Showing posts with label vask. Show all posts
Showing posts with label vask. Show all posts

Sunday, August 1, 2010

Forslag frå Norema

Vel, vi har uttrykt tidlegare at vi likar godt eit av IKEA sine kjøkken. Men det finst verkeleg mange veldig flotte kjøkken rundt omkring hos andre store, og meir eksklusive kjøkkenleverandørar. Vi kan ikkje la vere å kike rundt og drøyme oss vekk heller... Og finn vi drømmekjøkkenet ser vi vel ikkje vekk frå at vi legg litt meir pengar i det, sett i høve til IKEA-kjøkkenet vi har sett oss ut.


Eitt alternativ er altså kjøkkena frå Norema, som heiter Edel og Tid. Her er eit bilde, henta på Norema sine heimesider, at kjøkkenet som heiter Tid:


Vi var hos Norema i Bergen og dei ville teikne eit forslag til kjøkkenløysing for oss. Kort tid etter vi var der fekk vi to ulike løysingar tilsendt pr mail. 

Det eine forslaget er utarbeidd med stor benkeflate på heile tre veggar. Overskap på berre ein vegg, men til gjengjeld mykje store skuffer under den langstrakte benkeplata. Med dette kjøkkenet ville manglande oppbevaringsplass aldri bli eit tema.. eller.. aldri sei aldri, eg er jo ein storsamlar... Det ville i alle fall ta tid før plassmangel blei eitt eventuelt tema ;P hehe.. Komfyr er plassert sentralt i rommet på ei øy, der det også er plass til å sitte på barkrakkar rundt og innta eksempelvis frukost. Vi har ei spisestove tilknytta kjøkkenet, og denne kjem vil til å bruke dagleg når vi skal ete fellesmåltid som middag.  


På samme vegg som dei få overskapa er å finne, har vi også fått inn kjøleskap og frys, ein steamovn og ein steikeovn.


Personleg synest eg dette forslaget verkar for voldsomt med tanke på benkeflata, som forøvrig også med sin massive framtoning gjer veggane uten overskap overdrevent nakne. Vel er eg for å ha luftige kjøkken med litt færre overskap enn det tradisjonelle, men dette blei litt overkill (eller kanskje skal eg heller kalle det underkill?) for min smak. Eg er også skeptisk til denne løysinga med øya og komfyren slik. Eg tar kanskje feil, men ser for meg at det blir steikesprut heilt over på barkrakkane og gjerne også på golvet, når ein skal steike noko i panne der?..


På dette forslaget er det mindre langstrakt benkeplass og halvøy i staden for øy. Og sjølv om det ikkje er stort meir skap oppe på veggen enn på det forrige forslaget, så synest eg allikevel at dette ser ut til å vere eit langt meir lunt og heimekoseleg kjøkken enn det andre. Spesielt godt likar eg "seksjonen" med benk til å sitje på ved vindauga til høgre i bildet. Tenk så herleg å sitte der og sjå ut på frukt- og grønsakshagen ved uthuset, kanskje lese ei god bok, medan dagens middagsansvarlege kokkelerar og den gode matlukta sprer seg i rommet.. Å, eg ser det så klart for meg at eg nesten kan kjenne luktene og velbehaget! Men forøvrig vil vi få det samme (eventuelle) problemet med komfyr på øya her, som på det forrige forslaget.. Skulle gjerne fått høyrt erfaringane til nokon som har denne typen utforming, der komfyren står plassert slik på ei øy som dette..! :) Uansett, dette forslaget ser unekteleg bra ut sett bort frå komfyr-problemet mitt :) Eg kunne lett like å ha dette kjøkkenet!

Skulle eg forresten endra på noko, så måtte det vere å få flytta den vakre porselensvasken bort framfor vindauget, og vidare plassert komfyren mot ein vegg. Kor eg skulle plassere komfyren er eg elles usikker på, sjølv om alternativa åpenbart ikkje er uhorveleg mange. Tekk uansett i mot forslag med stor takk :)

Tuesday, June 15, 2010

Lukt av lavendel

Eg kom på det fordi vi no er tomme for det, for lukt av lavendel..
Lavendel er noko av den beste lukta eg kan tenke meg i eit nyvaska hus og av nyvaska klé!
...og i hagen, når lavendellukta sprer seg med brisen som rusker rundt mellom blomstrane...

Lavendelen blomstrar ikkje enda her i alle fall (rettare sagt utforbi naboen som bur cirka halvannan meter lenger borte), og derfor er savnet enda større etter lukt av lavendel inne! Så snart sjansen byr seg (dvs så snart eg finn ut at eg skal på handletur til sentrum), skal eg derfor innom Farmors Hus i Strandgaten og kjøpe ei flaske med Lavendel-luktande vaskemiddel til hus og kléde. Gler meg allereie!



Har du prøvd Durance vaskemiddel til hus eller klede?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...