Sunday, October 3, 2010

Dagens rett

Vel, ut frå menyen å dømme skulle ein tru at vi åt lapskaus til middag i dag, men dei gjorde vi altså ikkje. Reglar er til for å brytast, og i dag har eg vore storkriminell i så måte... Neida!! Eg er faktisk ikkje heilt på tuppa i høve å følgje seksvekersmenyen vår slavisk ;) Og fordi vi hadde ingrediensane parat, ettersom det ikkje vart laga Fransk Bondesuppe forrige søndag, så laga vi det heller i dag.
Og det var GODT! :)

Fordi det sikkert ikkje er alle som har smakt eller overhodet har høyrt om Fransk Bondesuppe, så tenkte eg å dele "oppskrifta" med dykk ;) Det vi laga i dag, kunne sikkert holdt rikeleg til 5 vaksne. Vi var tre vaksne og tre barn, og enda har vi middag til i morgon :)

Vi brukte desse ingrediensane:

  • 1 pk karbonadedeig
  • Ca 2 ltr vatn
  • 3 stk buljongterningar (okse)
  • 1 medium kålrot i terningar
  • 4 store gulrøtter i skiver
  • 4 medium poteter i terningar
  • 1/2 purrelauk i skiver
  • 1 kepalauk (gul lauk) i terningar
  • 1 chilli i halvmåne-strimlar
  • 3 toppa ts knust kvitlauk
  • 1 boks lettrømme
Og slik går ein fram.. Også kalt framgongsmåte..:

Brun kjøttdeiga med ein dash olje i botnen av ein stor kjele, på middels varme. Hell over vatnet og buljongen og kok opp. Bruk ei ause for å ta av og kaste skummet som legg seg på toppen når det heile kokar - dette er ureinheiter frå kjøt og buljong.. Ha i grønnsaker inkludert poteter, chilli og hakka kvitlauk, og la det koke til det er passe mørt. Hugs at det skal være tyggemotstand i grønnsakene ;) Når suppa er ferdig kokt, så kremer du den med å røre i rømmen. Den ser gjerne ut til å breste, men det har overhodet ingenting å sei! Berre rør det godt inn, og pass no på at suppa ikkje koker igjen :)

Smak til suppa med salt og pepar, og server gjerne med kvitlauksbaguettar :)


Dette er ei oppskrift eg har fått av mamma, som ho igjen har fått av sin mamma om eg ikkje hugsar feil no.. I alle fall - nydeleg god, og no når eg har modifisert oppskrifta litt og deriblandt bytta ut creme fraîche med lettrømme, så er den jammen eit hakk sunnare enn originalen ;P

Verdt eit forsøk ;D




PS: Vaniljeis med varme skogsbær til dessert var ikkje feil ;) ...og forresten.. hugs å ta av suppe til ungane, før du har i chillien, dersom ungane ikkje liker mat som prikker på tunga ;)

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...