Showing posts with label heim. Show all posts
Showing posts with label heim. Show all posts

Sunday, August 21, 2011

Byggenytt frå Residens Sørheim

Det virker liksom ikkje som at vi er komt
stort nærare den store, ukjende dagen,
då vi kan flytte inn...
  

Men når eg samanliknar desse bileta
med dei eg delte her på bloggen
i forrige byggeoppdatering,
så ser det no enda litt meir ferdig ut jo!


Inne er skallet til innerveggane komt opp,
trapperommet er klargjort
og flinke Sørheim-mannen min
er begynt å sette opp boksar og legge rør til det elektriske,
og ikkje minst å isolere ytterveggane.

Så det kjem seg!
Men er vi inne til jul?
Sørheim-mannen tvilar.
Eg håpar!


Men vi har no fått bygd ferdig noko denne sommaren,
nemmeleg leikestativ til ungane.
Det må gravast litt ned einaste,
men det er bygd ferdig allikevel! 





Friday, February 25, 2011

Eg er ikkje sint, berre veldig, veldig skuffa...

Boligmessa i Arenum var kjedeleg! No kan det vere at messa er som ho skal vere, dette er jo første (og siste) året eg er innom. Men, eg hadde altså sett føre meg noko anna enn "pølseboder", Fame-fotografene og ikkje mindre enn fire ulike stands med akkurat dei samme taksteinane, og enda fire til ulike stands og alle med berre badekar for salg...

Ingenting interiør what so ever, og forresten heller ingen golvleverandørar - som vi kunne trengt ettersom dette er noko av det vi finn vanskelegast å bestemme oss for... Eg som hadde håpa på ein stooor messehall med mange og varierte stands!? Som sagt: eg er skuffa, og eg kjenner på at eg har full forståing for 2-3åringane sine jamnelge trassbyer. For no vil eg nemmeleg på interiørmesse, og det med ein einaste gong! For det var nemmelig interiør (laust som fast) eg såg føre meg at eg skulle få sjå, i tillegg til alt det andre som var der...

Allikevel - dagen var ikkje så galen at den ikkje var god for noko: Begge ungane kosa seg i ein barnepark der inne, med frukt, kjeks, ansiktsmaling, vannmaling, film og hoppeslott berre for å nemne noko. Og dagen fekk ei perfekt avrunding med pizza-kvelds med brus og is til dessert hos Dolly Dimples, til glede for såvel mamma og pappa, som for våre to ansiktsmalte småløver!


Ein kan ikkje la vere å vere nøgd med dagen,
når ein har to så skjønne og blide småløver i familien!?

Og forresten trur eg vi har funnet trappa vår, som vi skal ha i huset vårt - Fiol heiter modellen, og den vert levert av produsenten Stryntrappa. Vi skal ha valnøttfarga, parkettmønstra trinn, medan opptrinna og resten av trappa skal vere kvit. Skulle jo hatt eit bilde å vise fram, men det gløymde eg å ta av modellen som var satt opp på messa. I stadenfor har eg lagt inn link til produsenten sine sider, der nettopp denne trappa er vist - berre trykk på produsentnamnet ovanfor i dette avsnittet ;) Vi skal forresten ha 180 graders sving, og ikkje 90 graders som er vist på heimesidene til produsenten...




..og ikkje minst - ei finfin helg!
          *endeleg fredag*

Monday, December 27, 2010

Oppvarmingsplanar på kalde dagar

Her har eg visst ikkje berre teke juleferie frå studiane, men frå alt - inkludert bloggen...
No har eg imidlertid nytt å meddele, sjølv om eg altså ikkje har komt til å få lagt bilder av endringane på huset inn på dataen.. Vi har nemmeleg bestemt oss for kva vedomn vi skal ha! Det har vore litt diskusjonar om vi skal ha ein omn, peisinnsats, stålpipe eller oppmurt pipe. Det er jo så mykje å velge mellom, at det er ikkje nødvendigvis enkelt å komme til einigheit, med eit resultat som begge er glad for!? Men vi har altså klart det etter litt kikking og diskusjonar fram og tilbake, og det vart verken det eg eller han først hadde sett føre oss... Han ville ha ein minimalistisk omn med stålrørspipe, medan eg ville ha ein engelsk peis (innsats) som gjorde litt ut av seg i spisestova vår. Vi var i så måte i kvar vår ende av scalaen med andre ord, sånn i utgongspunktet ;P

Men så kom vi over denne vesle, gammaldagse saken frå Dovre:



Her ser du forøvrig dekoren på sidene bedre, er den ikkje eventyrleg skjønn vel, med bukkane Bruse på veg over brua til trollet!??! :D

Vi vil forresten ha den med etasje over, slik som første bildet viser. Då gjer den meir ut av seg som dekorelement, samstundes som den også (og det som eigentleg er viktigare) avgjer meir varme ;)

 
Det er uansett ikkje store greiene, denne omnen, slik som eg eigentleg kunne tenkt meg i første omgong, men den er heller ikkje minimalistisk slik som mannen i første omgong kunne tenkt seg... Men den er liten og har stålrørspipe, som mannen liker, og den framstår som ein omn med sjel (om eg kan sei det slik) og med ein etter måten romantisk utsjånad, som eg liker! Perfekt med andre ord :) Godt med alt som er bestemt, og nydelig med alt som begge er vel nøgd med :)

Sjå kor liten den er (klikk på bildet for å få det større, så det er mogeleg å sjå måla):


Så no må vi berre finne ut av kva vi skal gjere med eller bruke resten av den relativt store peis-hukken vi har teikna inn i spisestova/allrommet ;)


Friday, June 18, 2010

Ein vakker heim

...det er ikkje noko vi kan skryte på oss, her vi bur i noko som (for ein familie som tel fire) kjens meir som eitt kott enn ei leiligheit (sjå for deg rommet under trappa, som er HarryPotter sitt rom hos "Dumlingane"!). Vakkert interiør kryr det heller ikkje av for å sei det enkelt, billige IKEA-løysingar i forening med mine første møblar frå då eg først flytta for meg sjølv, diverse gåver frå ulike fasar i livet og ulike stilartar i interiør-mote-historia, samt eitt og anna brukt-funn som i kjøpsaugenblinken virka meir "fornuftig" enn det faktisk viste seg å vere når alt kom til alt..

Eg kjenner at vi no er inne i ein fase der det er tid for forandring, men den etterlengta forandringa må nok fint ha tolmod til å vente enda litt til. Studiar og livet i familiehybel må få virke i enda eit år før tida reelt er inne til å gjere endringar i levestandarden. Og intil den tid kjem så skal vi kooose oss i vårt heimlege kott, og eg skal bruke alle tilgjengeleg tid og midlar til å ta meg fram i det som er å finne av inspirasjon frå verkeleg vakre heimar og interiør. Slik at eg veit alt kva eg vil må ha når familiehybelen er fortid i mi livshistorie, og Palasset ligg føre meg og ventar på at vi og alt av vakkert og høgst nødvendig stæsj skal innta det!    

(Utgave nr 4/2010)

NB: Anbefalar ikkje Freyju sin Draumur sjokolade med lakris noko sånn spesielt - som den sjokoladeelskaren eg er må eg sei at Freia sin variant med små lakrisbitar i er MYKJE bedre!!! ...men den islandske varianter har eit mykje finare namn då ;) , og det var liksom derfor eg falt for den når eg var på MENY og skulle handle sjokolade og interiørmagasin som eg skulle koooose meg med som noko attåt kaffien ;P


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...