I interiøret i dag er det vel plass til både naturlege "Knerten'ar" og porselen i allslags fargar og fasongar i tilleggg. Men i barnehagen til ungane har dei rett og slett porselenifisert (nytt ord!?) den opprinnelege, naturlege Knerten samt kongler og mose. Prosjektet heiter Støypeskogen, og resultatet av det er akkurat like fascinerande som det høyrest ut.
Som nemnt i forrige innlegg her Heime hos Oss, så var vi ein tur i skogen i dag. Like ved støypeskogen faktisk. Vår tur i dag vart kanskje ikkje like idyllisk og uproblematisk som sist innlegg antyda forventningar om. Men den var allikevel fin nok til at vi kosa oss bra dei to timane vi var ute. Litt snørr, tårer, krangel og småskader må ein rekne med! Uansett; Det var der i skogen ungane var med barnehagen og fann kvistar, mose i ulike fasongar og mini-kongler, som sidan skulle porselenifiserast på keramikkverkstaden til ein av dei barnehageansatte.
Flotte, organiske former som kling mot kvarandre i den lette brisen og lagar spel i skoglufta. Estetisk både for auga og øyrene med andre ord. Må sei eg er veldig imponert over kor kreative og flinke dei er i barnehagen altså. Verkeleg inspirerande!
Det er mogeleg eg er innhabil? Men seriøst - er det ikkje spennande og fantastisk fascinerande, flotte formasjonar i denne porselenskunsten!?? Får jo lyst å prøve det samme sjølv jo... Skulle berre hatt ein keramikkverksad... ;)
Dette var virkelig veldig vakkert og inspirerende!!! Hilsen en selvstendig næringsdrivende porselenskunstner :)
ReplyDeleteSå gøy! :D
ReplyDeleteMå kanskje legge til at den barnehageansatte som var pådrivar for dette prosjektet (i barnehagen som også ellers er profilert som en kunstbarnehage), ho driv også som sjølvstendig næringdrivande keramikar. Så det er ho vi har å takke for at borna har fått lov og har kunnet få gjere noko slikt :)
Du vant;)
ReplyDelete