;P




Friday, February 11, 2011

Å handle utan å betale

No kan det høyrast ut som at eg har havna i feil spor, men det kan eg med handa på hjertet avkrefte. Eg føler tvert i mot at dette er den riktige vegen å gå.

I dag har eg handla med gåvekort - snille husbonden min fekk eit gåvekort på 500,- hos Kremmerhuset for å svare på "nokre" spørreundersøkingar. Så her tidleg i veka som har vore, kom han heim med ein konvolutt adressert til meg. "Ver så god. Eg tenkte Kremmerhuset var ein grei butikk for deg å få eit gåvekort i?" Han hadde heilt rett, det er Perfekt!

Så i dag, på ein herleg ekstra fridag, reiste eg og ei venninne til byn. Mine einaste, kjempekjekke ærend var altså å handle utan å eigentleg betale på Kremmerhuset (altså med gåvekort), og å skaffe katalogar og lister til å potensielt føre opp ynskjelister til bryllaupet. Kvelden i kveld kjem med andre ord til å gå med til å velge ut kva butikkar vi skal ha ynskjeliste hos... Kjekt det!

Men tilbake til gratis-handlingsen i dag. Synest forresten eg fekk myykje for pengane - og enda har eg halve gåvekortet til gode!

Ei fin shabby-byste til 49,-


Eg er framleis glad i fattigmannssølv,
og denne skjønne vasen koster 59,- til fullpris


Eit lite Velkommen-skilt utført i tre,
til 49,- blanke myntar...


Endeleg har nokon tatt inn slike stålskeier
som eg lenge har leita etter!!!
Kjøpte 3 stykker, så eg har éi til mjølkrukka og éi til sukkerkrukka også.
(39,- pr stk)

Er det berre meg, eller gjer dei assosiasjonar til
smågodthandling på nærbutikken for 20 år sidan?


Desse skjønne barnerom-skilta koster 39,- pr stk (truur eg..),
og eg gler meg til dei skal få pryde kvar si dør Heime hos Oss i Villa Neset!
...ser for meg at namna til ungane utført i vinyl-vekk-stickers limt over skilta på døra...



I tillegg kjøpte eg to sett med tre knaggar til kr 29,- pr sett, eit bilderamme dekorert i Elsa Beskow-Putte i blåbærskogen-stil med plass til to bilder og med den fine prisen 29,-.

Må forresten legge til at eg måtte bytte inn den fiine, fiine såpedispensaren eg kjøpte der for litt sidan, laga av klart glass og børsta stål. Metallet reagerte nemmeleg med såpe (!!!) og eira noko grådig, og det var visst slik med alle dispensarane - og ikkje berre min som eg hadde håpa på. (Alle som har kjøpt slike kan utan vanskar få pengane tilbake eller tilgodelapp!) Dermed vart det ikkje ny fiin såpedispensar på meg, men tilgodelapp, så eg hadde ikkje mindre enn 700,- å "gratis-handle" for til saman.. LOVE IT!

Dei har fått inn mykje fine, nye varer der no, og holdt enda på å pakke ut når eg var der, så eg drøyer litt før eg reiser ned og snopar meir.. Men har peila meg ut eit flott trebilde med ein skjønn tekst som eg har lyst på, så kanskje kanskje vert det eit slikt om ikkje dei pakkar ut noko enda kjekkare dei næraste dagane :)

Forrige helg kjøpte eg dette store, flotte lysfatet på Skeidar til spottpris (170 pga ein liten bulk):

...har planar om at dette skal bli eit lite "bord",
plassert oppå ein nett amerikakoffert eller
eit par gamle skinnkoffertar lagt i stabel...
Får sjå når vi er vel inne i Villa Neset!

...og dessutan har dei fine bokstavar til 19,- pr stk hos Skeidar, så eg kjøpte S for søskenkjærleik, og plasserte den ved sidan av dette herlege bildet (om eg kan sei det sjølv) av godungane mine:



Ynskjer deg ein fortsatt fin fredag!


Tuesday, December 7, 2010

Julekort - sparetips

Dersom ein har for vane å sende ut julekort til slekt og vener i stort fleirtal, og likar å drive med digitalscrapping (bilderedigering - gjerne ved hjelp av enkle, gratis nedlastbare redigeringsprogram som til dømes PhotoScape), så kan ein spare ein del pengar.


Alternativet er å nytte "Lag sjølv"-julekort hos Posten, FotoKnudsen, JapanPhoto eller andre som leverar tilsvarande tenestar. Men uansett kven ein vel av sistnemnde eller deira konkurrentar, så vert det utvilsomt billegare å gjere det heilt sjølv. Og når ein berre har sett seg litt inn i redigeringsprogramma, så tek det neimmen ikkje stort lengre tid å gjere det sjølv eller via fotoleverandørane sine program.. 


Dersom du til slutt nyttar Elkjøp Fotoservice sitt gratisprogram (Cewe) for å laste opp og kjøpe kopiar av dine sjølvdesigna julekort, så kan du enkelt kvalitetssikre at utsnitta vert slik du har tenkt, eller eventuelt tilpasse utsnittet manuelt dersom du har laga det i "feil" format når du har redigert det ;)


Ein kjapp gjennomgang av ein potensiell framgongsmåte;

1. Finn (og evt last ned) ein fin bakgrunn til julekortet
2. Rediger bakgrunnsbildet med tanke på evt ramme, fargejustering og anna
3. Finn eit eller fleire fine bilder/motiv
4. Rediger bilda med evt ramme, fargejustering og anna om ynskjeleg
5. Plasser bilda på bakgrunnen
6. Vel ut og skriv inn ein fin tekst, ei julehelsing eller anna

NB: Hugs å tenkje på vanleg foto-storleik når du planlegg og komponerar julekortet (9x13/10x13, 10x15 eller anna fomat som fotoleverandøren din tilbyr ;) 




Wednesday, September 1, 2010

Fotokonkurranse

Etter oppfordring frå Besta, som syntest dette sommarbildet av eldste bornebornet sitt var så fint, så sendte eg det inn til ein fotokonkurranse.



Vinnaren av fotokonkurransen vert avgjort av dine stemmer, så vert glad dersom du vil stemme på dette sommerbildeminnet vårt ;) ..kanskje har du til og med eit eige fint sommarbilde som du kan delta i konkurransen med?

Klikk på bildet ovanfor, så kjem du rett til konkurransesida og kan stemme på oss.. eller laste opp ditt eige bilde :)

Sunday, June 20, 2010

Når eg får veggplass

Då skal eg ha minst eitt av fotografia til Tarjei Langeland på veggen!
Dei er mildt sagt vakre, og eg vart rett og slett bergtatt av nokre av dei...

Du kan sjå tre av dei i Det kunstneriske hjørnet mitt, der ser du og kva for eitt av dei som er min favoritt.
Gler meg til å sjå fleire bilder av han, kanskje får eg ein ny favoritt som er teke i Florø? Eller kanskje i Brandsøya? :) Men foreløbig nyyyter eg bilda frå CapeTown ;)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...