Salt, ein ganske vanleg ingrediens og
smaksforsterkar, er ikkje mindre enn
livsviktig. Og sjølv i dag er dette krydderet sett på som verdifullt, i alle fall i einskilde kulturar.. Korvidt eg sjølv lever i ein slik kultur stiller eg meg tvilande til. Men, heilt utan salt er vi eller blir vi ingenting. Tidlegare brukte vi ikkje salt. Det var då vi drakk blod og
slukte alt rått. I dag, som det er så
mykje salt å oppdrive, bør vi ganske enkelt ikkje sluke alt rått. Vi veit bedre. Vi burde i alle fall vite bedre.
Allikevel sluker tydelegvis ein vesentleg del av innbyggarane rått alt som vert servert. Og følgeleg tek dei det ikkje med ei klype salt. Desse kan verte deprimerte. Eg trur kanskje det er fordi det ikkje smakar så godt utan salt? Det andre har ser nemmeleg tydelegvis mykje bedre ut, i alle fall sånn ved første augekast, når vi ikkje reflekterar noko vidare over vår (manglande)
kjennskap til den fulle ingredienslista knytt til det serverte.
Skjønnar du ikkje kva eg pratar om? Ta ein kikk på siste
rapport frå Lykkeland, så forstår du ;)
Dei fleste av oss er i éin av følgande
to kategoriar:
1. Du sluker mat rått - truleg utan å vere klar over det. Og dette kan vidare føre til alvorleg misunnelse, irritasjon, kjensle av utilstrekkelegheit og følgeleg potensielt høgt blodtrykk.
2. Du bruker salt i maten - truleg utan å vere klar over at andre sluker det du serverer rått. Hugs å tenke på dine medmennesker i kategori 1 - Store mengder salt i maten er helseskadeleg, spesielt for dei med høgt blodtrykk!
Krydder frå eigen hage er ekstra velsmakande,
gro litt krydder du også, til å krydre kvardagsrettane med!
Ja til salt og krydder i kvardagen, og ja til
kosthaldsrettleiing til dei som stadig sluker alt rått, når det eigentleg burde vore nytt med ei klype salt... For her i Lykkeland er det ofte
salt som slapsete vestlandsveger i medio mars, og
krydra av chilli med
høgaste score på scoville-skalaen. Inga lykke er for lita, og inga saltklype for stor til å fortelle om små og store kvardagsgleder.Ta det med ei klype salt, som krydder i kvardagen, og ikkje les facebookprofilar og bloggar for å samanlikne
episodiske lykkeutbrudd med heile ditt eige tilvere på godt og (spesielt) vondt. Eventuelt kan ein jo berre droppe heilt ut av den slags sosiale medier som Facebook samt bloggar er, dersom børa av irritasjon over andre sine kvardagsgleder vert tyngre enn ballasten med glede over eige liv og kvardag.
Yndlingssjokoladen rangert som det sunnaste alternativet er lykke!
PS: I morgon skal eg nyte dagen saman med
verdas beste mann,
klodens vakraste og
mest veloppdragne to born, i skogen med
nostalgisk bålbrenning og eit
harmonisk og ikkje minst
næringsrikt måltid i det fri. Og til sist skal dagen avsluttast med
hyggeleg kaffibesøk i
ryddig og nyvaska,
lavendelduftande leilegheit, før eg legg meg
fornøgd og våkner
utkvilt dagen etter og ser ut som ein
nyutsprungen blomst om våren - spenn klar for nok ein
herleg dag i mitt til ei kvar tid
fantastiske og fullkomne liv i Lykkeland.
Berre sånn til informasjon.