Showing posts with label barn. Show all posts
Showing posts with label barn. Show all posts

Monday, August 8, 2011

Kaker og krutt

Litt over klokka 3 i natt var veslesnupp nøyaktig 3år gammal.
Eg syns det var herleg spesielt å ligge i "fødesenga" 
med ei sovande snuppeliten krølla saman i armkroken min,
og tenke på at akkurat her for akkurat 3år sidan,
så vart vår vesle vidundersnuppe født

♥

Vi feira på forskudd med barneselskap i går,
og det måtte sjølvsagt vere HelloKitty-kake

♥

Gratulerer med dagen vesle prinsesse!
Vi er ubeskriveleg glade i deg ♥




Tuesday, March 29, 2011

Meir til jenterommet

Vårt vesle dunder er etter alt å dømme like godt nøgd med fluesoppsaker, som er innkjøpt til rommet hennar, som det eg er. Det vil sei, ho likte fluesoppkrakken ho fekk frå Kremmerhuset. Og indirekte har ho dermed sagt seg einig i eit rom prega av skog, eventyr og Raudhette spesielt.


Trykk på collagen for å komme til innlegget
med spesifikasjonar om produkta/bilda.

Yngstetanta har hjelpt litt til, utan at det var tilsikta med tanke på tema. Då ho var på jentetur til Oslo i vinterferien, gjekk ho nemmeleg til innkjøp av nokre skjønne keramikkskåler frå Søstrene Grene.

Ei nydeleg muffinsskål med lokk, og to herlege kakestykkeskåler med lokk. Desse passer perfekt til Raudhette som skal til Bestemor med blant anna kaker i korga. Ei muffinssparebøsse, som er å få tak i hos KidsParadise - som bildet under er henta frå, ville komplimentert Søstrene Grenes fine skåler og temaet vårt perfekt!



Sengehimlingar har eg oftast komme over i duse pastellar, og aller helst rosa i så måte. Då var det veldig kjekt å finne denne, som er pynta med grønt og raudt på det kvite stoffet. Den tek opp at alle dei tre hovudfargane i temaet for rommet. Teppet som ligg på golvet her hadde heller ikkje vore å forakte - men når ikkje KidsParadise har det i sortimentet sitt, kvar skal ein leite då? Har du sett eit slikt gras-aktig teppe nokon stad?

(Bilde frå KidsParadise)

Mormor, eller eigentleg oldemor, traff også blink med ei gåve til snuppa. Ho fekk dette nydelege mini porselenserviset i raudt med kvite prikkar. Det er ei viss fare for at ho eigentleg ikkje er stor nok til å leike med slikt, med sine to og eit halvt år, for to av delane har gått i golvet og knust. Heldigvis ikkje verre enn at det er mogeleg å lime dei i hop att, men allikevel... Godt at det går an å kjøpe nytt i gåve når ho blir litt eldre, for dei har nemmeleg settet i sortimentet sitt på Brio!


Prikken over i'en i Raudhette-temaet, må vel bli å kunne pryde senga med dyne og pute kledd i dette sengesettet frå ByNord? Love it!





PS: Har planar om ei opprydding i etikettane mine her inne, så det vert enklare å navigere seg rundt i tidlegare postar, har du gode tips vert eg (som alltid) ikkje lei meg ;)

Saturday, March 12, 2011

Noko nytt på middagsmenyen

Det er på tide å skifte ut 6 vekers menyen Heime hos Oss. No er vi falt av lasset med den, og det ser eg på som eit teikn på at vi er begynt å bli lei den. Men det gjer no verkeleg ikkje noko å spikre saman ein ny 6 vekers meny eit par, tre gongar i året, når det betyr at ein slepp å tenke på "kva skal vi ha til middag!?" kvar einaste dag - forhandle om menyen nesten kvar einaste dag - handle inn til middag kvar einaste dag... DET er nemmeleg krevande, både tidsmessig og økonomisk.




Når vi innsåg realiteten i går og kjøleskap og frys i tillegg var tomme, så tok vi med ungane på butikken og lot dei velge middagsingrediensane i grove trekk. Ei kunstpause utanfor Kiwi'en, med eit velretta fokus på plakatane som reklamerar for nøkkelholskampanjen til kjeden, satte ungane i riktig stille før dei skulle velge.


"No fikk eg en idé! Vi ser om vi finne nåkke med nøkkelhull!"

Gutungen var storfornøgd over den brilliante, sjølpåkomne idéen, og mamma'en og pappa'en gledde seg over at størstemann enda ikkje er for stor til å la seg styre utan at han merker det sjølv. Alle hjerter gledde seg med andre ord - på alle måter :)


No har tydelegvis ikkje prior bilde av kalkunkjøttbollepakningane (...laaangt ord!), slik dei er nøkkelholsmerka. Men dei er altså merka med nøkkelhol, og av den enkle grunn vart dette hovudingrediensen som gutungen valgte. Og når det så var vårt vesle dunder sin tur til å velge ingrediens, i grønsakshylla, så valgte ho det største ho kunne få auge på...


Vi ba ho fint om å velge på nytt, og då helst noko litt anna enn kål (...kjøttbollar og kål!!?!...). Og då kom ho på grønnsaksfavoritt nummer ein: Minimais. Gutungen ville ha noko raudt til, og valget falgt på kule lange paprikaer. Greit det! ..og når mamma ville ha noko grønt så tok vi med oss hjertesalat også - den er god når den er varm også nemmeleg ;)



Ris som metningsgarnityr, fordi ingen av ungane er begeistra for poteter, og fordi dei hadde fått pasta til middag dagen før (dei kan visst vere "fornuftige" når dei føler dei har litt ansvar, desse små!).


Idun ketchup er ein soleklar wannabe-saus-favoritt hos begge ungane, så der var det ikkje snakk om å kikke etter nøkkelhol eller andre smutthol for mamma og pappa... Men vi tok med oss eit glas sweet and sour (fordi mamma eigentleg hadde hatt lyst på noko asiatisk-aktig til middag..)




Og slik vart det altså. Hadde nok aldri blitt ein slik kombinasjon til middag, om ikkje ungane fekk sleppe til og bestemme. Kjekt med borna sin middags-dag både for oss og dei - så kanskje det skal bli ein fast eigen "borna bestemmer i lag" dag på den neste menyen vår! :) For det vart verkeleg ikkje så verst middag av det ;) Faktisk vert nok neste kjøttbollemiddag meir lik denne enn slik vi har pleidd å ha kjøttbollemiddagar; med kjøttsaus og spaghetti á la Disney's Lady og Landstrykeren :D


Middagen i korte trekk;

Pannesteikte kjøttbollar
servert med sauterte grønnsaker
Uncle Bens originale sweet n'sour saus
og kokt ris

(NB: Bortsett frå menyane mine øverst,
så er alle bilder google-funn... ;)




...forresten... no kan det nesten høyrast ut som at ungane ikkje vert teke hensyn til i den øvrige middagsmenyen som vi vaksne så tydeleg bestemmer. Men slik er det ikkje - deira favorittar plasserer vi sjølvsagt også i den faste 6 vekers menyen, med jamne mellomrom ;) Det er berre det at om dei skulle fått bestemme frå dag til dag, så hadde det vore lite variasjon kort og godt - dei kunne levd godt og lenge med pannekaker og spaghetti med kjøttdeig annankvar dag på menyen nemmeleg.

Wednesday, March 9, 2011

Gjett kor glad eg er i deg

Vi har fått spysjuka i hus, og det er ikkje stas..
Men når eg no er skikkeleg lei etter berre nokre timar med kvalme og oppkast,
tenker eg på gravide som er kvalme i fleire veker og kanskje månader..
Men når ein er gravid så ventar det jo løn i enden av det heile,
og då er det allikevel ikkje så rart at vi vel å gå gjennom det heile! :)

Då eg var gravid med eldstemann fann eg verdas skjønnaste bok,
som eg berre ikkje kunne gå i frå i butikken.
...enda babyen i magen var langt frå "ferdig", 
og det var lenge til han ville vere interessert i bøker...


Den vordande pappa'en hadde lese at babyen i magen
"trengde" å høyre pappa'en si stemme før fødselen,
for å la seg roe av pappa'en si stemme etter fødselen...



Så på kveldane fekk eg klar beskjed om å lukke munnen
(noko eg generelt har og har hatt godt av å øve på),
og så han kunne lese høgt til babymagen
før vi sovna for kvelden...

Så medan pappa'en las til babymagen, 
vart mamma'en berre meir og meir forelska i den skjønne kaninhistoria,
og i den skjønne mannen sin...
(som om eg ikkje var forelska nok frå før)


Det har lenge gått sport i å vere meeest (eller høgst og lengst)
glad i kvarandre her Heime hos Oss.



Når eg kom over denne veggdekoren hos KidsParadise,
så kunne eg ikkje anna enn å bli nyforelska all over again...
Det er ikkje tvil om kva som skal pryde veggen over sprinkelsenga
når neste vesle gull ein gong kjem inn i familien!







NB! Ikkje gløym å melde deg på GiveAway'en, der du kan vinne eit nydeleg veggord..
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...