Showing posts with label barnerom. Show all posts
Showing posts with label barnerom. Show all posts

Monday, May 23, 2011

Blomsteralvar til barnerommet

Er det berre meg, eller er det fleire av oss,
som er forelska i desse nyydelege blomsteralvane?


Eg vart så glad då eg fann desse bilda
(eigentleg A5-store kort), på Traktøren i dag.

For det er ikkje lenge sidan eg kjøpte ei bilderamme,
og tre søte, små knaggar på Kremmerhuset:


Perfect match!

Desse, saman med bilda over kledd i glas og ramme, 
skal få pynte eventyrrommet til vårt vesle Dunder ♥

..Og så har eg så lyst på nokre slike fine dyrefigurar,
som dei sel på Nille for tida;
Ekkorn, kanin, pinnsvin og ein liten spurv,
til å matche Bambi-lampa eg nemnde for litt sidan..

Gler meg til å innreie kvar sitt barnerom til trolla våre!

Det eg eigentleg skulle hos Traktøren forresten,
var å kjøpe lilla konditorfarge frå Wilton.
Eg treng det til kakepynten til bryllaupet...
Men verken Traktøren, Jernia eller Hobby-butikken
hadde lillafarge inne. Kva skjer!?

..det er vel berre å leite videre...





Monday, April 4, 2011

Blåmandag?


Ikkje for å klage, men første dag etter ei loppishelg kjennest verkeleg ut som ein blåmandag. Eit lite antiklimaks heilt enkelt. Kva skal eg gjere no, når eg ikkje kan sjå etter gamle, og hittil degraderte, vekkgøymde skattar? Hadde eg hatt plassen og utstyret umiddelbart tilgjengeleg så er eg ikkje i tvil om at kista vi fann og kjøpte på laurdag skulle fått sett starten på sitt nye liv. Men verken plass eller utsyr er å oppdrive nett no.


Men, om ikkje pussemaskina får svinge seg i dag, så kan i alle fall symaskina svinge seg i valsen. Så vert det noko av nokon av loppene mine i dag allikevel. Kanskje kan det bli noko til Raudhette-rommet til vårt vesle dunder..



Jo, mandag er ein fin-fin dag ♥, for å bruke ei vending som vårt velse dunder sitt store, oransje idol Fantorangen ville brukt.



Friday, April 1, 2011

Jungelfeber

NIB si utfordring denne månaden er å vise fram ting ein har laga sjølv. Eg likar å lage saker og ting, og gjer det relativt ofte. Syr, snekrar litt, pusser opp og denslags... Men når det skal trekkast fram éin spesiell ting, som eg med glede viser fram, så må det bli jungelborneromsprosjektet vårt. Dessverre er det ikkje oppe no på grunn av plassmangel, og bilda vi har teke av spesielt senga er ikkje noko å skryte av. Dermed får det rekke med eitt detaljbilde av den. Det siste og største jungeltilskuddet har vi derimot bedre bilde av... Ein elefant!

  

Den gong då storebror enda ikkje var blitt storebror, og hadde heile det vesle soverommet i studentleilegheita for seg sjølv, då hadde han ein heil liten jungel der nede. Pappa snekra køyseng spesielt tilpassa det vesle rommet, og mamma sydde lianer. Underkøya vart vesle storebror sin fristad i form av ei heilt privat løvehole...


Lianene er kjapt maskinsydd, vrengt (langtekkeleg del av prosessen) og sidan sydd fast til ei laaang remse av borrelås. Den andre borrelåsdelen er stifta fast til innsida av den øverste køysenga. Slik er det lett å ta av og på lianene dersom det skulle vere naudsynt, med tanke på vask eller eventuelt dersom senga skal lånast ut til vaksne gjester som ikkje synest det er like staseleg å sove i ei lianedekt løvehole...


Og elefanten? Einkvar jungelkonge med respekt for seg sjølv nyttar jungelens deisdert største dyr, elefanten som transportmiddel. Difor snekra vi ein gyngeelefant og bøgde til meiar, alt av kryssfinér - med kosteskaft til handtak. Vi limte, skrudde, sparkla, spraymalte og detaljdekorerte til slutt med tynn pensel. Til hale brukte vi tjukt, naturfarga hamp. Det er kjekt å legge eiga bornlege sjel i innreiinga av eit leikent bornerom! Og det er kjekt med varige leikar som er heilt unike og personlege.


Av anna nemneverdig "tilbehøyr" på jungelrommet kan eg nemne skilpaddesakkosekk - skilpadda var kjøpt hos IKEA, men sakkosekkposen med fyll sydde eg sjølv, ettersom IKEA kun hadde luftpute som dei solgte ved sidan av. Elles er WheelyBugs kjekke, plassvenlege til små golvflater, og ikkje minst så er dei inspirert av dyreverda. Vi har ei marihøne. Løvehola vart forøvrig vokta av intet mindre enn ei løve. Eg er usikker på om dei sel dette enda, men den gong då hadde dei i alle fall løveteppe i fleece på IKEA - og det passa oss og løvehola midt i blinken! Og så hadde vi sjølvsagt eit utval andre jungeldyr i plysj; apekatt, krokodille, flodhest og sikkert meir til.. Eg gler meg til vi kan ordne i stand eit jungelrom igjen, men det må nok vente til huset er klart og ungane kan få kvar sine rom med god plass..  



Tuesday, March 29, 2011

Meir til jenterommet

Vårt vesle dunder er etter alt å dømme like godt nøgd med fluesoppsaker, som er innkjøpt til rommet hennar, som det eg er. Det vil sei, ho likte fluesoppkrakken ho fekk frå Kremmerhuset. Og indirekte har ho dermed sagt seg einig i eit rom prega av skog, eventyr og Raudhette spesielt.


Trykk på collagen for å komme til innlegget
med spesifikasjonar om produkta/bilda.

Yngstetanta har hjelpt litt til, utan at det var tilsikta med tanke på tema. Då ho var på jentetur til Oslo i vinterferien, gjekk ho nemmeleg til innkjøp av nokre skjønne keramikkskåler frå Søstrene Grene.

Ei nydeleg muffinsskål med lokk, og to herlege kakestykkeskåler med lokk. Desse passer perfekt til Raudhette som skal til Bestemor med blant anna kaker i korga. Ei muffinssparebøsse, som er å få tak i hos KidsParadise - som bildet under er henta frå, ville komplimentert Søstrene Grenes fine skåler og temaet vårt perfekt!



Sengehimlingar har eg oftast komme over i duse pastellar, og aller helst rosa i så måte. Då var det veldig kjekt å finne denne, som er pynta med grønt og raudt på det kvite stoffet. Den tek opp at alle dei tre hovudfargane i temaet for rommet. Teppet som ligg på golvet her hadde heller ikkje vore å forakte - men når ikkje KidsParadise har det i sortimentet sitt, kvar skal ein leite då? Har du sett eit slikt gras-aktig teppe nokon stad?

(Bilde frå KidsParadise)

Mormor, eller eigentleg oldemor, traff også blink med ei gåve til snuppa. Ho fekk dette nydelege mini porselenserviset i raudt med kvite prikkar. Det er ei viss fare for at ho eigentleg ikkje er stor nok til å leike med slikt, med sine to og eit halvt år, for to av delane har gått i golvet og knust. Heldigvis ikkje verre enn at det er mogeleg å lime dei i hop att, men allikevel... Godt at det går an å kjøpe nytt i gåve når ho blir litt eldre, for dei har nemmeleg settet i sortimentet sitt på Brio!


Prikken over i'en i Raudhette-temaet, må vel bli å kunne pryde senga med dyne og pute kledd i dette sengesettet frå ByNord? Love it!





PS: Har planar om ei opprydding i etikettane mine her inne, så det vert enklare å navigere seg rundt i tidlegare postar, har du gode tips vert eg (som alltid) ikkje lei meg ;)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...