Showing posts with label konkurranse. Show all posts
Showing posts with label konkurranse. Show all posts

Thursday, March 24, 2011

Lyst på ny solhatt?

Medan ein ventar på forelesing og lengtar etter varme tider, så er det lett for å havne på ei god surfebølge på den store verdsveven... I dag endte det på Libero sine sider, som ved eit vindkast som brått bestemde seg for å skifte retning.

Kvifor ikkje "designe" solhattar til born når ein ikkje har anna å gjere?
..eller... anna som ein vil gjere i alle fall..?

Dårleg bilde, men det gir eit visst inntrykk i alle fall..

Fikk ein hyggeleg kommentar på mine raude støvlar i dag, så då vart det raud solhatt :D
Det passar jo fint til både jente og gutt også, og det må vel vere eit poeng?

Visst du vil og har tid, så kan du gje den ei stemme! Det gjer du ved å trykke på "tommelen opp"-bildet her i innlegget, så kjem det opp ei side der du kan trykke på den ekte "tommelen opp"-knappen og verkeleg gje hatten ei stemme.. Enkelt og fort gjort ;)


Den som ledar akkurat no har "berre" litt over 60 stemmer, så det kan tenkast at det er mogeleg å nå dit sjølv? Uansett treng den "berre" komme opp blant topp10 for å bli vurdert av jurien og sett i produksjon. Og dersom min raude solhatt, med kjærlege små gakk-gakkar på, vert sett i produksjon, så trekk eg ut 3 vinnarar av dei som har stemt som får ein solhatt i posten ;)
Ein kan stemme heilt fram til den 26. april kl 09:00 :)

Hugs å kommentere under dette innlegget etter at du har stemt, så finner eg deg igjen! Legg ved e-postadressa di dersom du ikkje har eigen blogg.










...med eller utan solhatt...

Wednesday, September 1, 2010

Fotokonkurranse

Etter oppfordring frå Besta, som syntest dette sommarbildet av eldste bornebornet sitt var så fint, så sendte eg det inn til ein fotokonkurranse.



Vinnaren av fotokonkurransen vert avgjort av dine stemmer, så vert glad dersom du vil stemme på dette sommerbildeminnet vårt ;) ..kanskje har du til og med eit eige fint sommarbilde som du kan delta i konkurransen med?

Klikk på bildet ovanfor, så kjem du rett til konkurransesida og kan stemme på oss.. eller laste opp ditt eige bilde :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...