Thursday, February 24, 2011

Bli med på eventyr!

No skal eg ikkje hevde at eg er totalt i mot rosa og prinsesse-stæsj. Vårt vesle dunder raser glatt rundt med rosa blingbelagt hårbøyle som krone, rosa ballerinadrakt og blingbelagte sølvsko, og ikkje mindre har ho opptil fleire plagg med små-prinsesse-yndlingen HelloKitty.

Men eg ser føre meg at eit småjenterom innreia med ingenting anna enn lyserosa prinsesse-stæsh fort går ut på dato i takt med at snuppa veks til. Då har eg meir tru på eventyr-rom med inspirasjon henta frå Raudhette-omgjevnader! Fluesoppar, dusgrønne "skogaktige" veggar, skogsdyr-dekor og så vidare. Ein er ikkje for stor for eventyr når ein har passert 7år, men ein kan kanskje vere lei av lyserosa prinsesseputer, for å sette det litt på spissen...



Her ser du fluesoppar (krakk frå Kremmerhuset og lamper frå KidsParadise - men sistnemnde artiklar kan visst fåast billegare hos Ellos også..) frå Raudhette si vandring gjennom skogen, ugler (knaggrekke frå KidsParadise) som sit på greiner rundt om i trea, småkaker (muffins-skrin frå Kremmerhuset) som ligg i korga til Raudhette, og godstolen bestemor sit i (barne-gyngestol frå Skeidar) medan ho ventar på det vesle bornebornet sitt...



Og så kom eg nyleg over ei utruleg skjønn, stor Bambi-lampe på nettbutikken MittRom. Den måler 29x40cm, så den gjer ein del ut av seg i tillegg at den avgjer eit behageleg dust lys (i følge butikken). Er litt usikker på om den er overkill, så denne må eg nesten finne i ein real-life-butikk så eg kan ta og sjå på heilt på ekte. Men nett no er eg uansett forelska!

Åå, som eg gler meg til å handle inn og ordne til kvar sitt rom til ungane! Og det er mykje inspirasjon å hente frå til dømes nettbutikkar som MittRom, der eg blant anna fann denne nydelege veggdekoren med skogsdyr:


(Klikk på bildet så kjem du til MittRom sitt utval av veggdekor)

For ikkje å snakke om interiørbloggar, som er vel så inspirerande. Bildet av fluesoppkrakken frå Kremmerhuset i ønskelistecollagen min over, er klipt ut frå eit bilde eg lånte frå Ann Sandy som står bak bloggen "Med et lekent sinn". Her ser du eitt anna av bilda hennar (som eg ikkje har tukla med ;), med den skjønne skjønne krakken som del av eit interiør:

Tusen takk for bildelån! :)

PS: Berre nokre timar etter eg maila med deg,
så var krakken i "mitt" eige. One down på (denne) ønskelista!

   





PS: Snart kjem det eit gutterom-innlegg også, men eg lurer nok litt på om gutungen sjølv vil vere einig i mine ynskjer for rommet hans... Spennande!

..og i morgon skal vi på boligmesse i Arenum forresten, og alle hjerter gleder seg!

5 comments:

  1. om eg berre hadde hatt ei jente..... blir nok gravemaskin rom på oss :P

    ReplyDelete
  2. Gutterommet Heime hos Oss vert nok prega av stjerner og planetar :) Kjekt med gutterom også, men godt at gutten her er så stor at han kan komme med innspel sjøl også - for det er ikkje like lett for mor å berre ta valget her, som ift jenterommet kjenner eg :P "Kva er kjekt lenge nok?" liksom... ;)

    ReplyDelete
  3. Som jeg gleder meg til å se det jenterommet!!! Blir nok UTROLIG bra!!!! :)

    Klem fra vand!

    ReplyDelete
  4. Heisann!
    Så flott skrevet, gøy at krakken er kommet i hus allerede! Tror rommet kommer til å bli supert. Jeg klarer egentlig ikke velge meg noe spesiellt tema på lille frøkna sitt rom, her er bare et stort sammensurium av ting og tang jeg (vi) liker. Men tror det kommer til å komme etterhvert som hun vokser til.
    FIN blogg du har, kos deg på boligmesse. Det høres spennende ut.

    ReplyDelete
  5. Eg kan fortelje deg at bambilampen har dei i gavebutikken på akvariet. Eg tenkte på deg og dette inlegget da eg såg den.. dei hadde og lysande soppar og andre dyr..

    Dessuten hadde dei mange kule dyrehoder som hang på veggen som eg hadde lyst på til bare 349, men Isak var redd, så da var det lite vits i..

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...