Showing posts with label Award. Show all posts
Showing posts with label Award. Show all posts

Friday, March 25, 2011

Belønna og tvangsportrettert

Eg er visst frykteleg treg til ein del ting.. Det kan min kjære bedre halvdel fortelle om. Eg trur ikkje han ville fortalt om det så høgt, men han har materiale nok til å kunne visst han skulle få lyst. For å vere heilt ærleg så er eg i grunn ganske glad for at han ikkje er like pratesalig som det eg er. "Problemet" er berre at eg, rett som det er, slumpar til å sjølv plumpe ut med det mannen min greier å halde klokeleg stille om..

Det er heller ikkje gunstig å ha ei viss eksponeringstrong når det kjem til slikt, for då vert jo det heile spredd for enda fleire vindar enn om ein "berre" prata med naboen liksom... Når eg allikevel er inne på blogging, så har eg faktisk fått to koselege awardar for litt sidan, og å vidareformidle desse er ein av fleire ting det har gått tregt med tydelegvis. Lista over halvferdige blogginnlegg minner om samlinga av halvferdige strikke- og hekleprosjekt. Eg har ein lei tendens til å bytte prosjekt oftare enn eg byter sokkar - noko som eg, til informasjon, gjer kvar dag! ...sånn i tilfelle du skulle komme til å lure på grunn av referansbruken..

Begge awardane som eg har fått seier at eg skal fortelle 8 ting om meg sjølv. Så ved å blogge dei samtidig i ein eingong, så sparar eg meg jo for litt arbeid... :D

Med fare for å gjenta meg sjølv på einskilde punkt, 
THIS IS ME...eit sjølvportrett i bilde og tekst:



1. Synest det er vanskeleg å velge. Eg har det litt som Ole Brumm - "Ja, takk, begge deler!"


2. Ein tanke somlete vil nokre hevde, effektiv eller energisk vil gjerne andre hevde.
- Dette heng saman med at eg er dårleg på å få utført ting eg synest er grusforferdeleg kjedeleg (somler litt då, med andre ord), og effektiv når eg gjere kjekke ting ;)

3. Kronisk samlar (serviettar, glansbilder, bøker, hobbyting, tekstiler, DVD'ar... Ja... eg kunne nevnt i fleng!)
4. Snart ferdigstudert lærarstudent, som gler meg til å begynne i arbeid samt også kunne tenke seg å studere meir.. Å samle kunnskap krev ikkje noko av bruksarealet i heimen ;)

5. Eg likar system. Å ha system i rotet er alfa omega!

6.  Liker å arbeide kreativt, men skulle gjerne hatt kurs eller utdanning for å kunne få finare produkt..

7. Blir veldig lett glad i fine personlegheiter, og likar vel så godt å samle på gode vener - her slår den kroniske samlemanien tydelegvis til igjen (om enn ein ikkje nødvendigvis treffast så ofte, så er det fint å vite at ein kan treffast!)

8. Gler meg stort til startskotet for årets loppemarknadssesong, for då skal eg på skattejakt til huset vårt!!

Denne awarden fekk eg av skjønne Tonje med bloggen Carines Verden. Ho skriv det eg vil kalle ein kvardagsblogg om alt frå hus og heim til kroppspleie. Har funnet fleire gode tips inne hos ho, og det gjer heilt sikkert du også om du tek turen innom bloggen hennar ;) Awarden gir eg no vidare til 5 inspirerande bloggar med under 100 følgarar:
  1. Knerten og Karoline
  2. Maias lille verden
  3. Lillahuse
  4. Henriettes hus
  5. Hannes favoritter


Og så var det denne awarden, som eg fekk av søte Beate med bloggen Beate's hverdagsblogg. Hun skriver også en hverdagsblogg, der du kan lese om litt av hvert :) Denne awarden skal videre til 8 insprerende blogger som bare helt enkelt fortener den:

  1. En vintage drøm
  2. Fjeldborg
  3. Frøken H
  4. Loppehjemmet
  5. Husets Hjerte
  6. Leken hverdag
  7. Lille Hottentott
  8. Svingens lille hus
Det er alt for mange fine blogger å velge mellom når man skal gi slike awarder videre. Og jeg syns det er vanskelig å velge, så dette tok laaaang tid, og enda er det mange jeg vet jeg ville satt opp på listen... Listen(e) er en blanding av "små" og "store" blogger hva følgere/antall besøkende angår, så det er med andre ord et variert utvalg blogger som sådan, og det er blogger som skriver om litt forskjellige ting rent tematisk. Mest interiør og håndarbeid, og litt hage.. :)


Saturday, August 28, 2010

Atter laurdag

Sånn går det når ein ikkje bloggar kvar dag, veka på sida går fortare enn jobb- og skulevekene in real life ;P ...no har eg fått (noko av) skulegongen inn på ei eiga, ny side i min heilt private bloggring: I barnebokhylla som er link til like under min nye header.. Får forøvrig sjå kor lenge denne headeren vert ståande, eg er langt frå nøgd med designet på denne sida, men samstundes har eg ikkje eigentleg tid til å sette meg ned og jobbe med det... Så det får vere til eg har fått innvilga søknaden om utviding av døgnet eller kloning (som ei av mine vise rettleiarar så fint satte ord på den evinnelege tidsklemma) ;)

Ellers, så har eg fått ein bloggaward av skjønne Karianne som har ein søt mamma-blogg :)
Snill gest, og når den stod på menyen ein roleg laurdagskveld, så valde eg altså "take it" i staden for "leave it" ;)


I følge reglane skal eg fortelje sju ting om meg sjølv som kanskje ikkje alle veit, før eg gjer awarden vidare til sju nye mottakarar.. Vel, sju små "hemmelegheiter" kjennest vanskeleg å skulle komme med. Ikkje fordi eg har hemmelegheiter som ikkje tåler dagens lys, snarare at eg ikkje er spesielt hemmelegheitsfull av meg..
Kanskje er det første "avsløring" rett og slett:

1. Eg er som ei open bok, og eg let meg villig lese, berre ikkje av mange om gongen ;) ..i større forsamlingar, det vil seie meir enn fingrar på éi hand, er eg nemmeleg ganske lukka; ein observatør.

Når det gjeld observasjonar forresten... (2.) eg kjenner til ein som er allergisk mot gomp. Yepp, du las rett og du assosierer riktig, godtegomp. Dei rosa og gule gelebønnene, i raud og blå eske med ei høne, ein hane eit fjørkre som maskot. Og det synest eg er vittig X)

Sjølv er eg også allergisk... mot massevis... men kanskje mest av alt er eg (3.) allergisk mot sure miner (reaksjonane kjem kjappare enn lynet, og viser seg i form av kopiert åtferd) og ikkje minst mot rydding og vasking (som i det store og heile er den einaste allergien eg trassar..)

Forutan at eg har vegring mot husarbeid, så har eg ei rekkje andre vegringar også. 4: Eg har lenge syntest det var forferdeleg å shoppe klede - ei vegring eg heldigvis (red.merk: mannen er ikkje einig i "heldigvis") ganske plutseleg synest å vere kvitt :)  

Truleg skyldast frigjeringa av shopparen i meg (5.) at vi stadig nærmar oss innflytting i eige hus, og interiørhandling har nok tent ein generell shoppegnist.. Eg gler meg veldig til ikkje lengre å "berre" vere eigarar av huset, men til å vere bebuarar i eige hus med heimleg interiør, i staden for billege, kjedelege hybelleiligheit-løysingar..

Eg ser ikkje på meg sjølv som alternativ, men grunna ynskje om å drive eit lite minibruk på hobbybasis, forkjærleik til tøybleier og lunette, og at eg vel meitei og bæresjal framfor babybjørn og gjerne også vogn, har gjort at (6.)  fleire (inkludert mannen) har påstått at eg er rimeleg alternativ.. Eg på mi side vil forøvrig stadig framhalde at eg berre er fornuftig ;)

Når eg allikevel er inne på det med fornuft. 7: At eg er fornuftig er noko mannen hevdar å kunne motbevise på det sterkaste, med bakgrunn i mitt ynskje om 5 born (eigentleg kunne eg tenkje meg å berre ta i mot alle eg kan få...). Eg er meir enn storfornøgd med dei to flotte ungane eg alt har fått, og må ikkje på død og liv ha fleire om eg ikkje kan få fleire. Men kan eg, ja då vil eg - veldig gjerne. Ikkje berre likar eg ungane i seg sjølv og alt det ein får tilbake kjenslemessig, eg likar graviditeten (i andre trimester) og eg elskar fødselsopplevingane som er det beste adrenalinkicket eg kan tenkje meg! Naturleg meinar eg, frå sans og samling påstår mannen ;)

Og så var det å gje awarden vidare.. Eg har nok for få faste bloggar eg er innom, for eg kjem ikkje på sju i farta, men eg kan jo begynne med dei 4 eg ofte kikkar innom ;)

1. Astri mi Astri er ein skjønn og humoristisk personleg blogg, skriven av ingen andre enn Astri (sjølvsagt ;P )

2. Oppe på loftet er ein kreativ hobbyblogg med litt av kvart, men mest hekling, skriven av Terese :)

3. Fascination with er godt skriven av norske Siri Linn, men er altså på engelsk. Ho publiserar sine tekstar av ulike slag, alt frå artiklar til dikt - alt med velvalgte ord :)

4. Hjorthen er ein gamal travar i bloggverda. Den fremste i landet faktisk... Berre sjå her ;)

Vel, no er det award på menyen til fire nye bloggarar, og det får vere opp til dei sjølv kva dei vel (liksom for ungane når middagen står på bordet HeimeHosOss) "Take it" eller "Leave it" ;D

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...