Showing posts with label Farmors Hus. Show all posts
Showing posts with label Farmors Hus. Show all posts

Sunday, December 5, 2010

Gårsdagens bursdagsborn

(aka Megsjølv) har hatt ein super bursdag i år også! Vart vekt av to blide unger  (og ein blid mann ;) med ei stor, sjølvinnpakka gåve. Den var så stor at far i huset måtte hjelpe dei med å bære ;P Burde hatt bilde av innpakkinga, for den var kreativ, men eg fekk raskt hjelp med å rive det av, så tid til å hente kamera var det i alle fall ikkje.
Inni gåvepapiret skjulte det seg forresten ei nydeleg fin lykt som kjem til å passe perfekt ute ved inngongspartiet, på trappa til vårt kommande hus.. Eg gler meg! Enn så lenge får lykta pryde den vesle veggplassen mellom sofaen og TV-benken.


Lykta er innreidd med eit stort lys oppi ei enkel lyslykt i klart glas (er ekstremt redd for flammar og potensielle brannar, så eg likar å ha sikra meg dobbelt først som sist ;), og elles med masser av kongler rundt glaslykta inni lykta.. hehe :) Må jo bruke dei sjølvplukka og sjølvmodna (les: omnsbakte) konglene, når eg først har lagt ned så mykje arbeid med dei :D (Klikk på ein av linkane i dette avsnittet, så kjem du til innlegget eg skreiv om kongleeksperimentet mitt ;)

Elles har eg fått pengar av både svigers, svoger og mine eigne foreldre, så no har eg ny jakke frå VeroModa, god lue med brem, og herlege, elegante skinnhanskar frå H&M, og enda har eg pengar til overs (og har ikkje tenkt å bruke dei på EuroPris, som eg plutseleg kom på når eg avslutta setninga som eg gjorde).. :D

Det er skjønt å ha bursdag med andre ord ;D

...og så må eg ikkje gløyme, eg fekk eit nyyydelig skilt frå FarmorsHus som skal pynte opp heimen, av den eldste av mine to småsystre - som altså er på besøk i helga :) (Var forresten på FarmorsHus sjølv i går, og fekk fylt opp lageret med lavendelduftande Durance-produkt ettersom eg snart var tom :)

Mannen har bestilt London-weekend til oss på nyåret, så enda har eg gåver å glede meg til (reknar med det blir shopping i London, sjølvsagt ;) Eg har planar om litt loppemarknad-besøk, litt vanlege butikkar og litt kunstmuseum. Mannen er muligens lysten på å sjå ein musikal, så vi burde kanskje sette oss ned og sjå kva som går og få tak i billettar snart, har høyrt det kan bli fort utseld... :) *gler meg*
Eg kan avsløre at dette er vår fyrste "ordentlege" kjærastetur på 7år!!!
Så det er på høg tid med andre ord :)
*Takk til snille besteforeldre som ikkje nølte med å sei ja til å passe unger*

Wednesday, August 18, 2010

Home&Cottage

Ein av mine absolutte favorittar blant interiørbutikkane i og rundt Bergen er nettopp Home&Cottage, som held til på Gullgruven ved Åsane. Var innom ein kjapp tur i dag, heile familien. Men ettersom det var eit av dei siste stoppestadane på handlerunda vår, og ungane var trøtte og leie, så vart det ikkje tid til stort meir enn ein kjapp svingom innforbi "døra" før vi var ute igjen. Fekk i alle fall med meg nok til å forstå at der er salg om dagane, og som alltid er der mykje fint. Anbefalar alle som likar fransk, landleg, romantisk stil å ta turen innom den koselege butikken - salget varar ut august til opplysning :)


Håpar det vert høve til ein tur ut igjen for mitt vedkommande også, før salget er over. Men då skal det vere utan ungar som ikkje kunne brydd seg mindre om fransk landstil eller interiør what so ever XP ...sjølvsagt...



PS: Farmors Hus (ein annan favoritt) ligg like ved Home&Cottage, og forøvrig også BlackDesign samt factory-outlet fra Tilbords inne på Gullgruven, så der kan ein jo slå fire fine fluer i samme smekk ;D Kan umulig bli stort bedre! :D

Wednesday, June 16, 2010

No trur eg

- og det hadde eg eigentleg ikkje tenkt på som ei reell mogelegheit, at det går an å blakke seg på vaskemiddel... Men samtidig må eg legge til - det er veldig verdt det!




Nei, okei... Eg har ikkje blakka meg, men addict'en i meg tok overhand når eg var på FarmorsHus i dag for å kjøpe golvvaskemiddel med lavendellukt... Det var nemmelig eigentleg berre det eg skulle ha... Merk deg; EIGENTLEG!

I det eg hadde passert "dørstokken" til butikken og kjende lukta av lavendel og anna Durance-greier, så mista eg ALL kontroll. Utan at eg kan klandrast for det (rettsleg kallar ein det vel å vere utilregneleg i gjerningsaugeblunket) hadde eg plutseleg ikkje berre flaska med golvvask i handa (den er forresten komt i ny, praktisk forpakning med pumpe og er forøvrig blitt så fin at eg lett har den ståande på oppvaskbenken).. I tillegg hadde eg også ei akkurat like fin pumpeflaske med oppvaskemiddel (dette luktar himmelsk mint og verbena og matcher lavendel-lukta Perfekt!), samt også ei flaske av den originale typen med klesvaskemiddel. Kjøpt og betalt! Og eg meinar det; Heilt hundre prosent Pluttseleg. Vips (!) liksom... Jaja, shit happens - og i dette tilfellet luktar "shit" veeeldig veldig godt ;oD




Er nok bedre for sjølvfølelsen min si skuld å henvise til dette innlegget i staden for å sjå han inn i augene og tilstå, når Knut lurer på kva dei firehundreogeittelleranna kronene på FarmorsHus (som er gått frå hans kort!!!??!.., Heeh) er for noko... *eg-prøvar-så-godt-eg-berre-klarer-å-lage-dådyrauge-med-mine-små-gluggar-med-korte-tynne-bustar-av-augevipper-på*

Tuesday, June 15, 2010

Lukt av lavendel

Eg kom på det fordi vi no er tomme for det, for lukt av lavendel..
Lavendel er noko av den beste lukta eg kan tenke meg i eit nyvaska hus og av nyvaska klé!
...og i hagen, når lavendellukta sprer seg med brisen som rusker rundt mellom blomstrane...

Lavendelen blomstrar ikkje enda her i alle fall (rettare sagt utforbi naboen som bur cirka halvannan meter lenger borte), og derfor er savnet enda større etter lukt av lavendel inne! Så snart sjansen byr seg (dvs så snart eg finn ut at eg skal på handletur til sentrum), skal eg derfor innom Farmors Hus i Strandgaten og kjøpe ei flaske med Lavendel-luktande vaskemiddel til hus og kléde. Gler meg allereie!



Har du prøvd Durance vaskemiddel til hus eller klede?

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...