Tja, no er det ikkje blitt
fullt så gale at eg brukar shopping slik eg ellers gjerne brukar is og sjokolade (sjå føre deg
Bridget Jones??). Men kva som enn ligg bak shoppe
manien, så må Knut like fullt bære :) ..må og må... han er snill og
tilbyr seg, men håpar kanskje at eg skal vere
høfleg og takke nei når han spør om han skal ta den 4. og 5. overfylte posen, som i likheit med dei andre, bular slik at du lurer på når og ikkje
om den kjem til å sprekke.. Med det kjem eg tydelegvis
ikkje på å gjere når han er i godhjørnet og er med
å handle. Då er eg berre Glad, og
positivt innstilt til alt, inkludert hyggelege tilbod om privat "pakkesel" til mine nyinnkjøpte eigendelar :)
(Har visst satt staken opp ned når eg i hui og hast skulle ta bildet XD)
Når vi var heime i sommar gjekk vi ein tur innom Bohus, og der hadde dei "
tilfeldigvis" masse fiiint der også... :) ..for eksempel masser av "
fattigmannssølv" :) Eg liker fattigmannssølvet, akkurat som eg liker sink. Så på Bohus fant eg
trøst etter tapet av bøtta som eg (då) ikkje fekk tak i på Kremmerhuset i Førde. Det vil sei, eg kjøpte ikkje så mykje på Bohus
eigentleg. Kjøpte ein stake til kubbelys og ein holdar til telys. Begge i fattigmannssølv. Og så fant eg nokre heilt enkle, kremfarga kvardagskrus som kjem til å ta seg godt ut når eg får kjøkken med
hylle på veggen som har sånne krus-knaggar på undersida.
Det blir fint, og så med Norges-glasa mine oppå hylla :D ..
Ser det føre meg.. :)
Synest det ser ut som eit kongeleg, antikt drikkebeger :D
Eg
fant forøvrig langt meir enn det eg kjøpte, som eg vil ha men som vi ikkje har plass til så lenge leiligheita i storbyen i vest er vår heim.. Blant anna eit
fiiint glasfat med sånn kuppel (eller klokke eller kva ein kallar det), til å ha kaker eller kjeks ståande på, utan at dei blir
støv på før dei skal etast. Ikkje at kaker eller kjeks her i huset
rekker å verte nedstøva før dei blir etne, men fatet var i alle høve fint og ville presentert kjeksa godt dei
ti minuttane kjeks får vere kjeks
her i huset :)
Ellers var der et
artig baderomssett med såpedispenser, såpeholdar, tannglas (kvifor heiter det tannglas og ikkje tannbørsteglass, når ein oftast set tannbørstane oppi og ikkje tennene..?) og ikkje minst dobørsteholdar i prega metall med sirlege mønster. Eg likte
såpeholdaren i grunn, men dokostholdar i prega metall med sirlege mønster blei i alle fall
litt for mykje av det gode etter
min smak.. Finurleg baderomssett i alle fall!
Forresten hadde dei emaljert sink også, i form av ei
søt lita vasskanne meint til små
potteplantar. Kunne i grunn tenkt meg ei sånn ei, så eg burde gjerne kjøpt ei i alle fall med tanke på at den kosta
under 40,-. Men eg lurer på om kanskje ikkje dette er ein sånn greie som ser søtare ut
i butikken enn kva den ville gjort heime? ...kunne ho uansett gjort
nytte som vasskanne til inneplantane mine...
Eg får tenke på det, og når eg er ferdig å tenke så avgjer vel varebehaldninga til Bohus at eg ikkje skal ha ei sånn ei
uansett kva eg har bestemt meg for. Akkurat som reingjeringsbøtta hos Kremmerhuset (i alle fall nesten) som virka til å
ikkje ville bli mi, før eg endeleg traff blink etter
relativt lang tids leiting...
Moralen er: Det er mykje forskjellig og fint på tilbod hos Bohus om dagane.
Verdt å ta ein tur, i alle fall om du har nokon som kan bære fangsten heim
for deg! :D
...unnlot visst å fortelle om den søte skåla eg kjøpte til snuppelita, forma som ei (gyldenfarga) krone.. Er nok eigentleg ein telysholdar, men eg trur den passar perfekt som holdar til dei små prinsessesmykka hennar :D