Showing posts with label fest. Show all posts
Showing posts with label fest. Show all posts

Friday, July 8, 2011

Sporlause handlingar

Når ein trudde det skulle skje så lite (ja, for ein har jo ferie), så jammen skjer det allikevel eitt eller anna heile tida. Utan at det viser det grann av det når dagen er omme... Å ha to "små" gåande heime er ikkje lite. Å ha ei mormor gåander heime er ikkje lite, sjølv om ho absolutt ikkje er frykteleg bråkete eller stor av vekst. Og å vere kaninbønder er faktisk ikkje så reint lite det heller... Vi er eit stort nok antal skapnader til å lage nok å gjere på i feriekvardagen. Men altså utan at det viser att når dagane er omme.


Men det er berre det, at eg trudde eg skulle få gjort så mykje. Lage og få sendt avgårde minnebøker frå livet i Nattland Studentby, til gode naboar som vi saknar sjølv om vi har det veldig fint her vi bur no også. Gå gjennom bryllaupshelsingane og -gåvene som står lagra "rundt om kring", fordi vårt eige hus ikkje er ferdig enda. Smekke saman ein kaninvilla på null komma svisj. Vere supermamma for dei to håpefulle som stadig lurer på om det ikkje skal bli sommar snart, fordi det er så kjedelig å ha ferie når det (nesten) berre regnar... Bli flinkare å oppdatere bloggen kvar dag igjen, og ein heil mykje meir anna også..



Det vi altså har gjort, er å lage halvferdig kaninhuset - ja for noko villa kan det ikkje seiast å vere (enda i alle fall). Ny dør har vi laga også, men eg er ingen arkitekt eller ingeniør eller noko som helst, og det fann mannen raskt ut når den skulle monterast. Vi må kort sagt lage ei ny. Sånn ellers er vi hushjelp og hjelpepleiar for mormor. Litt i alle fall. Så kosar vi med kaniner. Vi kosar veldig mykje - dei er jo så søte og mjuke og gode! Så blæs vi såpebobler. Vi har eit lass av små såpebobleflasker etter bryllaupet som må brukast opp nemmeleg. Og dessutan har vi laga eit lass med papirfly, papirhattar og papirbåtar. Mormor er tom for reklameaviser og notatblokkark. For så mange papirfly, papirhattar og papirbåtar har vi laga.

Og så har vi ete is og drukke festdrikk - også kalla Snurrebass i bryllaupsbaren:

1cl curacao tripple sec - monin sirup (eller korleis det skrivast)
1cl pasjonsfrukt - monin sirup
halvt glas appelsin- eller annanasjus
halvt glas sprite

(voksenvarianten inneheld også 4cl lys rom eller vodka når det er voksenfest)



Og her i dag vart det fint veir. Nydeleg å vere ute for både folk og kaniner. Så då gjorde vi i alle fall ikkje noko. Samtidig så skjer det noko heile tida allikevel. Utan at det set nevneverdig av synlege spor. Eller vent, vi tok lavendel-fotbad med påfølgande fotpleie, mormor og eg. Neglelakken som vi la på viser jo igjen, så litt spor etter dagens gjeremål har vi då i alle fall.. I tillegg til tom aviskorg og notatblokk (kva kallar ein ei tom notatblokk forresten, for ei blokk er det i alle fall ikkje!? Det får vere dagens grublis!)...



..sit på feil data og skriv innlegg i kveld, så difor er ikkje bilda redigerte..
Om ikkje eg er for oppteken med å gjere ingenting dei neste dagane også,
så vert bilda redigert og lagt ut på nytt seinare ;)

Thursday, January 6, 2011

I tråd med rakettoppskytinga heime

Sallutterer eg herved lesarane av bloggen ein tanke forsinka og ynskjer dykk alle eit strålande godt nytt år!


No kan ikkje eg skulde forsinkinga på vind og dårleg veir, slik som dei fyrverkeriansvarlege heime med rette kunne gjere... Derimot skuldar eg den forsinka nyttårsblogginga og fråveret av blogginnlegg generelt på høg bryllaupsplanleggingsfaktor! Utanom å treffe eit utval (langt færre enn tidlegare når sant skal seiast) av familie og vener, så har store delar av jula gått med til å planlegge og ordne saker og ting til årets høgdepunkt for vårt vedkommande ;) Eg trur eg med rette kan bli tittulert Bridezilla i skrivande stund... :P

Har vel nemnt det før ja, men eg nemner det gjerne igjen: Vi giftar oss 25. juni i år!!! :D :D :D

Kjolen er i boks med det meste av tilbehør, Knut har snust på bekledning til seg sjølv (og når det er i boks skal vi prøve å finne tilsvarande til gutungen), eg trålar nettbutikkar etter høveleg kjole til dunderet vårt og har forøvrig fått handla inn det meste av bordpynt. Invitasjonar er på gong, og menyar og bordkort er inne i den avsluttande planleggingsfasen. Musikarar til både festen og kyrkja er hanka inn og det samme gjeld for fotograferings-folk :) ..ikkje mindre er eg i god gong med å produsere mine eigne brudesmykker :) Ja, det er mykje som skal ordnast, men eg storkosar meg med det! Og for å toppe det heile har eg fleire gifteklare venninner og bekjente som skal halde bryllaup omtrent på samme tida, så eg har fleire å snakke om bryllaup med - det er så kjekt!!! :D

Nett no er det i grunn å få informasjon ut til alle dei vi ynskjer å dele dagen vår med som står i høgsetet... Alle skal vere informert pr sms og dei fleste har fått invitasjon til å sjå den digitale gjestelista vår, alt i påvente av at eg skal få laga dei "formelle" invitasjonane som skal sendast med den gode "gammaldagse" posten :) Og dessutan har vi fleire inviterte som kjem relativt langvegs frå, og difor nyttar eg og litt av tida til å samle nyttig informasjon om overnatting og anna om heimstaden vår som kan vere aktuelt eller kjekt å vite...

Så det er altså litt stille her for tida, som de kanskje har merka, men eg kjem sterkare tilbake om litt. I mellomtida kan du få sjå at bryllaupsbloggen min livnar til ;) Link til sida ligg i menyen øverst, like under headeren :)


Sunday, December 5, 2010

Gårsdagens bursdagsborn

(aka Megsjølv) har hatt ein super bursdag i år også! Vart vekt av to blide unger  (og ein blid mann ;) med ei stor, sjølvinnpakka gåve. Den var så stor at far i huset måtte hjelpe dei med å bære ;P Burde hatt bilde av innpakkinga, for den var kreativ, men eg fekk raskt hjelp med å rive det av, så tid til å hente kamera var det i alle fall ikkje.
Inni gåvepapiret skjulte det seg forresten ei nydeleg fin lykt som kjem til å passe perfekt ute ved inngongspartiet, på trappa til vårt kommande hus.. Eg gler meg! Enn så lenge får lykta pryde den vesle veggplassen mellom sofaen og TV-benken.


Lykta er innreidd med eit stort lys oppi ei enkel lyslykt i klart glas (er ekstremt redd for flammar og potensielle brannar, så eg likar å ha sikra meg dobbelt først som sist ;), og elles med masser av kongler rundt glaslykta inni lykta.. hehe :) Må jo bruke dei sjølvplukka og sjølvmodna (les: omnsbakte) konglene, når eg først har lagt ned så mykje arbeid med dei :D (Klikk på ein av linkane i dette avsnittet, så kjem du til innlegget eg skreiv om kongleeksperimentet mitt ;)

Elles har eg fått pengar av både svigers, svoger og mine eigne foreldre, så no har eg ny jakke frå VeroModa, god lue med brem, og herlege, elegante skinnhanskar frå H&M, og enda har eg pengar til overs (og har ikkje tenkt å bruke dei på EuroPris, som eg plutseleg kom på når eg avslutta setninga som eg gjorde).. :D

Det er skjønt å ha bursdag med andre ord ;D

...og så må eg ikkje gløyme, eg fekk eit nyyydelig skilt frå FarmorsHus som skal pynte opp heimen, av den eldste av mine to småsystre - som altså er på besøk i helga :) (Var forresten på FarmorsHus sjølv i går, og fekk fylt opp lageret med lavendelduftande Durance-produkt ettersom eg snart var tom :)

Mannen har bestilt London-weekend til oss på nyåret, så enda har eg gåver å glede meg til (reknar med det blir shopping i London, sjølvsagt ;) Eg har planar om litt loppemarknad-besøk, litt vanlege butikkar og litt kunstmuseum. Mannen er muligens lysten på å sjå ein musikal, så vi burde kanskje sette oss ned og sjå kva som går og få tak i billettar snart, har høyrt det kan bli fort utseld... :) *gler meg*
Eg kan avsløre at dette er vår fyrste "ordentlege" kjærastetur på 7år!!!
Så det er på høg tid med andre ord :)
*Takk til snille besteforeldre som ikkje nølte med å sei ja til å passe unger*

Saturday, October 23, 2010

Bryllaup i 2012 avlyst

..som ein ekte vingle-Petter (eller kanskje eg skulle sagt Vingle-Petrine?) så har eg fått det til å vingle med desse bryllaupsplanane også... Farta er høg og svingane knappe, gjerne i så stor grad at Knut til tider kan ha vanskar med å henge med. Eller, etter snart 10 år (vi har 10års jubileum i 2011 ;) så har han vel etterkvart begynt å ane kva han har i vente før eg sjølv anar det. Såå, det var faktisk hans idé dette med å avlyse bryllaupet som var satt til St.Hansafta (eller Jonsok) i 2012.

"Kva med å framskynde bryllaupet til sommaren som kommer?" spurte han i bilen då han køyrde meg til jobb på snøglatte veger... Dekka på bilen hadde godt grep om underlaget, samtidig som Knut mista festet i det snøballen av bryllaupsplanar fekk farten opp og spant av gårde.

Før Knut'n bak rattet fekk sukk for seg, og før vi var halvvegs til arbeidsplassen, så hadde 1881 sendt meg nummeret til kyrkjekontoret. Dama som tok telefonen på kontoret der kunne bekrefte at 25. juni var det ledig for vigsel klokka 14, og dermed var det bestemt. Lokalet hadde eg i det samme bestemt meg for å bestille så snart det lot seg gjere etter endt arbeidsdag.

"Det kunne kanskje vore greitt å drøye det til uti juli eller august?" kom det frå Knut som sat med oppsperra auger og halvåpen munn bak rattet "..sånn med tanke på at vi skal flytte heim først i juni, og med tanke på at du har eksamener og sånt då..?"

Nei, flytting og eksamenar skal ikkje få utgjere hinder for å gifte seg på sommarens finaste dato;
bryllaupsdagen til mamma og pappa, eller besta og besten som vi etterkvart er blitt meir vande med å kalle dei... Flyttesjau og eksamensmas er berre små fartsdumpar på vegen mot ein minnerik og fin dag i lag med familie og gode vener. Vi gler oss allereie! Masse :) ..joda, det stemmer! VI gler oss - altså Knut også, når han berre fekk 10 sekunder med betenknings- og fordøyingstid medan vi enda sat i bilen på veg til arbeid tidleg ein fredags morgon ;D



PS: Bryllaupsplanleggingssida vår kjem nok til å gå gjennom radikale endringar i dei næraste dagane, og i frå å vere min vesle idébank, så kjem den snarare til å fungere som ei side for formidling av informasjon i høve bryllaupet vårt ;)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...