Showing posts with label Skeidar. Show all posts
Showing posts with label Skeidar. Show all posts

Tuesday, March 1, 2011

På stovebordet i dag..

I går kjøpte eg ein ny, grøn potteplante til heimen. Eføy bundet opp som eit hjerte. Synest den var så skjønn, så eg kunne berre ikkje gå i frå, sjølv om potteplantar her i huset lever omtrent like lenge som ein hardfør bukett markblomster... Vi har ikkje overflod av dagslys inn frå dei små vindauga for å sei det sånn, så dei trivest ikkje spesielt godt stakkarane. Men står den et par veker seier eg meg nøgd - eføy er generelt ikkje det lettaste å halde i live har eg høyrt. Og med mine brune plante-fingre (sjølv om dei i realiteten er kvite som snø as we speak), så er dei i grunn dødsdømt i dét dei er utplukka av meg i butikken..


Eg er framleis hekta på fattigmannssølv
- heldigvis ettersom det finst overflod av det her hos oss -

Oppstæsja, gammaldags-looking fyrstikkesker er skjønne
og forresten veldig enkle å lage sjølv.


Billeg ananas vart sunn og dekorativ kveldskos,
i tillegg til ein ikkje fullt så sunn (og heller ikkje dekorativ) kokesjokolade..

Livet er herleg!

...alt står forresten på det stooore lysfatet mitt,
frå Skeidar, som eg nevnte for litt sidan.
Det er i grunn for stort for stovebordet,
men medan det ventar på sjølv å bli eit lite avlastningsbord,
så må det nesten bli brukt i staden for å støve ned ;)



Thursday, February 24, 2011

Bli med på eventyr!

No skal eg ikkje hevde at eg er totalt i mot rosa og prinsesse-stæsj. Vårt vesle dunder raser glatt rundt med rosa blingbelagt hårbøyle som krone, rosa ballerinadrakt og blingbelagte sølvsko, og ikkje mindre har ho opptil fleire plagg med små-prinsesse-yndlingen HelloKitty.

Men eg ser føre meg at eit småjenterom innreia med ingenting anna enn lyserosa prinsesse-stæsh fort går ut på dato i takt med at snuppa veks til. Då har eg meir tru på eventyr-rom med inspirasjon henta frå Raudhette-omgjevnader! Fluesoppar, dusgrønne "skogaktige" veggar, skogsdyr-dekor og så vidare. Ein er ikkje for stor for eventyr når ein har passert 7år, men ein kan kanskje vere lei av lyserosa prinsesseputer, for å sette det litt på spissen...



Her ser du fluesoppar (krakk frå Kremmerhuset og lamper frå KidsParadise - men sistnemnde artiklar kan visst fåast billegare hos Ellos også..) frå Raudhette si vandring gjennom skogen, ugler (knaggrekke frå KidsParadise) som sit på greiner rundt om i trea, småkaker (muffins-skrin frå Kremmerhuset) som ligg i korga til Raudhette, og godstolen bestemor sit i (barne-gyngestol frå Skeidar) medan ho ventar på det vesle bornebornet sitt...



Og så kom eg nyleg over ei utruleg skjønn, stor Bambi-lampe på nettbutikken MittRom. Den måler 29x40cm, så den gjer ein del ut av seg i tillegg at den avgjer eit behageleg dust lys (i følge butikken). Er litt usikker på om den er overkill, så denne må eg nesten finne i ein real-life-butikk så eg kan ta og sjå på heilt på ekte. Men nett no er eg uansett forelska!

Åå, som eg gler meg til å handle inn og ordne til kvar sitt rom til ungane! Og det er mykje inspirasjon å hente frå til dømes nettbutikkar som MittRom, der eg blant anna fann denne nydelege veggdekoren med skogsdyr:


(Klikk på bildet så kjem du til MittRom sitt utval av veggdekor)

For ikkje å snakke om interiørbloggar, som er vel så inspirerande. Bildet av fluesoppkrakken frå Kremmerhuset i ønskelistecollagen min over, er klipt ut frå eit bilde eg lånte frå Ann Sandy som står bak bloggen "Med et lekent sinn". Her ser du eitt anna av bilda hennar (som eg ikkje har tukla med ;), med den skjønne skjønne krakken som del av eit interiør:

Tusen takk for bildelån! :)

PS: Berre nokre timar etter eg maila med deg,
så var krakken i "mitt" eige. One down på (denne) ønskelista!

   





PS: Snart kjem det eit gutterom-innlegg også, men eg lurer nok litt på om gutungen sjølv vil vere einig i mine ynskjer for rommet hans... Spennande!

..og i morgon skal vi på boligmesse i Arenum forresten, og alle hjerter gleder seg!

Tuesday, February 22, 2011

Hus og heim

Det er ikkje berre våren vi drøymer om her hos oss for tida. I tillegg til dagdrøyming om det foreståande bryllaupet, så drøymer vi og planlegg i høve den neeeesten like nært foreståande innflyttinga i vår heilt eigen heim.

Medan mannen drøymer om elekriske gadgets, så drøymer eg om puter, pledd og pynt til veggane:

(Trykk på linkane i beskrivelsane under,
for å komme til butikkane sine sider,
som eg har lånt produktbilda frå!)

Bohus sel blant anna desse fantastisk skjønne feel-good bilda til Marianne Aulie, trykt og spent opp på lerret. Vinglepetter Iselin klarer ikkje bestemme seg for kva for eitt av desse to som er finast - dei er jo ikkje så reint like sjølv om begge har klovne-motiv (har forresten lese i eit intervju at det ikkje eigentleg er klovnar, men kjensler...!). Så om det hadde vore eit alternativ så hadde eg sagt "Ja takk, begge deler!", eg skulle nemmeleg LETT klart å finne veggplass til begge to.

Vi skulle også hatt fleire dekorative og gode pynteputer til sofaen. Grått og kvitt er fint. Fordi saueskinn også er varm og deilig så hadde det vore toppers med nettopp ei saueskinnspute! Eg liker glam også, og ei brokademønstra pute ville tilført nettopp litt glam tenker eg. Og sist men ikkje minst, den fine hjorteputa er til ære for mannen. Stakkaren er oppfostra på hjortekjøt, men får ikkje smake det så ofte (trass i at hans pappa er hjortejeger), fordi eg dessverre ikkje klarer å svelge så mykje som en munnfull. Så i tillegg til at puta er fin å sjå på, så er den også ei fin trøstepute til mannen.. 

Og så teppet da. Eg har veldig lyst på eit bestemorsruta heklateppe. Dei er ofte dyre å kjøpe, og eg er ikkje spesielt god på å fullføre langtidsprosjekt, så dette til berre 399,- er jo ikkje verst verken i pris eller utsjånad. Og i alt det kvite og grå som er i vinden, er det ikkje feil med litt friske fargar for å gje ekstra glød i heimen.



Friday, February 11, 2011

Å handle utan å betale

No kan det høyrast ut som at eg har havna i feil spor, men det kan eg med handa på hjertet avkrefte. Eg føler tvert i mot at dette er den riktige vegen å gå.

I dag har eg handla med gåvekort - snille husbonden min fekk eit gåvekort på 500,- hos Kremmerhuset for å svare på "nokre" spørreundersøkingar. Så her tidleg i veka som har vore, kom han heim med ein konvolutt adressert til meg. "Ver så god. Eg tenkte Kremmerhuset var ein grei butikk for deg å få eit gåvekort i?" Han hadde heilt rett, det er Perfekt!

Så i dag, på ein herleg ekstra fridag, reiste eg og ei venninne til byn. Mine einaste, kjempekjekke ærend var altså å handle utan å eigentleg betale på Kremmerhuset (altså med gåvekort), og å skaffe katalogar og lister til å potensielt føre opp ynskjelister til bryllaupet. Kvelden i kveld kjem med andre ord til å gå med til å velge ut kva butikkar vi skal ha ynskjeliste hos... Kjekt det!

Men tilbake til gratis-handlingsen i dag. Synest forresten eg fekk myykje for pengane - og enda har eg halve gåvekortet til gode!

Ei fin shabby-byste til 49,-


Eg er framleis glad i fattigmannssølv,
og denne skjønne vasen koster 59,- til fullpris


Eit lite Velkommen-skilt utført i tre,
til 49,- blanke myntar...


Endeleg har nokon tatt inn slike stålskeier
som eg lenge har leita etter!!!
Kjøpte 3 stykker, så eg har éi til mjølkrukka og éi til sukkerkrukka også.
(39,- pr stk)

Er det berre meg, eller gjer dei assosiasjonar til
smågodthandling på nærbutikken for 20 år sidan?


Desse skjønne barnerom-skilta koster 39,- pr stk (truur eg..),
og eg gler meg til dei skal få pryde kvar si dør Heime hos Oss i Villa Neset!
...ser for meg at namna til ungane utført i vinyl-vekk-stickers limt over skilta på døra...



I tillegg kjøpte eg to sett med tre knaggar til kr 29,- pr sett, eit bilderamme dekorert i Elsa Beskow-Putte i blåbærskogen-stil med plass til to bilder og med den fine prisen 29,-.

Må forresten legge til at eg måtte bytte inn den fiine, fiine såpedispensaren eg kjøpte der for litt sidan, laga av klart glass og børsta stål. Metallet reagerte nemmeleg med såpe (!!!) og eira noko grådig, og det var visst slik med alle dispensarane - og ikkje berre min som eg hadde håpa på. (Alle som har kjøpt slike kan utan vanskar få pengane tilbake eller tilgodelapp!) Dermed vart det ikkje ny fiin såpedispensar på meg, men tilgodelapp, så eg hadde ikkje mindre enn 700,- å "gratis-handle" for til saman.. LOVE IT!

Dei har fått inn mykje fine, nye varer der no, og holdt enda på å pakke ut når eg var der, så eg drøyer litt før eg reiser ned og snopar meir.. Men har peila meg ut eit flott trebilde med ein skjønn tekst som eg har lyst på, så kanskje kanskje vert det eit slikt om ikkje dei pakkar ut noko enda kjekkare dei næraste dagane :)

Forrige helg kjøpte eg dette store, flotte lysfatet på Skeidar til spottpris (170 pga ein liten bulk):

...har planar om at dette skal bli eit lite "bord",
plassert oppå ein nett amerikakoffert eller
eit par gamle skinnkoffertar lagt i stabel...
Får sjå når vi er vel inne i Villa Neset!

...og dessutan har dei fine bokstavar til 19,- pr stk hos Skeidar, så eg kjøpte S for søskenkjærleik, og plasserte den ved sidan av dette herlege bildet (om eg kan sei det sjølv) av godungane mine:



Ynskjer deg ein fortsatt fin fredag!


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...