Showing posts with label sommar. Show all posts
Showing posts with label sommar. Show all posts

Friday, July 8, 2011

Sporlause handlingar

Når ein trudde det skulle skje så lite (ja, for ein har jo ferie), så jammen skjer det allikevel eitt eller anna heile tida. Utan at det viser det grann av det når dagen er omme... Å ha to "små" gåande heime er ikkje lite. Å ha ei mormor gåander heime er ikkje lite, sjølv om ho absolutt ikkje er frykteleg bråkete eller stor av vekst. Og å vere kaninbønder er faktisk ikkje så reint lite det heller... Vi er eit stort nok antal skapnader til å lage nok å gjere på i feriekvardagen. Men altså utan at det viser att når dagane er omme.


Men det er berre det, at eg trudde eg skulle få gjort så mykje. Lage og få sendt avgårde minnebøker frå livet i Nattland Studentby, til gode naboar som vi saknar sjølv om vi har det veldig fint her vi bur no også. Gå gjennom bryllaupshelsingane og -gåvene som står lagra "rundt om kring", fordi vårt eige hus ikkje er ferdig enda. Smekke saman ein kaninvilla på null komma svisj. Vere supermamma for dei to håpefulle som stadig lurer på om det ikkje skal bli sommar snart, fordi det er så kjedelig å ha ferie når det (nesten) berre regnar... Bli flinkare å oppdatere bloggen kvar dag igjen, og ein heil mykje meir anna også..



Det vi altså har gjort, er å lage halvferdig kaninhuset - ja for noko villa kan det ikkje seiast å vere (enda i alle fall). Ny dør har vi laga også, men eg er ingen arkitekt eller ingeniør eller noko som helst, og det fann mannen raskt ut når den skulle monterast. Vi må kort sagt lage ei ny. Sånn ellers er vi hushjelp og hjelpepleiar for mormor. Litt i alle fall. Så kosar vi med kaniner. Vi kosar veldig mykje - dei er jo så søte og mjuke og gode! Så blæs vi såpebobler. Vi har eit lass av små såpebobleflasker etter bryllaupet som må brukast opp nemmeleg. Og dessutan har vi laga eit lass med papirfly, papirhattar og papirbåtar. Mormor er tom for reklameaviser og notatblokkark. For så mange papirfly, papirhattar og papirbåtar har vi laga.

Og så har vi ete is og drukke festdrikk - også kalla Snurrebass i bryllaupsbaren:

1cl curacao tripple sec - monin sirup (eller korleis det skrivast)
1cl pasjonsfrukt - monin sirup
halvt glas appelsin- eller annanasjus
halvt glas sprite

(voksenvarianten inneheld også 4cl lys rom eller vodka når det er voksenfest)



Og her i dag vart det fint veir. Nydeleg å vere ute for både folk og kaniner. Så då gjorde vi i alle fall ikkje noko. Samtidig så skjer det noko heile tida allikevel. Utan at det set nevneverdig av synlege spor. Eller vent, vi tok lavendel-fotbad med påfølgande fotpleie, mormor og eg. Neglelakken som vi la på viser jo igjen, så litt spor etter dagens gjeremål har vi då i alle fall.. I tillegg til tom aviskorg og notatblokk (kva kallar ein ei tom notatblokk forresten, for ei blokk er det i alle fall ikkje!? Det får vere dagens grublis!)...



..sit på feil data og skriv innlegg i kveld, så difor er ikkje bilda redigerte..
Om ikkje eg er for oppteken med å gjere ingenting dei neste dagane også,
så vert bilda redigert og lagt ut på nytt seinare ;)

Thursday, April 7, 2011

Smak av sommar

I dag dumpa siste nummer av BONYTT ned i postkassa vår, med overskrifter som "Se våre vårlige hjem", "Årets hagemøbler" og "Interiørarkitektene slippes løs i hagen". Eg har ikkje åpna magasinet enda. Berre kosa meg med å kaste eit skråblikk bort på coveret no og då, og lengte. Lengte fordi eg ikkje orker tanken på å strekke ut armen. For ja - I dag er det vesentleg meir pain enn i går. Sånn til informasjon...

♥ ♥ ♥ *♥* ♥ ♥ ♥

Difor har eg unna meg ti nye fregner i ansiktet i dag. Èi fregne for kvart minutt i solariumet. Tre kroner stykket. Billegare enn dei tre eg samla i går. Dei kom på sju kroner stykket. Heldigvis kjem dei fortare etterkvart som huda vert meir vant med å få sol på seg, slik at stykkprisen går ned. For brune flekkar er jo tross alt bedre enn ingenting brunt i det heile. Allikevel synest eg ikkje at ei fregne burde koste meir enn max 30øre stykket, og til og med det er litt i overkant. Spesielt med tanke på at eg er student. Det burde vore studentrabatt på fregner. Eller momsrabatt, som dei har på sunne saker på Kiwi. Jordbær for eksempel.

(Gammalt bilde av fjorårets jordbæravling)

Vi hadde jordbær til dessert. Faktisk hadde vi jordbær og pærer. Måtte ha to ulike frukter, for vi har jo to barn. To hjelpevillige barn, som begge ville kutte opp. Difor ein fruktsort på kvar. Det er kjekt med hjelpevillige, ivrige små kokkehender


Godt var det også. Det smakte sommar. Modne, saftige jordbær og solvarm fregnehud - det er sjølvaste sommaren det.. Når sommaren er her er jordbæra enda bedre - dei norske jordbæra. Då er også fregnene billigare. Faktisk heilt gratis. Det skal bli herleg ♥



Tuesday, March 22, 2011

Ville vårteikn

På veg heim frå skulen i dag, såg eg årets første utsprungne krokus. "Endeleg" tenkte eg "no må no vel våren vere komen?" Det har vore fleire av typen lure-vår den siste tida. Så eg kjenner meg etterkvart litt skeptisk. Strålande sol, knopper på trea og spirer av allslags sortar rundt om kring i grøftene. Men så, like etter har kong vinter lagt det kvite snøteppet over verda igjen, så knoppar og spirer krymper seg. Då har det vore fint med påskelilje-vår innandørs i småpotter. 

Forresten - er det vanleg at det kjem to blomsterhovud opp av ein stilk?
Eg har aldri sett slikt før, så eg syntest det var særdeles artig
å oppdage denne siamesiske påskelilja i dag! 

Etter at denne siamesiske tvilling-blomsten var oppdaga, så oppdaga eg enda eit vårteikn. Inne i leilegheita. Det var ein liten og så til dei grader levande krabat. Lysebrun og lett pelskledd. (Eg har sett nærbilder av slike som denne, så pelskledd veit eg at han var, utan å ta han i nærare augesyn!) Han reiste seg opp på bakbeina, gjorde seg klar til angrep. Han fekk meg til å tenke på Goliat, og eg kjende meg som David, der vi stod ansikt til ansikt. Eg såg på han og han såg på meg. Han tok eitt skritt nærare og eg rygga eitt skritt lenger bakover. Det var like før sveitten pipla fram i panna på meg. Eg trengde ein utveg, men eg kunne ikkje vise meg svak og liksom servere han høve til å gå til angrep. Så eg opprettholdt augekontakta, medan tankane kverna rundt i hovudet på meg.


Og så, som sendt frå øvre makter, braste mannen, min helt og redningsmann inn døra. "Hjeeelp meg! Eg er her inne!!!" Eg holdt framleis augekontakt med monsteret. "Ka er det som skjer?" spurte mannen lettare forskrekka, umiddelbart etter å ha høyrt mitt redselsfulle utrop. "Ta han! Han står der. På veggen!". "Kor?" spurte mannen medan han i realiteten stod 20 ørsmå centimeter frå å bli slukt levande. "Han er DER! Rett framfor nasa di, med frambeina høgt heva - klar til å angripe!!!" 


"Næmmen sjå der du" smilte mannen. Han plukka utysket opp med to varsomme fingre, lot eklingen spasere rundt i handflata medan han nynna stille på Lille Petter Edderkopp, og etterkvart lot dyret fire seg sjølv sakte ned i doskåla. Lille Petter fekk ikkje tid til å forsere vasskorpa i porselenet før eg drog i snora, og dermed sørga for at Grufulle Petter fekk ein svømmetur han seint vil gløyme. "In your face Petter-boy!" tenkte eg triumferande før neste tanke slo meg - Det er ikkje berre ein dans på roser med vår og sommar heller. Vinteren har heilt klart sine fordelar den og, sjølv om det kan late til at dei aller fleste er mektig lei han no etter kvart...     


Min mann er ikkje berre god på å redde meg frå edderkopp-sjebnar. Han er også god på å hjelpe meg å binde bjørkehjerter. Det gjorde vi i helga. Eg trur kanskje det var i samband med det at Lille Petter og i alle fall to til frå hans omgongskrets flytta inn - dette var nemmeleg Petter nummer 3 på like mange dagar :S Eg trur eg hadde likt bedre å ha augestikkarar innandørs!? I alle fall liker eg desse augestikkarane, på den fine nye koppen min. Den gir meg langt bedre sommer-assosiasjoner enn kva Petter og hans vener gjer ;)



Tuesday, March 15, 2011

Smak av sommar

Ååå kor eg kosa meg når eg gikk gjennom bildebanken til Bohus!! "Den vil eg ha, sånn vil eg ha, og åååååå... Sånn skal eg ha! Knut, sjå! Den skal vi ha, saant??" Knut nikka, men eg hørte at lommeboka krympa seg nede på kommoden i gangen... Stipendet har nett komt på konto, så den er etter måten full, men det betyr allikevel ikkje at den faktisk er full. Kan ein konto bli full forresten?

...noko å tenke på...

Ein dag skal eg kunne sitte på ei lita brygge nede ved naustet, med beina til avkjøling i salt sjø, medan eg kosar meg med eit kaldt glas heimelaga saft av bær frå eigen kjøkkenhage. Men i sommar "nøyer" eg meg med å sitte på svaberget, med beina til avkjøling i salt sjø, medan eg kosar meg med... noko kjøpt...


Kanskje kunne ein laga slike skjønne spisebrikker sjølv. Trur kanskje til og med at eg kunne klart det. Men det spørst om det ikkje hadde blitt liggande halvferdig... Eg las ein plass om ei som samla alle sine halvferdige handarbeid i ei korg og hadde denne til pynt. Ho meinte at halvferdig handarbeid er estetisk i all si ufullstendigheit. Sånne saker burde eg sjå det estetiske i også. Knut óg forresten..


I fjor sommar lagde eg nokre gamle eplekasser om til ein krydderhage. Relativt vellykka prosjekt. Det vil sei - det vart ikkje ståande halvferdig. Håper det er liv i kassane i år, når vi kjem heim nærare våren. Eg liker gamle kasser, og eg liker nye kasser som ser ut som dei er gamle. Ei kasse som denne har eg lyst å brukte til oppbevaring av eit utval av interiørblada våre.. Eg kunne hatt mange slike kasser som denne, i ulike størrelsar til ulike formål. Så godt liker eg sånne "gamle" trekasser.


Vi har mata fuglane i vinter. Dei er ikkje like interesserte lenger. Meisebollane heng lenge utan å sjå ut til å minke noko særleg. Det må då vel vere eit sikkert teikn på at no er det endeleg vår i gjære? Sjølv om pippen på bildet nedanfor ikkje et stort, så var han allikevel skjønn. Ikkje vekker han morgongretne natteranglarar alt for tidleg om morgonen heller, med overivrig fuglekvitter før sola er oppe. Eg liker fuglekvitter altså, men eg kunne likt stille-fuglar også!


..Og med ei dagseng i hagen hadde sjølv den morgongretne ikkje brydd seg om å bli vekt tidleg av fuglekvitter!? Sommarfuglar er det neste store virkar det som. Eg er ikkje lei meg for det. Sommarfuglar er nydelege - og tek seg like godt ut som motiv på tekstilar og bilder som dei gjere i levande livet.


..og dette var berre ein brøkdel av det som var å sjå blant varene som kjem hos Bohus; ein del av min utvalde brøkdel.. Tenker å lage meg ein liten uteinteriørcollage med hagemøblar eg helst ser føre meg på plattingen utanfor spisestova vår.. Men det var så mykje fint å finne av interiør og bilder, at noko rett og slett berre må sparast. Og dessuten: no er det kvelden her Heime hos Oss ;)
 




PS: Du har sikkert skjønt det, men alle bilda er altså lånt av Bohus ;)
...eg har berre laga shabby-kantar på dei, i tråd med dei fleste andre av bilda som eg legg ut her...

Wednesday, September 1, 2010

Fotokonkurranse

Etter oppfordring frå Besta, som syntest dette sommarbildet av eldste bornebornet sitt var så fint, så sendte eg det inn til ein fotokonkurranse.



Vinnaren av fotokonkurransen vert avgjort av dine stemmer, så vert glad dersom du vil stemme på dette sommerbildeminnet vårt ;) ..kanskje har du til og med eit eige fint sommarbilde som du kan delta i konkurransen med?

Klikk på bildet ovanfor, så kjem du rett til konkurransesida og kan stemme på oss.. eller laste opp ditt eige bilde :)

Monday, July 12, 2010

Sommarteikn

Her på Vestlandet er det i grunn ikkje så mykje som minner om sommar for tida..
Skiftande skydekke, med mest grått å sjå i det store og heile, ein del våte drypp og merkbart med vind. Kort oppsummert følest det tidvis meir som ein varm haust enn som ein sommar.
Allikevel, visst ein berre ser godt etter, så kan ein finne små teikn som varmar hjertet medan sola gøymer seg bak grå skyer:



Dette bildet knipsa min kjære på terassen utanfor leiligheita vår. Vel er dei ikkje heilt modne enda, men det er jammen ikkje lenge til vi kan prøvesmake dei første, "eigenproduserte" jordbæra for i år. Å, kor eg gledar meg! Eg har alt tjuvstarta på sesongen, med nokre neeesten modna blåbær i lyngen like ved huset vårt. Og bæra var bra søte til enda ikkje å være heilt modna. Eg gleeer meg til vi verkeleg kan fråtse og nyte fruktene av naturen når sommaren er på hell og sola har fått virke mykje og godt nok til at det faktisk er noko å hauste! Life's sweet <3
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...