Showing posts with label foto. Show all posts
Showing posts with label foto. Show all posts

Monday, March 21, 2011

Bokstavleg talt

Bokstavar er og har lenge vore heite saker i interiørverda. No har NIB ei bokstav-utfordring: Vis fram dine bokstavar i interiøret!

Det er ikkje mange av dei Heime hos Oss, men dei vi har har ei mening, eller dannar ord som er viktige for oss. Kvalitet framfor kvantitet. Meiningsinnhald framfor mote. Dei av våre interiørbokstavar som eg liker best er &'en bak WillowTree-figuren som var ei gåve til oss, frå oss sjølve, står det ein &. Eg & du. Du & eg. Oss to. Kjærleik. ..ja, og så S'en ved sidan av søskenbildet av våre to små. S for søskenkjærleik:


I kjøkkenvindauget står ordet FAMILIE skrive med små bokstavar frå BlackDesign - sjå bloggheaderen min for bilde ;) Familie er det viktigaste. Det er grunnfjellet i tilværet. Utan familien er eg lite og ingenting. 

(Det er altså desse bokstavane som er i headeren min ;)

I ei av hyllene i vitrineskapet (som burde vore malt) i stova, har eg satt opp eit familiebilde og eit søskenbilde av våre småtroll. Mellom bilda har vi skrive LYKKE, også med små bokstavar frå BlackDesign. Bak ordet har eg sett eit (smykke)tre frå Åhlens - i svart for å kommunisere med rammene, slik dei kvite bokstavane kommuniserer med passepartout og bakgrunn i bilda. Treet symboliserer vekst. "Må lykka gro som graset bak (ute)do" ;) 


Eg håpar på fleire, større og meir industriaktige bokstavar (eventuelt kun i eintal), i huset når vi omsider kjem så langt at vi flyttar inn. Eg er nemmeleg ikkje lei bokstavar og ord i interiøret ;)


Friday, February 11, 2011

Å handle utan å betale

No kan det høyrast ut som at eg har havna i feil spor, men det kan eg med handa på hjertet avkrefte. Eg føler tvert i mot at dette er den riktige vegen å gå.

I dag har eg handla med gåvekort - snille husbonden min fekk eit gåvekort på 500,- hos Kremmerhuset for å svare på "nokre" spørreundersøkingar. Så her tidleg i veka som har vore, kom han heim med ein konvolutt adressert til meg. "Ver så god. Eg tenkte Kremmerhuset var ein grei butikk for deg å få eit gåvekort i?" Han hadde heilt rett, det er Perfekt!

Så i dag, på ein herleg ekstra fridag, reiste eg og ei venninne til byn. Mine einaste, kjempekjekke ærend var altså å handle utan å eigentleg betale på Kremmerhuset (altså med gåvekort), og å skaffe katalogar og lister til å potensielt føre opp ynskjelister til bryllaupet. Kvelden i kveld kjem med andre ord til å gå med til å velge ut kva butikkar vi skal ha ynskjeliste hos... Kjekt det!

Men tilbake til gratis-handlingsen i dag. Synest forresten eg fekk myykje for pengane - og enda har eg halve gåvekortet til gode!

Ei fin shabby-byste til 49,-


Eg er framleis glad i fattigmannssølv,
og denne skjønne vasen koster 59,- til fullpris


Eit lite Velkommen-skilt utført i tre,
til 49,- blanke myntar...


Endeleg har nokon tatt inn slike stålskeier
som eg lenge har leita etter!!!
Kjøpte 3 stykker, så eg har éi til mjølkrukka og éi til sukkerkrukka også.
(39,- pr stk)

Er det berre meg, eller gjer dei assosiasjonar til
smågodthandling på nærbutikken for 20 år sidan?


Desse skjønne barnerom-skilta koster 39,- pr stk (truur eg..),
og eg gler meg til dei skal få pryde kvar si dør Heime hos Oss i Villa Neset!
...ser for meg at namna til ungane utført i vinyl-vekk-stickers limt over skilta på døra...



I tillegg kjøpte eg to sett med tre knaggar til kr 29,- pr sett, eit bilderamme dekorert i Elsa Beskow-Putte i blåbærskogen-stil med plass til to bilder og med den fine prisen 29,-.

Må forresten legge til at eg måtte bytte inn den fiine, fiine såpedispensaren eg kjøpte der for litt sidan, laga av klart glass og børsta stål. Metallet reagerte nemmeleg med såpe (!!!) og eira noko grådig, og det var visst slik med alle dispensarane - og ikkje berre min som eg hadde håpa på. (Alle som har kjøpt slike kan utan vanskar få pengane tilbake eller tilgodelapp!) Dermed vart det ikkje ny fiin såpedispensar på meg, men tilgodelapp, så eg hadde ikkje mindre enn 700,- å "gratis-handle" for til saman.. LOVE IT!

Dei har fått inn mykje fine, nye varer der no, og holdt enda på å pakke ut når eg var der, så eg drøyer litt før eg reiser ned og snopar meir.. Men har peila meg ut eit flott trebilde med ein skjønn tekst som eg har lyst på, så kanskje kanskje vert det eit slikt om ikkje dei pakkar ut noko enda kjekkare dei næraste dagane :)

Forrige helg kjøpte eg dette store, flotte lysfatet på Skeidar til spottpris (170 pga ein liten bulk):

...har planar om at dette skal bli eit lite "bord",
plassert oppå ein nett amerikakoffert eller
eit par gamle skinnkoffertar lagt i stabel...
Får sjå når vi er vel inne i Villa Neset!

...og dessutan har dei fine bokstavar til 19,- pr stk hos Skeidar, så eg kjøpte S for søskenkjærleik, og plasserte den ved sidan av dette herlege bildet (om eg kan sei det sjølv) av godungane mine:



Ynskjer deg ein fortsatt fin fredag!


Tuesday, December 7, 2010

Julekort - sparetips

Dersom ein har for vane å sende ut julekort til slekt og vener i stort fleirtal, og likar å drive med digitalscrapping (bilderedigering - gjerne ved hjelp av enkle, gratis nedlastbare redigeringsprogram som til dømes PhotoScape), så kan ein spare ein del pengar.


Alternativet er å nytte "Lag sjølv"-julekort hos Posten, FotoKnudsen, JapanPhoto eller andre som leverar tilsvarande tenestar. Men uansett kven ein vel av sistnemnde eller deira konkurrentar, så vert det utvilsomt billegare å gjere det heilt sjølv. Og når ein berre har sett seg litt inn i redigeringsprogramma, så tek det neimmen ikkje stort lengre tid å gjere det sjølv eller via fotoleverandørane sine program.. 


Dersom du til slutt nyttar Elkjøp Fotoservice sitt gratisprogram (Cewe) for å laste opp og kjøpe kopiar av dine sjølvdesigna julekort, så kan du enkelt kvalitetssikre at utsnitta vert slik du har tenkt, eller eventuelt tilpasse utsnittet manuelt dersom du har laga det i "feil" format når du har redigert det ;)


Ein kjapp gjennomgang av ein potensiell framgongsmåte;

1. Finn (og evt last ned) ein fin bakgrunn til julekortet
2. Rediger bakgrunnsbildet med tanke på evt ramme, fargejustering og anna
3. Finn eit eller fleire fine bilder/motiv
4. Rediger bilda med evt ramme, fargejustering og anna om ynskjeleg
5. Plasser bilda på bakgrunnen
6. Vel ut og skriv inn ein fin tekst, ei julehelsing eller anna

NB: Hugs å tenkje på vanleg foto-storleik når du planlegg og komponerar julekortet (9x13/10x13, 10x15 eller anna fomat som fotoleverandøren din tilbyr ;) 




Wednesday, September 1, 2010

Fotokonkurranse

Etter oppfordring frå Besta, som syntest dette sommarbildet av eldste bornebornet sitt var så fint, så sendte eg det inn til ein fotokonkurranse.



Vinnaren av fotokonkurransen vert avgjort av dine stemmer, så vert glad dersom du vil stemme på dette sommerbildeminnet vårt ;) ..kanskje har du til og med eit eige fint sommarbilde som du kan delta i konkurransen med?

Klikk på bildet ovanfor, så kjem du rett til konkurransesida og kan stemme på oss.. eller laste opp ditt eige bilde :)

Sunday, June 20, 2010

Når eg får veggplass

Då skal eg ha minst eitt av fotografia til Tarjei Langeland på veggen!
Dei er mildt sagt vakre, og eg vart rett og slett bergtatt av nokre av dei...

Du kan sjå tre av dei i Det kunstneriske hjørnet mitt, der ser du og kva for eitt av dei som er min favoritt.
Gler meg til å sjå fleire bilder av han, kanskje får eg ein ny favoritt som er teke i Florø? Eller kanskje i Brandsøya? :) Men foreløbig nyyyter eg bilda frå CapeTown ;)

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...