Showing posts with label lukt. Show all posts
Showing posts with label lukt. Show all posts

Monday, December 6, 2010

Avslapping på flaske

Eg hadde, som eg har fortalt før, bursdag i helga. Og i dag, medan eg sit med nasa i norskbøker ettersom eg skriv på ein eksamen, og har begynt å få vondt i rumpa og ryggen etter for lang tid med stillesitting foran PC'en, så fekk eg ei veldig hyggeleg overrasking i posten :) Sånt gjer noko med det ellers mutte eksamenshumøret! :)



Overraskinga var ei gåve frå mi kjære navnesyster og barndomsvenninne, og den var berre heilt herleg! Innhaldet er ikkje berre avslappande, men faktisk tilfredsstillande for såvel humøret som for lukteorganet, og eg kjenner (no som eg har spraya heile huset) at lykka sprer seg i kvar ei nerve i heile kroppen. Lavendel-spray <3 <3 <3

Visst du óg har lyst på ein slik rom-parfyme (i mangel på anna, bedre definisjon av produktet), så fann eg ei nettadresse der du kan komme i kontakt med forhandlarar på etiketten av flaska: www.sjarmtrollparty.no ;)

Og i kveld fekk eg besøk av ei venninne som bur like ved, og ho hadde med seg ei nydeleg klar glaslykt frå Hadeland med lys oppi, som passa fint oppå den eine hylla vår. Og når vi har fått oss hus skal den nok få seg ein enda finare plass å stå, så den kjem meir til sin rett :) Forresten fekk eg óg ein pakke med 18 lavendelduftande telys, ved sidan av lykta, som kort :D *LYKKE*

No luktar det godt her Heime hos Oss ;D

Saturday, December 4, 2010

Spredning av julelukt

...frå her HeimehosOss til heimen til Ruth Helene, Silje Amalie og Ingsybings, blir det med andre ord sendt Iselin si heimelaga julerøykelseblanding :) Desse, henholdsvis deltakar nummer 1, 8 og 6, var nemmeleg vinnarane av Jule-GiveAway'en min - bestemde av Random.org som (åpenbart) trekk tilfeldige tall mellom to gitte tal. Ein heilt uavhengig og upartisk trekkeansvarlig med andre ord ;)

Gratulerer :)

...og mamma, som ikkje vart trekt ut som vinnar,
får sjølvsagt julelukt allikevel ;) hehe :)

No ventar eg berre på adressene dykkar, så vert røykelsen sendt med posten :)
De kan sende postadressa på mail; iselin_ytre_hauge@yahoo.no :)

   

Tuesday, June 15, 2010

Lukt av lavendel

Eg kom på det fordi vi no er tomme for det, for lukt av lavendel..
Lavendel er noko av den beste lukta eg kan tenke meg i eit nyvaska hus og av nyvaska klé!
...og i hagen, når lavendellukta sprer seg med brisen som rusker rundt mellom blomstrane...

Lavendelen blomstrar ikkje enda her i alle fall (rettare sagt utforbi naboen som bur cirka halvannan meter lenger borte), og derfor er savnet enda større etter lukt av lavendel inne! Så snart sjansen byr seg (dvs så snart eg finn ut at eg skal på handletur til sentrum), skal eg derfor innom Farmors Hus i Strandgaten og kjøpe ei flaske med Lavendel-luktande vaskemiddel til hus og kléde. Gler meg allereie!



Har du prøvd Durance vaskemiddel til hus eller klede?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...