Showing posts with label mat. Show all posts
Showing posts with label mat. Show all posts

Thursday, April 7, 2011

Smak av sommar

I dag dumpa siste nummer av BONYTT ned i postkassa vår, med overskrifter som "Se våre vårlige hjem", "Årets hagemøbler" og "Interiørarkitektene slippes løs i hagen". Eg har ikkje åpna magasinet enda. Berre kosa meg med å kaste eit skråblikk bort på coveret no og då, og lengte. Lengte fordi eg ikkje orker tanken på å strekke ut armen. For ja - I dag er det vesentleg meir pain enn i går. Sånn til informasjon...

♥ ♥ ♥ *♥* ♥ ♥ ♥

Difor har eg unna meg ti nye fregner i ansiktet i dag. Èi fregne for kvart minutt i solariumet. Tre kroner stykket. Billegare enn dei tre eg samla i går. Dei kom på sju kroner stykket. Heldigvis kjem dei fortare etterkvart som huda vert meir vant med å få sol på seg, slik at stykkprisen går ned. For brune flekkar er jo tross alt bedre enn ingenting brunt i det heile. Allikevel synest eg ikkje at ei fregne burde koste meir enn max 30øre stykket, og til og med det er litt i overkant. Spesielt med tanke på at eg er student. Det burde vore studentrabatt på fregner. Eller momsrabatt, som dei har på sunne saker på Kiwi. Jordbær for eksempel.

(Gammalt bilde av fjorårets jordbæravling)

Vi hadde jordbær til dessert. Faktisk hadde vi jordbær og pærer. Måtte ha to ulike frukter, for vi har jo to barn. To hjelpevillige barn, som begge ville kutte opp. Difor ein fruktsort på kvar. Det er kjekt med hjelpevillige, ivrige små kokkehender


Godt var det også. Det smakte sommar. Modne, saftige jordbær og solvarm fregnehud - det er sjølvaste sommaren det.. Når sommaren er her er jordbæra enda bedre - dei norske jordbæra. Då er også fregnene billigare. Faktisk heilt gratis. Det skal bli herleg ♥



Friday, March 18, 2011

4 stjerners

Medan eg sit her med føtene godt planta i eit herleg lavendelduftande fotbad, kan eg fortelle om verdas beste dessert. Luksus i eine enden får meg til å tenke på luksus i andre enden. Tydelegvis.


Har hatt ei runde med 4-stjerners middagar saman med tre skjønne venninner. Eller, vi har hatt fleire runder på sett og vis, men berre første runde var på heimebane. Dei siste gongane vi har møttes i måltidssamanheng, så har det vore på kafé. Ikkje fordi den innleiande runda var usmakeleg. Truleg heller fordi alle fire likar å bli varta opp? I alle fall er det veldig enkelt å treffast på kafé, prate, ete, prate, drikke kaffi og så gå og la andre ta oppvasken :)


Men på den eine middagen fekk vi altså servert det som, etter mitt syn, er verdas desidert beste dessert. Og det som er oppmot like godt med den, som smaken sjølv, er det at den er lettare enn lettast å lage. Takk Charlotte, for å presentere denne vidunderlegheita over alt etande som er vidunderleg.


Så enkelt er det: Romtempererte bær leggast i eitt dekkande lag i botnen av ei ildfast form. Ha eitt lag av kvit sjokolade over bæra - enten i biter eller smelta. På toppen legg du eit tett lokk av marshmallows. Og før servering let du forma stå i bakaromnen på... tjaa... 175*C? ...til marshmallowsane har fått ein fin, gylden grilla-farge.

Så serverer du herlegheita saman med vaniljeis. Eg skal love deg - skåla vert skrapa!!!  


Vi ville eigentleg ha den ovanfornemnde desserten som siste rett i trerettaren som skal serverast i bryllaupet. Men med over hundre gjester og fire skarve husmorkomfyrar å arbeide med, så vert det vanskeleg å få til.. Så då måtte vel the next best thing vere å kunne servere Kjærleiks-sjokoalde, som erstatning for vår Kjærleiks-dessert, i bryllaupet? Difor har eg sett saman eit sjokoladeforslag, inspirert av desserten over alle dessertar, på http://www.nidarfavorittar.no/. 
Krysser fingre og tær for at nokon i panelet har smakt litt av himmelen i møte med nettopp denne desserten, så dei skjøner kva for herlegheit dei står ovanfor og bestemmer seg for å produsere! ;)

No gler eg meg til laurdagsgodteriet i morgon... *sukk*

                                        FRE-

Friday, February 18, 2011

Ein ny favoritt

Denne jusen, nærare bestemt eplejusen, er den beste eg har smakt på uminnelege tider.
Ferskpressa og ufiltrert jus av Sogne-epler - eg tvilar sterkt på at det er betre å opprive!

Gler meg alt til laurdagsfrukosten i morgon heilt enkelt.



No kan det sjølvsagt vere at eg berre er ekstra svak for alt med ein ekte smak av epler,
ettersom eg elsker epler men er allergisk og difor ikkje kan ete dei "naturell".
Samtidig kan eg ikkje heilt skjønne at nokon
(som likar epler) kan unngå å elske denne jusen.

*Nyyyt*

Wednesday, November 17, 2010

Kongletid

No når det nærmar seg jul er det tid for å pynte med kongler blant anna.. Vi har ikkje kongler liggande til denslags, så difor bestemte vi oss for å gå på konglejakt vel vitande at det i grunn ikkje er rette tida på året for å finne fine utsprungne kongler... Men vi gjekk i alle fall, og koseleg var det!


Med nugattismurde gaupespor i kveldsmatpakka, og ull innerst mot kroppen gjekk heile familien  på tur i furuskogen. Som "frykta" var der kun nye, lukka kongler å finne på bakken. Men vi plukka dei no med oss allikevel... Kanskje kan ein få dei til å opne seg ved å la dei tørke skikkeleg opp? I bakaromnen for eksempel? ...eller kanskje skal vi berre la dei tørke sånn passe, og bruke dei som dei er... Når eg berre har fått google litt om kongler, så skal eg bestemme meg ;)


Og medan eg googler så et eg havrefras med coco-loco fruktbiter fra nøttefabrikken,
i (og det var dette eg skulle fram til:) ei skjønn skål som eg kjøpte for litt sidan på eit konkursutsalg på Midttun. Kjøpte berre tre stykker, for å ikkje framprovosere eit hjerteinnfarkt eller liknande på Knut.. Men no har eg lyst på fleire. Eg vil ha 12stk til saman. Kanskje eg må på Midttun ein dag, i håp om at dei har skålene inne enda... ;) 




PS: Visst du veit eit kongletriks som du er villig til å dele, blir eg veldig glad for det altså! ;)

Saturday, July 3, 2010

Hald ustyret i orden

Når det skal vere kos å vere på kjøkenet og lage mat, er det visse kriteriar som må fylgjast opp for at det heile skal gå i hop.. Fleire av den slags kriteriar er nok individuelle, men eitt krav er unviverselt, og det er at ein må ha heilt elementert utstyr i orden.

Eg skal ikkje nemne namn, men eg var ved eit høve på besøk hos eit venepar og fekk spørsmål om eg ville lage ein god middag til oss dersom dei berre handla inn det eg ville ha av råvarer. Det var meg ei ære å bli spurd, og eg ville sjølvsagt gjerne lage mat så vi kjøpte noko godt kjøt som var hovudråvara i retten. Lite visste eg, når vi kjøpte ikkje oppskåret kjøt, at det dei pleidde kokkelere med av knivar var slitent biffbestikk.. Eg angra brått på at vi ikkje hadde handla inn ferdig oppskåret! Hehe :)
Kjøtet såg mildt sagt tygd ut når det eigentleg berre var oppskåret, og ikkje mindre tok det nærast eit halvt århundre å skjære det i det heile! Så når eg skulle kjøpe gåve til dei ved eit seinare høve var saken klar; Victorinox! Så var eg sikker på at vi slapp liknande scenario seinare ;D



Forresten, Eg elskar mine Victorinox-knivar. Ja eg har fleire, ein heil koffert pluss litt til, og alle er med treskaft. For det fyrste er dei med treskaft beitre å halde i enn dei med (svart) plastskaft, men dei er dessutan også finare å sjå på - dersom du berre tek godt vare på dei ;)



Eg treng kanskje ikkje fortelle dykk, at gaffelen til venstre har sett sine bedre dagar, har hatt opptil fleire turar i oppvaskmaskina og ikkje har fått smakt olje sidan han kom frå fabrikken? Gaffelen til høgre er av nyare dato, og har fått olje på kroppen derimot, og held seg laaangt bedre ;) Dei er begge av same sort forresten, så kvalitetsmessig sånn sett er det ingen forskjell på dei to gaflane, det er berre behandlinga som skil dei..

Akkurat som alt anna treverk må knivskaft og anna settast inn med fargenøytral olje jamnleg for at det skal halde seg fint. Eg brukar raps- eller solsikkeolje for eksempel, og synest det fungerer fint.. Og forresten, noko som kanskje ikkje alle er klar over heller, så må knivane for all del ikkje i oppvaskmaskina eller leggjast i bløyt over lengre tid! (Nei, som biletet over syner, så er eg ikkje så flink til å følgje opp mine eigne råd alltid heller..)



Men som de gjerne skjønar så har eg no altså tatt grep. Og eg har lovd meg sjølv og knivane mine (som er nokre av mine beste vener når eg skal lage mat), at dei skal få oljebad litt oftare enn alt for sjeldent :) Det bør la seg gjere for det tek knapt eitt minutt å få dei inn med olje, og eitt minutt og legge dei til avrenning etterpå.. Eg set berre knivar og biffbestikk med treskaftet ned i eit oljefylt litermål. Så let eg det stå over natta, før eg tek alt opp, legg det på ei steikerist over vasken så det får renne av seg og tørkar det overflødige av med ein tørr klut. Knivane ser med ein gong bedre ut og levetida har auka, på null komma svisj :)





PS: Olja som framleis er i litermålet kan nyttast til oljing av kjøkkenbenken dersom den er av heiltre, eller til å olje anna kjøkkenutstyr av ubehandla tre, som til dømes sleiver, etepinnar eller liknande.. :)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...