Showing posts with label kunst. Show all posts
Showing posts with label kunst. Show all posts

Monday, April 4, 2011

Blåmandag?


Ikkje for å klage, men første dag etter ei loppishelg kjennest verkeleg ut som ein blåmandag. Eit lite antiklimaks heilt enkelt. Kva skal eg gjere no, når eg ikkje kan sjå etter gamle, og hittil degraderte, vekkgøymde skattar? Hadde eg hatt plassen og utstyret umiddelbart tilgjengeleg så er eg ikkje i tvil om at kista vi fann og kjøpte på laurdag skulle fått sett starten på sitt nye liv. Men verken plass eller utsyr er å oppdrive nett no.


Men, om ikkje pussemaskina får svinge seg i dag, så kan i alle fall symaskina svinge seg i valsen. Så vert det noko av nokon av loppene mine i dag allikevel. Kanskje kan det bli noko til Raudhette-rommet til vårt vesle dunder..



Jo, mandag er ein fin-fin dag ♥, for å bruke ei vending som vårt velse dunder sitt store, oransje idol Fantorangen ville brukt.



Friday, March 25, 2011

Belønna og tvangsportrettert

Eg er visst frykteleg treg til ein del ting.. Det kan min kjære bedre halvdel fortelle om. Eg trur ikkje han ville fortalt om det så høgt, men han har materiale nok til å kunne visst han skulle få lyst. For å vere heilt ærleg så er eg i grunn ganske glad for at han ikkje er like pratesalig som det eg er. "Problemet" er berre at eg, rett som det er, slumpar til å sjølv plumpe ut med det mannen min greier å halde klokeleg stille om..

Det er heller ikkje gunstig å ha ei viss eksponeringstrong når det kjem til slikt, for då vert jo det heile spredd for enda fleire vindar enn om ein "berre" prata med naboen liksom... Når eg allikevel er inne på blogging, så har eg faktisk fått to koselege awardar for litt sidan, og å vidareformidle desse er ein av fleire ting det har gått tregt med tydelegvis. Lista over halvferdige blogginnlegg minner om samlinga av halvferdige strikke- og hekleprosjekt. Eg har ein lei tendens til å bytte prosjekt oftare enn eg byter sokkar - noko som eg, til informasjon, gjer kvar dag! ...sånn i tilfelle du skulle komme til å lure på grunn av referansbruken..

Begge awardane som eg har fått seier at eg skal fortelle 8 ting om meg sjølv. Så ved å blogge dei samtidig i ein eingong, så sparar eg meg jo for litt arbeid... :D

Med fare for å gjenta meg sjølv på einskilde punkt, 
THIS IS ME...eit sjølvportrett i bilde og tekst:



1. Synest det er vanskeleg å velge. Eg har det litt som Ole Brumm - "Ja, takk, begge deler!"


2. Ein tanke somlete vil nokre hevde, effektiv eller energisk vil gjerne andre hevde.
- Dette heng saman med at eg er dårleg på å få utført ting eg synest er grusforferdeleg kjedeleg (somler litt då, med andre ord), og effektiv når eg gjere kjekke ting ;)

3. Kronisk samlar (serviettar, glansbilder, bøker, hobbyting, tekstiler, DVD'ar... Ja... eg kunne nevnt i fleng!)
4. Snart ferdigstudert lærarstudent, som gler meg til å begynne i arbeid samt også kunne tenke seg å studere meir.. Å samle kunnskap krev ikkje noko av bruksarealet i heimen ;)

5. Eg likar system. Å ha system i rotet er alfa omega!

6.  Liker å arbeide kreativt, men skulle gjerne hatt kurs eller utdanning for å kunne få finare produkt..

7. Blir veldig lett glad i fine personlegheiter, og likar vel så godt å samle på gode vener - her slår den kroniske samlemanien tydelegvis til igjen (om enn ein ikkje nødvendigvis treffast så ofte, så er det fint å vite at ein kan treffast!)

8. Gler meg stort til startskotet for årets loppemarknadssesong, for då skal eg på skattejakt til huset vårt!!

Denne awarden fekk eg av skjønne Tonje med bloggen Carines Verden. Ho skriv det eg vil kalle ein kvardagsblogg om alt frå hus og heim til kroppspleie. Har funnet fleire gode tips inne hos ho, og det gjer heilt sikkert du også om du tek turen innom bloggen hennar ;) Awarden gir eg no vidare til 5 inspirerande bloggar med under 100 følgarar:
  1. Knerten og Karoline
  2. Maias lille verden
  3. Lillahuse
  4. Henriettes hus
  5. Hannes favoritter


Og så var det denne awarden, som eg fekk av søte Beate med bloggen Beate's hverdagsblogg. Hun skriver også en hverdagsblogg, der du kan lese om litt av hvert :) Denne awarden skal videre til 8 insprerende blogger som bare helt enkelt fortener den:

  1. En vintage drøm
  2. Fjeldborg
  3. Frøken H
  4. Loppehjemmet
  5. Husets Hjerte
  6. Leken hverdag
  7. Lille Hottentott
  8. Svingens lille hus
Det er alt for mange fine blogger å velge mellom når man skal gi slike awarder videre. Og jeg syns det er vanskelig å velge, så dette tok laaaang tid, og enda er det mange jeg vet jeg ville satt opp på listen... Listen(e) er en blanding av "små" og "store" blogger hva følgere/antall besøkende angår, så det er med andre ord et variert utvalg blogger som sådan, og det er blogger som skriver om litt forskjellige ting rent tematisk. Mest interiør og håndarbeid, og litt hage.. :)


Wednesday, March 23, 2011

Uventa flytteplanar

I dag tidleg erklærte 5-åringen at han no kjende at det var på høg tid å flytte ut, med bakgrunn i ei trong til meir armslag og sjølvbestemmingsrett. "Sånn som det er no, med at dåkke bestemmer det meste, det gidder eg faktisk ikkje meir." Er det no småbornstida er over, og min vesle gut er blitt stor?


Nybakt mor - liten skulptur i steingodsleire

Eg sjølv var ikkje av den typen som trua mine foreldre med å flytte om eg ikkje fekk det som eg ville, sånn bortsett frå når eg faktisk flytta ut som 15åring.. Men hugsar eg ikkje heilt feil, så meiner eg å ha fått fortalt at mi eiga mamma var av den sorten når ho var lita. Ho pakka stadig kofferten og flytta ut i skogen nokre timar, sånn fram til middagstid eller deromkring... Gutungen vår er ikkje spesielt glad i middag, så eg kan ikkje ha for store forhåpningar til at eit varmt måltid skal lokke han heim. Men han er derimot veldig glad i sine faste minutter med TV-tid før leggetid, så det vert kanskje saknet etter barneTV og SuperNytt som nærast tvinger han tilbake til barndomsheimen. I alle fall no dei førstkommande åra. Eg håper jo i grunn ikkje at han kjem heim for å sjå barneTV og SuperNytt om eit par tiår heller...

Flytteplanane skal få sin plass
i boka der eg samlar på gullkorn og andre sitat,
av minneverdige utsagn frå borna...

Her hin dagen fekk vi forresten ei utgreiing om korleis flytteplanane hans reint praktisk skulle gjennomførast. Då sa han riktig nok "når eg blir vaksen...", men dette vart visst vesentleg framskynda i dag tidleg når han fekk greie på at han (som vanleg) skulle ete frukosten sin i barnehagen framfor å måtte forte seg med det samme heime.. Han har nemmeleg usannsynleg god tid når han et.

I alle fall. Flytteplanane er som følger: "Eg skal køyre bil. Køyre, køyre, køyre og så køyre litt til før eg tar ei ferje. Så skal eg køyre, køyre, køyre og ta ei ferje til. Så skal eg køyre enda lenger og ta enda ei ferje og så skal eg berre køyre. Og så, mens eg køyrer, skal eg finne det perfekte treet. Når eg ser dét skal eg stoppe, og der skal eg bygge meg ei hytte."

"Dit vinden fører meg..." ??

Ein relativt målretta plan, men allikevel vart eg veldig usikker på sånn cirka kor han havna i landet med den køyreturen. Akkurat det er jo litt greit å vite, så eg sender bursdags- og julegåvene i riktig retning i alle fall. "Eg er ikkje heilt sikker, men eg vil tippe at det er i Amerika" kunne gutungen då fortelle meg. "Greit, då skal eg skrive Amerika som adresse på gåvene dine, så får vi berre tru at postbudet finn den riktige trehytta å levere pakkane til..." "Ja, så klart" svarte guten kontant "eg skal jo ha ei postkasse!"
Men, mamma sine bekymringar slutta ikkje med det, sjølvsagt. "Kem skal bake bursdagskake til deg? Og ka skal du ete til julemiddag?" Gutungen sjølv var absolutt ikkje bekymra. "Det er jo berre å klatre ned frå treet og plukke seg litt mat det! Bær og sopp og sånt.."

Bringebærplukking i 2010

Han hadde eit poeng. Men i dag, når flytteplanane vart så til dei grader fraskynda (dei vert visst realisert når vi har henta han i barnehagen i ettermiddag), så kom eg til å bekymre meg for desse kosthaldsplanane hans allikevel. Det hadde jo vore fint om han kunne lese før han flytta ut, så han i større grad kunne nyttiggjere seg av soppboka som eg kjem til å sende han til bursdagen... 
Vel... eg hadde ingen sopplukkebilder,
så eit kongleplukkebilde får gjere nytta ;)




Sunday, March 20, 2011

Ut med Knerten inn med porselen



I interiøret i dag er det vel plass til både naturlege "Knerten'ar" og porselen i allslags fargar og fasongar i tilleggg. Men i barnehagen til ungane har dei rett og slett porselenifisert (nytt ord!?) den opprinnelege, naturlege Knerten samt kongler og mose. Prosjektet heiter Støypeskogen, og resultatet av det er akkurat like fascinerande som det høyrest ut. 


Som nemnt i forrige innlegg her Heime hos Oss, så var vi ein tur i skogen i dag. Like ved støypeskogen faktisk. Vår tur i dag vart kanskje ikkje like idyllisk og uproblematisk som sist innlegg antyda forventningar om. Men den var allikevel fin nok til at vi kosa oss bra dei to timane vi var ute. Litt snørr, tårer, krangel og småskader må ein rekne med! Uansett; Det var der i skogen ungane var med barnehagen og fann kvistar, mose i ulike fasongar og mini-kongler, som sidan skulle porselenifiserast på keramikkverkstaden til ein av dei barnehageansatte. 


Naturmateriala vart dyppa i (flytande) støypeporselen og sidan brent. Og når alle gjenstandane var ferdige, så bar det ut att i skogen med pinnane, konglene og mosedottane, som no var blitt porselensgjenstander. Vel tilbake i Støypeskogen vart alt sammen hengt flott opp i eitt av trea der, ved hjelp av kvit sytråd.


Flotte, organiske former som kling mot kvarandre i den lette brisen og lagar spel i skoglufta. Estetisk både for auga og øyrene med andre ord. Må sei eg er veldig imponert over kor kreative og flinke dei er i barnehagen altså. Verkeleg inspirerande!  


Det er mogeleg eg er innhabil? Men seriøst - er det ikkje spennande og fantastisk fascinerande, flotte formasjonar i denne porselenskunsten!?? Får jo lyst å prøve det samme sjølv jo... Skulle berre hatt ein keramikkverksad... ;)



Wednesday, March 16, 2011

Estetisk Eggerøre

Ein kunne tru at dette innelegget skal handle om mat, men det skal det altså ikkje. Egg er meir enn berre mat, og eggerøre vert det om ein rører mykje med egg. Det har eg gjort. Eg gjorde det i fjor på denne tida. Eller, snarare mai 2010 når rett skal vere heilt sant...



Som du sikkert ser, så er ikkje det hønseegg. Heller ikkje andre egg i den kategorien forøvrig. Det er keramiske egg. Eg var så heldig at eg fekk ta eit heilt år med "berre" Kunst og Handverk. Og handverk kan ein faktisk få når ein driv mykje med kunst og sånt. Det gjorde eg. Jobba mykje med kunst (eller forsøk på kunst i alle fall) og handarbeid om eg kan bruke det begrepet.. Eg fekk heldigvis ikkje handverk, men eg trur allikevel det lett kan oppstå.


Desse egga er forresten årsaken til at det ikkje kom noko anna blogginnlegg her i dag. Eg har fått eit ærefullt oppdrag som inneber at eg får kikke innom Kunst og Handverk-seksjonen igjen (utan at lærarane der ringer studentvakta og melder om uvedkommande på avdelinga!!!). Eg skal nemmeleg innom og legge fram fordjupningsoppgåva mi for årets studentar der. Det betyr at eg må forberede meg litt... 

Lukta av leire er like full av godstemning og fine minner, som lukta av vår og sommar! ..det er forøvrig lukta av sløydsalen, tekstilverkstaden og grafikk- og bilderommet også... Å, kor eg savnar å arbeide med kunst og handverk! Og ååå, kor eg savnar våren - snart er den her. No har du fått eit glimt, både av våren og fordjupningsoppgava mi :)






...eller natt...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...