Showing posts with label gratis. Show all posts
Showing posts with label gratis. Show all posts

Tuesday, December 7, 2010

Julekort - sparetips

Dersom ein har for vane å sende ut julekort til slekt og vener i stort fleirtal, og likar å drive med digitalscrapping (bilderedigering - gjerne ved hjelp av enkle, gratis nedlastbare redigeringsprogram som til dømes PhotoScape), så kan ein spare ein del pengar.


Alternativet er å nytte "Lag sjølv"-julekort hos Posten, FotoKnudsen, JapanPhoto eller andre som leverar tilsvarande tenestar. Men uansett kven ein vel av sistnemnde eller deira konkurrentar, så vert det utvilsomt billegare å gjere det heilt sjølv. Og når ein berre har sett seg litt inn i redigeringsprogramma, så tek det neimmen ikkje stort lengre tid å gjere det sjølv eller via fotoleverandørane sine program.. 


Dersom du til slutt nyttar Elkjøp Fotoservice sitt gratisprogram (Cewe) for å laste opp og kjøpe kopiar av dine sjølvdesigna julekort, så kan du enkelt kvalitetssikre at utsnitta vert slik du har tenkt, eller eventuelt tilpasse utsnittet manuelt dersom du har laga det i "feil" format når du har redigert det ;)


Ein kjapp gjennomgang av ein potensiell framgongsmåte;

1. Finn (og evt last ned) ein fin bakgrunn til julekortet
2. Rediger bakgrunnsbildet med tanke på evt ramme, fargejustering og anna
3. Finn eit eller fleire fine bilder/motiv
4. Rediger bilda med evt ramme, fargejustering og anna om ynskjeleg
5. Plasser bilda på bakgrunnen
6. Vel ut og skriv inn ein fin tekst, ei julehelsing eller anna

NB: Hugs å tenkje på vanleg foto-storleik når du planlegg og komponerar julekortet (9x13/10x13, 10x15 eller anna fomat som fotoleverandøren din tilbyr ;) 




Saturday, December 4, 2010

Spredning av julelukt

...frå her HeimehosOss til heimen til Ruth Helene, Silje Amalie og Ingsybings, blir det med andre ord sendt Iselin si heimelaga julerøykelseblanding :) Desse, henholdsvis deltakar nummer 1, 8 og 6, var nemmeleg vinnarane av Jule-GiveAway'en min - bestemde av Random.org som (åpenbart) trekk tilfeldige tall mellom to gitte tal. Ein heilt uavhengig og upartisk trekkeansvarlig med andre ord ;)

Gratulerer :)

...og mamma, som ikkje vart trekt ut som vinnar,
får sjølvsagt julelukt allikevel ;) hehe :)

No ventar eg berre på adressene dykkar, så vert røykelsen sendt med posten :)
De kan sende postadressa på mail; iselin_ytre_hauge@yahoo.no :)

   

Tuesday, November 30, 2010

Eg gjer vekk litt julestemning

Juleklisjéen, men som trass i at den kanskje er ein klisjé faktisk stemmer, heiter at det finaste med jula er ikkje sjølv å få, men å kunne gje. Eg elsker å ha mogelegheita til å gje gåver til dei som står meg nærme, og eg elsker å ha mogelegheita til å legge gåver under treet til Frelsesarmeen, til dei som sjølv ikkje har det like godt økonomisk og sosialt som vi har. Det er ikkje mindre enn eit stort privelegie og ei glede, som dessverre ikkje er alle forunt å ha mogelegheita til sjølv i verdas rikaste land...


Vel er ikkje dette eg har å gje eventuelle lesarar av bloggen, men det er då noko. Og i alle fall er det noko som eg sjølv likar godt, og for meg sjølv dreier det seg om julestemning i duftform. Kanskje vekker mi personlege julerøykelsesblanding julestemninga i deg óg? Har du lyst å gje røykelsen ein sjanse, så er alt du treng gjere å legge att ein kommentar under dette innlegget. Hugs å skrive e-posten din, slik at eg kan få kontakta deg for å sende røykelsen i posten dersom du er ein av dei som vert trekt ut ;)

Merk: Det er berre hyggeleg om du vil låne bildet ovanfor og linke til dette innlegget i din eigen blogg ;) Legg då gjerne ved link til dn eigen blogg i kommentaren, så eg lett kan "komme på besøk" i din blogg også :)

Eg trekker 3 vinnarar som kvar får éin pakke á 25gr julerøykelse, til bruk i duftolje- og røykelsebrenner a la denne (fra boots.no):



Datoen for trekninga er 4. desember - på bursdagen min :D
*Enda ein god grunn til å feire med GiveAway* 




Lykke til! :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...