Juleklisjéen, men som trass i at den kanskje er ein klisjé faktisk stemmer, heiter at
det finaste med jula er ikkje sjølv å få, men å kunne gje. Eg elsker å ha mogelegheita til å gje gåver til dei som står meg nærme, og eg elsker å ha mogelegheita til å legge gåver under treet til Frelsesarmeen, til dei som sjølv ikkje har det like godt økonomisk og sosialt som vi har. Det er ikkje mindre enn
eit stort privelegie og ei glede, som dessverre ikkje er alle forunt å ha mogelegheita til sjølv i verdas rikaste land...
Vel er ikkje
dette eg har å gje eventuelle lesarar av bloggen, men det er då noko. Og i alle fall er det noko som eg sjølv likar godt, og for meg sjølv dreier det seg om
julestemning i duftform. Kanskje vekker
mi personlege julerøykelsesblanding julestemninga i deg óg? Har du lyst å gje røykelsen ein sjanse, så er alt du treng gjere å
legge att ein kommentar under dette innlegget. Hugs å skrive e-posten din, slik at eg kan få kontakta deg for å sende røykelsen i posten dersom du er ein av dei som vert trekt ut ;)
Merk: Det er berre hyggeleg om du vil låne bildet ovanfor og linke til dette innlegget i din eigen blogg ;) Legg då gjerne ved link til dn eigen blogg i kommentaren, så eg lett kan "komme på besøk" i din blogg også :)
Eg trekker
3 vinnarar som kvar får éin pakke á
25gr julerøykelse, til bruk i duftolje- og røykelsebrenner a la denne (fra boots.no):
Datoen for trekninga er
4. desember - på bursdagen min :D
*Enda ein god grunn til å feire med GiveAway*
Lykke til! :)