Monday, March 21, 2011

Mandag

I dag er det mandag. Blåmandag. Første dag etter ei deilig helg med fridagar. Heile veka som ligg føre oss, må vi arbeide oss trufast gjennom før vi på ny kan nyte helg. I USA er dei allereie på dag nummer to i veka. Hos dei er søndag første dag. Visst eg tenker at vi er komt til den andre dagen i veka, så mandagar er i grunn ikkje så verst allikevel. Snart er vi halvvegs!? Veka er trass alt ikkje så lang, så det skal i grunn ikkje mykje til før vi er halvvegs...  


I går vann eg gi-bort'en til Loppehjemmet (bildet over er derfra). Blå premie faktisk! Nydeleg heimelaga pute og like nydeleg vimpelrekke, sendt frå den kreative dama bak ein nydeleg blogg. Blå vimpelrekke med stjerner på, må vel bli perfekt match med univers-temaet som storebror skal ha på rommet sitt!? Dette gjer forøvrig ikkje starten på arbeids studieveka dårlegare, å vite at det snart, snart ligg ein finfin pakke i posten til meg. Kanskje er dette lykke-veka mi? Kanskje er det denne veka eg vinn i Lotto? ...sidan veka begynte så bra meiner eg... Ja, sånn tatt i betraktning at søndagen i går var starten på veka mange andre stader i verda enn her, altså. Ny veke nye vinnarsjansar. Generelt nye mogelegheiter.

Fargeglade bornebøker sortert etter farge.
Ikkje bibliotek-praktisk, men farge-fint!
Blanke ark til å farge som ein vil. Eg vil ha ein vidtfamnande palett. Eg vil ha alle valørar og alle fargetonar. (Eg slit nemmeleg med å begrense meg og velge..) Vil få tid til alt, gjere det meste. Gjere det raskt og gjere det godt. Når veka er gått, synest mykje å ha blitt blått. Eller rosa. Eller grønt. Men liksom aldri full palett, og i alle fall ikkje i fleire tonar. Det gjeld vel å ikkje famne for vidt, og å vere nøgd med det som har fått farge kvardagen i staden for å trege over fargane som ikkje kom med..

Lykke er ikkje noko som kjem snikande av seg sjølv...

Den gamle IKEA-tavla som heng på kjøkkenet og samlar rekningane for oss, er også fin til å skrive små vidsoms-notatar til oss sjølve på. Det er av og til nødvendig å minne seg sjølv på at ein er herre over eiga sinnsstemning og haldning til livet ;)



1 comment:

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...