Showing posts with label bygge. Show all posts
Showing posts with label bygge. Show all posts

Sunday, August 21, 2011

Byggenytt frå Residens Sørheim

Det virker liksom ikkje som at vi er komt
stort nærare den store, ukjende dagen,
då vi kan flytte inn...
  

Men når eg samanliknar desse bileta
med dei eg delte her på bloggen
i forrige byggeoppdatering,
så ser det no enda litt meir ferdig ut jo!


Inne er skallet til innerveggane komt opp,
trapperommet er klargjort
og flinke Sørheim-mannen min
er begynt å sette opp boksar og legge rør til det elektriske,
og ikkje minst å isolere ytterveggane.

Så det kjem seg!
Men er vi inne til jul?
Sørheim-mannen tvilar.
Eg håpar!


Men vi har no fått bygd ferdig noko denne sommaren,
nemmeleg leikestativ til ungane.
Det må gravast litt ned einaste,
men det er bygd ferdig allikevel! 





Monday, March 28, 2011

Bekledning

Det er ikkje godt å vite kva klede ein skal ta på seg når ein går til skulen om morgonen, når det er snø i lufta og kaldt på veg til skulen og bare vegar og sol som varmar og minner om vår på veg heim. Og snart er april her med alt denne nordlege delen av verda har å by på av årstider. Vi vert nok ikkje klokare med det første med andre ord, og det er berre å stålsette seg.

Huset vårt derimot er jo så heldig at det skal ha den samme bekledninga uansett veir og vind. Det er liksom vedteke, om ikkje ein gong for alle så er det i alle fall bestemt for ganske langt fram i tid.. Det vert heilt alminneleg, liggande kledning. Gjerne ikkje ei overrasking, men allikevel kjekt (for oss i alle fall) å sjå at huset ikkje lenger er heilt nakent og spøkelsesaktig lengre!



Og så er eg så veldig godt nøgd med vindauga vi har valgt. Store vindauger med gjennomgåande kryssprosser, kor alle vindaugeflatene kan åpnast. Har nokre vanlege H-vindauger også, med gjennomgåande kryssprosser på dei også. Eg får lyst å synge tyskland sin vinnande GrandPrix-sang når eg ser dei, så godt liker eg vindauga våre <3  

Vindaugsflatene går forresten an å snu heilt rundt, så ein kan vaske utsida av vindauga frå innsida! Genialt eller genialt? :D


No går resten av kvelden med til å forberede eit framlegg om det norrøne tekstutdraget frå Den Yngre Edda om "Balders død", før eg forhåpentlegvis får tatt meg ei bloggrunde. Eg klarer ikkje bestemme meg for kva bloggar eg skal ha med i bloggrollen som eg tenker å lage, eventuelt som ei eiga side i bloggen. Det er så mange fine bloggar, men eg vil ha ei oversiktleg oversikt over mine desiderte favorittar for eiga skuld. Så eg finn tilbake til dei med berre nokre tastetrykk. Men så klarer eg altså ikkje velge, og då blir det berre til at eg let det heile vere.

Om nokon har tips om verkeleg fine bloggar med vintage, shabby, glam og/eller industriell interiørstil i fokus, samt sybloggar som er retro og redesign -inspirerte, så vert eg ikkje lei meg ;)



Wednesday, March 23, 2011

Uventa flytteplanar

I dag tidleg erklærte 5-åringen at han no kjende at det var på høg tid å flytte ut, med bakgrunn i ei trong til meir armslag og sjølvbestemmingsrett. "Sånn som det er no, med at dåkke bestemmer det meste, det gidder eg faktisk ikkje meir." Er det no småbornstida er over, og min vesle gut er blitt stor?


Nybakt mor - liten skulptur i steingodsleire

Eg sjølv var ikkje av den typen som trua mine foreldre med å flytte om eg ikkje fekk det som eg ville, sånn bortsett frå når eg faktisk flytta ut som 15åring.. Men hugsar eg ikkje heilt feil, så meiner eg å ha fått fortalt at mi eiga mamma var av den sorten når ho var lita. Ho pakka stadig kofferten og flytta ut i skogen nokre timar, sånn fram til middagstid eller deromkring... Gutungen vår er ikkje spesielt glad i middag, så eg kan ikkje ha for store forhåpningar til at eit varmt måltid skal lokke han heim. Men han er derimot veldig glad i sine faste minutter med TV-tid før leggetid, så det vert kanskje saknet etter barneTV og SuperNytt som nærast tvinger han tilbake til barndomsheimen. I alle fall no dei førstkommande åra. Eg håper jo i grunn ikkje at han kjem heim for å sjå barneTV og SuperNytt om eit par tiår heller...

Flytteplanane skal få sin plass
i boka der eg samlar på gullkorn og andre sitat,
av minneverdige utsagn frå borna...

Her hin dagen fekk vi forresten ei utgreiing om korleis flytteplanane hans reint praktisk skulle gjennomførast. Då sa han riktig nok "når eg blir vaksen...", men dette vart visst vesentleg framskynda i dag tidleg når han fekk greie på at han (som vanleg) skulle ete frukosten sin i barnehagen framfor å måtte forte seg med det samme heime.. Han har nemmeleg usannsynleg god tid når han et.

I alle fall. Flytteplanane er som følger: "Eg skal køyre bil. Køyre, køyre, køyre og så køyre litt til før eg tar ei ferje. Så skal eg køyre, køyre, køyre og ta ei ferje til. Så skal eg køyre enda lenger og ta enda ei ferje og så skal eg berre køyre. Og så, mens eg køyrer, skal eg finne det perfekte treet. Når eg ser dét skal eg stoppe, og der skal eg bygge meg ei hytte."

"Dit vinden fører meg..." ??

Ein relativt målretta plan, men allikevel vart eg veldig usikker på sånn cirka kor han havna i landet med den køyreturen. Akkurat det er jo litt greit å vite, så eg sender bursdags- og julegåvene i riktig retning i alle fall. "Eg er ikkje heilt sikker, men eg vil tippe at det er i Amerika" kunne gutungen då fortelle meg. "Greit, då skal eg skrive Amerika som adresse på gåvene dine, så får vi berre tru at postbudet finn den riktige trehytta å levere pakkane til..." "Ja, så klart" svarte guten kontant "eg skal jo ha ei postkasse!"
Men, mamma sine bekymringar slutta ikkje med det, sjølvsagt. "Kem skal bake bursdagskake til deg? Og ka skal du ete til julemiddag?" Gutungen sjølv var absolutt ikkje bekymra. "Det er jo berre å klatre ned frå treet og plukke seg litt mat det! Bær og sopp og sånt.."

Bringebærplukking i 2010

Han hadde eit poeng. Men i dag, når flytteplanane vart så til dei grader fraskynda (dei vert visst realisert når vi har henta han i barnehagen i ettermiddag), så kom eg til å bekymre meg for desse kosthaldsplanane hans allikevel. Det hadde jo vore fint om han kunne lese før han flytta ut, så han i større grad kunne nyttiggjere seg av soppboka som eg kjem til å sende han til bursdagen... 
Vel... eg hadde ingen sopplukkebilder,
så eit kongleplukkebilde får gjere nytta ;)




Sunday, March 6, 2011

Gutterom

I helga har vi vore heime og sett på framgongen i husbygginga. Og då følger naturlegvis samtaler om korleis det skal bli, når vi ein dag skal bu i huset (som foreløbig ser noko spøkelsesaktig ut...)


Vårt minste lille dunder er liten nok til at mamma kan innrede rommet som ho vil - snuppeliten er glad for alt som er jentete, så vi kjem berre ikkje i konflikt heilt enkelt.


Klikk på jenterom-collagen,
så kjem du til jenterominnlegget mitt...

Vår eldste derimot har ikkje ein smak som er heilt i tråd med mamma sin - naturleg nok... Han synest StarWars er bra. Spiderman og Batman er ikkje så verst dei heller, saman med Gormitis, Bakugans og alt anna av denslags. Men StarWars er altså det ypperste. Han vil ha eit StarWars rom.



Det positive med StarWars fans er at hanget etter StarWars effekter kan synest å vere vedvarande, og at vi dermed ikkje vert nødde til å skifte ut all dekor på rommet hans etter berre få år. Det dumme er at eg veit ikkje om eg ynskjer å nære ein slik overdreven og langvarig fascinasjon... Difor har vi blitt einige om at ein mellomting kan vere ei god løysing.



Lysande stjerner og planetar, frå til dømes KidsParadise, 
i eit mørkmalt tak blir til ein magisk galakse!



Wallstickers med planetar, soler, romferger, satelittar og anna romferdsgreier på veggane,
gjer rommet StarWars-aktig på dagtid... 



Eit oppblåsbart solsystem hengande frå taket
(det er, eller kan i alle fall vere, lærerikt også!?)
Og så eit verdskart frå IKEA på veggen...
For å representere jordkloda i eit meir overskueleg format...

Sjølvsagt må lasersverd, som guten allereie er eigar av, henge på hedersplassen over senga. Dekorative og lett tilgjengelege!
Forresten: Blir ei settekasse til StarWars små-figurar, som han brukar ein del, for jentete?
Eller kan det bli kult nok for ein liten tøffing?





...eg ser jo at eg må finne på noko meir til rommet hans.. men eg synest også at dette er myykje vanskelegare enn å skulle ordne til eit jenterom... Kor tøft skal ein la det bli - og kor "skikkeleg" kan det bli utan at det vert for kjedeleg for gutta boyz?

Wednesday, February 16, 2011

Det vert ikkje varmare enn ein lagar det sjølv

Eg var eigentleg innstilt på og klar for vår etter søndagens skogstur med bålgrilling, men i går morgon når vi skulle ut døra på veg til barnehage og skule, så møtte vi ei kvitkledd verd. Samtidig som eg begynte å lure på kva galgenhumor veirgudane eigentleg sit inne med, så jubla ungane i kor over den urørde snøen som låg som eit kvitt ark framfor dei. Sjølv synest jo også eg at snø er langt bedre enn når det regnar sidevegs, eller til dømes halvsmelta snø som ligg som ei grå sørpemasse og ikkje akkurat pyntar opp verda. Så eg stiller meg ikkje heilt uforståande til gleda ungane kjende på når dei såg nysnøen, men allikevel kjende eg sjølv altså på eit veldig klart ynskje om varme. - Noko som óg var litt av bakgrunnen for bålhygge i skogen på søndag!


Men ein kan altså ikkje brenne bål kvar einaste dag. Veirgudane må nesten spele på lag om det skal bli såpass varme at blomane spirer og knoppane på trea spretter ut, om ein aldri så mykje fyrer for kråkene.. Så våren får vel berre la vente på seg til den sjølv har lyst til å komme!


I mellomtida planlegg vi varmen i den nye heimen vår, for der vert det i alle fall ikkje varmare enn kva ein sjølv legg opp til at det kan bli. For ei stund sidan, i jula nærare bestemt, posta eg eit innlegg om at vi hadde funnet vedomnen vi skulle ha (det kan du lese her). Men så var vi innom ein leverandør av allslags omnar, innsatsar og peisar frå fleire ulike leverandørar, og då vart den gamle planen raskt forkasta. Der fann vi nemmelig dette vakre kunstverket av ein vedomn, som vi begge falt heilt pladask for:

(Ulefos 179-3)

Ikkje berre er den eit potensielt smykke til spisestova vår, den er også veldig god varmeeffekt - og kva meir kan vi eigentleg ynskje oss? Knut'en ville veldig gjerne ha stålpipe, og den gjer ytterlegare varmeeffekt samanlikna med ei oppmurt pipe, så då vert det einda lunare innandørs på kalde vinterdagar som dei vi har no. Og dessutan synest eg at stålpipene står heilt i stil med denne type omnar, så då er det i grunn ingenting meir å lure på, anna enn å finne den beste måten å plassere omnen på reint estetisk, for å få vist fram den finaste av dei nydeleg dekorerte sidene på den.. I andre etasje har vi forresten tenkt å kle inn stålpipa på eit vis, i motsetning til i hovudetasjen der peisen står, men veit ikkje enda heilt korleis det skal ende opp til slutt med den innkledninga.

(Velkommen inn i spisestova og stova vår!)

Men, gjett om vi gler oss til å få huset ferdig, til å innrede Heime hos Oss og ikkje minst flytte inn!? Nett no, medan eg sit med føtene ned på det kalde murgolvet i leiligheita og drøymer om vår, medan kulda frå golvet trekker gjennom ullsokkane på null komma svisj, så gler eg meg altså litt ekstra til peisvarme og varmekablar. Det skal jammen bli godt, det!


Tuesday, February 8, 2011

Tak over hovudet

Foreløbig hjelper det ikkje mykje mot snø og regn, men det dannar konturar av det som skal gje oss ly for vind og veir ;) Takstolane er rett og slett på veg opp og på plass! ...og vi har ikkje vore omtenksomme ovanfor snekkarane når vi teikna påbygget vårt, for takstolane og takbjelken er visst vel store og uhamselege, i høve det som hadde vore enkelt og greitt å ha med å gjere... Offentleg beklagelse til Svigerfar burde gjerne vore på sin plass, meeen no får vi jo huset slik vi vil ha det, sååh..

Vi er ikkje lei oss - vi gler oss :D

Denne gongen er det Besta som er fotografen vår

Tenk det - om eitt år liknar det ikkje lengre eit sjelett - då er dette du ser på her Heime hos Oss :D


Sunday, February 6, 2011

Bergensarane befalar

Jammen har vi ikkje, i tillegg til personleg snekkar, ein personleg framdriftsfotograf også.. Pappa  (også kalt Besten) har teke bilde av huset vårt - slik det ser ut i dag, og Besta har sendt bilda til oss.. :) Plutseleg har vi veggar! ...og takstolane ligg klar og ventar på å bli løfta på plass :) Nesten så det berre er nokon som har sagt Sim Sala Bim - og vips så var der eit hus... Svigerfar føler det gjerne ikkje på den måten, men vi derimot ;P



Det ser visst litt halvsnodig ut no, men den eksisterande delen litt sånn perifert malplassert uti enden der, men berre vent... Trur det blir bra!! :D ..det er i alle fall det vi har planlagt ;)

 Vel... eg sit på feil maskin i skrivande stund, så dermed har eg ikkje fått "smootha" kantane på bilda, slik eg har pleidd å gjere... men so be it!


Saturday, February 5, 2011

Ei fjøl og ei fjøl til...

Eg har nemnt det før. Vi driv med husbygging. Svigerfar driv med hubygging. Til oss :)
Medan vi sit i Bergen, er sjuke (influensa), blir friske (sakte, men sikkert), studerer, arbeider, betalar rekningar, ser på TV, surfar på nettet... Samstundes veks heimen vår fram på tomta vår, takka vere mannen sin flinke, pensjonerte snekker-pappa. Når andre snakkar om folk som er fødd med gullhår på unemnelege stader, eller sølvskei i munnen, då held eg og mannen godt stilt.

Når snekker-pappa'en til mannen har komt tilstrekkeleg langt med snekkerarbeidet, så skal elles elektriker-pappa'en min i lag med elektriker-mannen min sette i gong med det elektriske... Nokon som nemnde gullhår eller sølvskei? ...ingen kommentar, forutan at eg gjerne skulle hatt ein rørleggar-svoger til å hjelpe den våtromssertifiserte-snekker-svigerfaren min med kjøkken og bad... Bah! Dette innlegget var dømt til å bli eit skryteinnlegg.. Beklager! Men samstundes - I LOVE IT!

Nok skryt... skulle forresten gjerne kunne skryte med bilder, men som sagt - vi sit i Bergen og tomta er langt herifrå, så vi ser faktisk ikkje kva som skjer frå dag til dag. Men vi var heime i jula då, så eg kan jo vise korleis tingenes tilstand var den gong då...

Frå å ha ein liten og nett port med ein smal veg bort til huset, som her:

 
..så hadde vi plutselig fått ein king size dobbel-allé som byr velkommen inn til det som etter alt å dømme blir Villa Neset, for ikkje å sei Neset Mansion ;P



Den delen av huset som er å sjå frå vegen her, vert verande som den er. Dette er den eldste delen av huset, oppført av min oldefar for snaaart 100år sidan... På baksida, bak ved gravemaskina, kjem tilbygget som vi skal bu i :)


I det næraste hjørnet av ringmuren skal vi lage middag, og sitte og sjå mot fjorden i ein djup vindaugskarm mens den gode matlukta spreier seg i huset... I hjørnet mot venstra skal vi sitte og nyte maten, gjerne i godt selskap rundt eit stort spisestuebord, eventuelt går vi ut verandadøra som vert plassert i ringmuren "framfor" armen til gravemaskina i bildet... I hjørnet til høgre skal vi kvitte oss med maten etter nokre timar, når den har komt gjennom fordøyingskanalen. Og vaske oss... Og så, avrundar vi dagen nede ved den svart-plast-kledde veggen av ringmuren, i stova. Kanskje saman med vener, som har kome inn via entreen som vert plassert like ved stova, like ved der du ser den gamle innerdøra som står att på bildet? ...kanskje ikkje så lett å sjå, eller i det heile å forstå? Bah! ...eg skulle hatt fleire og bedre bilder, og eg skulle gidda å redigere dei, med markeringar og slikt.. Knuut!? Kor er du, som skulle vere byggeblogg-oppdateringsansvarleg??? 

Vel.. mi oppdatering er betre enn inga oppdatering :) Det er i alle fall det eg seier til meg sjøl her eg sit og skriv mine usedvanleg dårlege beskrivingar ;D 

Fortsatt god helg!!  


Sunday, December 19, 2010

Juleferie og husbygging

Ja, heldig student som eg er, så har altså juleferien komt til meg allereie i år. Og det utan at eg, for første året sidan eg begynte på studiane, treng å tenke eller skrive på noko oppgåve eller førebu praksis like etter jul. Der er berre heilt fantastisk herleg å kunne slappe av 100% og prioritere ingenting anna enn familie :)

Og medan eg og ungane koser oss, og medan husbonden enda skal arbeide nokre dagar til før han har ledig tid til anna enn jobb, så arbeider min flinke svigerfar med vår framtidige bustad. Vi er meir enn heldige som utan ei bekymring får heimen oppført i tipp topp stand, og berre kan sjå på at det heile tek form. Mykje har skjedd sidan forrige gong eg posta eit innlegg om husbygging, då det gjaldt godkjent byggesøknad. Eg har nokre bilder som er teke, men har dei ikkje tilgjengeleg nett no. Når eg derimot har dei tilgjengeleg, så kjem det eit bilde-innlegg med berre før og etter -bilder ;) :)

Monday, November 8, 2010

Ut med det gamle...

Vel er det ikkje nytt år hos oss heller, men ein ny epoke på vi kunne skryte på oss å vere inne i. Det samme gjeld for mormor. Faktisk så er det vel faktisk ho som er den som kjenner best på kroppen at den nye epoken har teke plass, og relativt hardt og brutalt sparkar den forrige epoken på hovudet ut av huset.

I helga var heile familien på fire heime i fødebyen for å ruske opp i delar av huset vårt. Mormor har så langt disponert heile huset vårt, men heretter må ho nøye seg med éi stove og fire soverom, i stadet for to stover og fem soverom... Sånn plassmessig i kvardagen er ikkje skilnaden ei stor inngripen i livet hennar, men å få rydda ut av romma som no skal rivast, for å gjere plass til tilbygget som i løpet av det neste året skal bli vår heim, det var ein aldri så liten inngripen.

"Jammen samlar det seg mykje rusk på 58år" kommenterte mormor medan vi bar ut bossekk etter bossekk med haugar av kleshengarar, gamle leikeemballasjar, falma lampeskjermar, blomsterpotter med skår i, drikkeglas som ho berre hadde eitt av kvart av, gamle ukeblader, falske blomar, miniatyrflasker med likør og eg veit ikkje kva... Ho hadde rett, jammen var det mykje rusk i skapa hennar! Men innimellom var det mogeleg å finne ein og anna skatt også - til dømes dei originale stiftingspapira til Noregs første (og einaste?) knipseforeining - NKF. Min onkel var og er ein artig skrue - han var ein av initiativtakarane til denne stiftinga, som etter alt å dømme ikkje har ført stort anna med seg, enn at eg fekk meg ein god latter inni eit nedstøva klesskap. Han får eit herleg brev i posten med diverse løgne papirar, som har låge trygt oppbevart inst i eitt av kleskapa til mormor, som ein velholdt hemmelegheit og skatt i ukjent antal år. Dette funnet gjorde ryddejobben i helga vel verdt arbeidet i seg sjølv! :) (Utan at eg skal ta på meg for mykje ære for å ha rydda - det var nemmeleg Knut'en, pappa og svigerfar som stod for dei tunge løfta).

No er vi i alle høve det første fysiske skrittet på veg mot å få begynt på bygginga av vår eigen heim. I skrivande stund sit, så vidt eg veit, svigerfar og slappar meir enn velfortent av etter å ha tetta veggane mellom dei tømde romma og den delen av huset som mormor skal fortsette å bu i. Eg er heldig som har ein hendig, velutdanna og erfaren tømrar-svigerfar, som meir enn gjerne styrer snekkerarbeidet på huset vårt, medan vi sjølve er i ein heilt annan by og passar arbeid, studiar og familielivet her... Vi er heilt enkelt meir enn heldige.

Skulle forresten gjerne vist bilder, men har liksom ikkje noko fornuftig eller interessant å trekke fram i denne samanheng. Det skal bli andre boller når bygginga starter, for så sant vi er i nærheita, så skal speilrefleksen får dokumentere så det kostar etter!
 



PS: Ei finfin veke ynskjast deg frå oss :)

Thursday, June 17, 2010

Gladmelding

Ikkje at vi eigentleg venta noko anna, men allikevel er det kjekt å få positivt svar - svart på kvitt - etter å ha sete og grubla og skrive, henta inn papirar frå hist og pist, hatt møte med tømrar, snakka fram og tilbake med ulike kyndige pr telefon og så vidare for å få alt i boks.

Og i dag kom endeleg gladmeldinga pr mail:



Alle hjerter gledar seg - i alle fall våre! For no er i alle fall store delar av papirmølla over og det går an å ta fatt på det praktiske arbeidet med vår framtidige heim :) Men før vi kan begynne å byggje, så må vi fram med slegge og anna tungt skyts (ikkje spør meg kva som krevst for eg anar ikkje, dette er arbeid for større folk og maskinar enn det eg kan bidra med!)... Aller først blir det å ta ned hekkar og anna som står i vegen for at store, tunge maskinar kan ta seg fram til huset, og til hausten blir det rivingsarbeid og vidare klargjering av byggeplassen! :)

Hjula er forlengst i gang, men endeleg begynner det å bli fart på sakene *Jubelrop* :D

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...