Showing posts with label omn. Show all posts
Showing posts with label omn. Show all posts

Wednesday, February 16, 2011

Det vert ikkje varmare enn ein lagar det sjølv

Eg var eigentleg innstilt på og klar for vår etter søndagens skogstur med bålgrilling, men i går morgon når vi skulle ut døra på veg til barnehage og skule, så møtte vi ei kvitkledd verd. Samtidig som eg begynte å lure på kva galgenhumor veirgudane eigentleg sit inne med, så jubla ungane i kor over den urørde snøen som låg som eit kvitt ark framfor dei. Sjølv synest jo også eg at snø er langt bedre enn når det regnar sidevegs, eller til dømes halvsmelta snø som ligg som ei grå sørpemasse og ikkje akkurat pyntar opp verda. Så eg stiller meg ikkje heilt uforståande til gleda ungane kjende på når dei såg nysnøen, men allikevel kjende eg sjølv altså på eit veldig klart ynskje om varme. - Noko som óg var litt av bakgrunnen for bålhygge i skogen på søndag!


Men ein kan altså ikkje brenne bål kvar einaste dag. Veirgudane må nesten spele på lag om det skal bli såpass varme at blomane spirer og knoppane på trea spretter ut, om ein aldri så mykje fyrer for kråkene.. Så våren får vel berre la vente på seg til den sjølv har lyst til å komme!


I mellomtida planlegg vi varmen i den nye heimen vår, for der vert det i alle fall ikkje varmare enn kva ein sjølv legg opp til at det kan bli. For ei stund sidan, i jula nærare bestemt, posta eg eit innlegg om at vi hadde funnet vedomnen vi skulle ha (det kan du lese her). Men så var vi innom ein leverandør av allslags omnar, innsatsar og peisar frå fleire ulike leverandørar, og då vart den gamle planen raskt forkasta. Der fann vi nemmelig dette vakre kunstverket av ein vedomn, som vi begge falt heilt pladask for:

(Ulefos 179-3)

Ikkje berre er den eit potensielt smykke til spisestova vår, den er også veldig god varmeeffekt - og kva meir kan vi eigentleg ynskje oss? Knut'en ville veldig gjerne ha stålpipe, og den gjer ytterlegare varmeeffekt samanlikna med ei oppmurt pipe, så då vert det einda lunare innandørs på kalde vinterdagar som dei vi har no. Og dessutan synest eg at stålpipene står heilt i stil med denne type omnar, så då er det i grunn ingenting meir å lure på, anna enn å finne den beste måten å plassere omnen på reint estetisk, for å få vist fram den finaste av dei nydeleg dekorerte sidene på den.. I andre etasje har vi forresten tenkt å kle inn stålpipa på eit vis, i motsetning til i hovudetasjen der peisen står, men veit ikkje enda heilt korleis det skal ende opp til slutt med den innkledninga.

(Velkommen inn i spisestova og stova vår!)

Men, gjett om vi gler oss til å få huset ferdig, til å innrede Heime hos Oss og ikkje minst flytte inn!? Nett no, medan eg sit med føtene ned på det kalde murgolvet i leiligheita og drøymer om vår, medan kulda frå golvet trekker gjennom ullsokkane på null komma svisj, så gler eg meg altså litt ekstra til peisvarme og varmekablar. Det skal jammen bli godt, det!


Monday, December 27, 2010

Oppvarmingsplanar på kalde dagar

Her har eg visst ikkje berre teke juleferie frå studiane, men frå alt - inkludert bloggen...
No har eg imidlertid nytt å meddele, sjølv om eg altså ikkje har komt til å få lagt bilder av endringane på huset inn på dataen.. Vi har nemmeleg bestemt oss for kva vedomn vi skal ha! Det har vore litt diskusjonar om vi skal ha ein omn, peisinnsats, stålpipe eller oppmurt pipe. Det er jo så mykje å velge mellom, at det er ikkje nødvendigvis enkelt å komme til einigheit, med eit resultat som begge er glad for!? Men vi har altså klart det etter litt kikking og diskusjonar fram og tilbake, og det vart verken det eg eller han først hadde sett føre oss... Han ville ha ein minimalistisk omn med stålrørspipe, medan eg ville ha ein engelsk peis (innsats) som gjorde litt ut av seg i spisestova vår. Vi var i så måte i kvar vår ende av scalaen med andre ord, sånn i utgongspunktet ;P

Men så kom vi over denne vesle, gammaldagse saken frå Dovre:



Her ser du forøvrig dekoren på sidene bedre, er den ikkje eventyrleg skjønn vel, med bukkane Bruse på veg over brua til trollet!??! :D

Vi vil forresten ha den med etasje over, slik som første bildet viser. Då gjer den meir ut av seg som dekorelement, samstundes som den også (og det som eigentleg er viktigare) avgjer meir varme ;)

 
Det er uansett ikkje store greiene, denne omnen, slik som eg eigentleg kunne tenkt meg i første omgong, men den er heller ikkje minimalistisk slik som mannen i første omgong kunne tenkt seg... Men den er liten og har stålrørspipe, som mannen liker, og den framstår som ein omn med sjel (om eg kan sei det slik) og med ein etter måten romantisk utsjånad, som eg liker! Perfekt med andre ord :) Godt med alt som er bestemt, og nydelig med alt som begge er vel nøgd med :)

Sjå kor liten den er (klikk på bildet for å få det større, så det er mogeleg å sjå måla):


Så no må vi berre finne ut av kva vi skal gjere med eller bruke resten av den relativt store peis-hukken vi har teikna inn i spisestova/allrommet ;)


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...