Sunday, March 31, 2013

Vel overstått

Påska er på hell, og vi kan konstatere at den vart god i år også.

Jesus har vunnet status som hovudperson over påskeharen, sjølv om sistnevnte også har spelt ei vesentleg rolle i år som i fjor - saman med Freia, Nidar, Malaco og fleire til. Eg er spent på om statusfordelinga held seg fram til neste års påske, eller om det då på ny ser ut til at haren stikk av med seieren når startsignalet for påska går...

Siste påskedagen skal nytast, som dei føregåande, med familiekos, brettspel, påskeegg-eting, og i tillegg ein Aprilspøk eller ti :)







Friday, March 29, 2013

Jesus vs Påskeharen


Ungane gjekk påskerebus i går, og skulle blant anna svare på om det er påskeharen, Jesus eller påskekyllingen som er den eigentlege hovudpersonen i påska..

"Ikkje enkelt.." meinte fleire. "Lurespørsmål!" påstod andre. "Lett å la seg lure", sa éin, "og tru at det er Jesus når det eigentleg er påskeharen.."
Men alle viste at det var palmeplad, og ikkje banan- eller teikneserieblad, som vart lagt ned på vegen då Jesus kom ridande på eselet i innleiinga til påska..

I dag har eg sett fram eit påskebilde som skulle kastast på skulen her. For sjølv om det er kjekt at påskeharen kjem på besøk til sjoko-glade store og små, så vil eg gjerne at ungane skal vite kva som er den eigentlege grunnen til at vi feirer påske, og har ein av verdas lengste påskeferiar..

Det spørst om politikarane vert overbeviste om at påskeferietradisjonen må haldast ved like, så vi har god tid saman med familien til å heidre påskeharen og støtte sjokoladeprodusentane...





Wednesday, March 6, 2013

Systove!

Eg seier det igjen - no er det lenge sidan sist blogginnlegg!
Det vart vel mykje det siste halvanna året,
Med avsluttande studiar, bryllaup, flytting x 2, 
og ikkje minst ny jobb med nye kollegaer og nye oppgåver.
Men jammen har det vore kjekt også,
så bloggen har rett og slett blitt gløymt..




No er kvardagen nokon lunde stabil igjen,
og det er uvant, så no trakker vi til
og får kvalp i løpet av helga 
og med barn nr 3 på veg.. 




Er for tida sjukemeldt ifb svangerskapet,
og held meg helst heime.
For å ikkje forgå av å kjede meg,
så har eg etablert systove i spisestue-delen
av stova vår :) Noko må ein jo ha å gjere,
mellom spyturer og sovepauser på sofaen ;)



Sunday, November 4, 2012

Tida går ingen stader!

Eg som trudde at livet skulle gire ned eit par hakk
når berre husbygginga var ferdig;
Innreiing tek jammen tid det også!
Men det synest eg er langt kjekkare,
så då kan tida berre tikk-takke avgårde.
Tida går jo uansett ingen stader.
Det kjem stadig meir av den allikevel!
 
Det siste større innreiingsprosjektet mitt
er denne tikk-takk-klokkeveggen.
 
 
Bildet er ikkje godt, men det får vere.
Det er samansetjinga av klokkene som er greia,
ikkje utsnittet av bildet, og ikkje lyssettinga
(sjølv om eg gremmes over begge deler
når eg no ser på bildet...)!
 
MEN, altså:
Om du synest klokkeinstallasjonen er så mykje som litt tøft,
så blir eg kjempeglad om du tar deg to sekund til å venstreklikke på bildet,
og så trykke liker under dette samme bildet
innen førstkommende torsdag :)
 
På forhånd tusen mange tikk-takk!
Ønsker alle som er innom ei strålande veke :)
 

Sunday, May 6, 2012

Dekorerte veggar på barneromma

Forrige helg arbeidde eg og ungane i hagen, 
og fekk planta ut sukkererter, sådd gulrøter,
strødd frø til "markjordbær" og blomstereng,
og fabulerte om at vi denne helga skulle sette poteter...
Alt dette medan vi tassa rundt i korte ermer
og samla fregner under herleg vårsol ♥

Det vart ikkje potetsetting i helga for å sei det enkelt.
Surt og kaldt, og vinterjakkeveir for frostpinnar som meg.
Men det betydde jo berre at tida måtte nyttast godt innomhus,
og dermed er veggane på romma til ungane blitt dekorerte
med diverse veggklistremerker frå rundtomkring...

Snuppa har fått eit nydeleg tre med uhorveleg mange blader...



 ...nokre skjønne og fargeglade ugler på ei grein....


...og ein songglad spurv på lista over vindauget.




Veslegut storebror har for lenge sidan bestemt seg 
for at han skal ha StarWars-rom, så han har fått to 
jedi'ar som skal passe på han når han søv:




Og no ynskjer eg meg veggdekor på mitt soverom.
Initialane til meg og min kjære, som eit monogram over senga til dømes...


Sunday, April 8, 2012

Eit rekande himmelrike

Eg sit og jaktar på potensielle spisestuebord,
og i denne jakta kom eg over
eit himmelrike av drivved,
eller rekved om du vil...


Ikkje berre av spisestuebord, men allslags anna også.
Det er så nydeleg patina på naturleg elda treverk,
og det er så mykje slikt fint treprodukt å finne på denne sida!


Mykje inspirasjon til småmøblar ein kan lage sjølv også,
om ein berre har "litt" gammal plank liggande...


Alle bileta er henta frå http://www.drivved.no/


Saturday, April 7, 2012

Ingen husbyggingsglorifisering...

"Eg er lei. 
Så frykteleg, frykteleg lei, av å vente!"

Det er det eg seier til dei som spør
om korleis det går med husbygginga.
Først håpte vi på å vere inne til jul 2011,
men ganske tidleg innsåg vi at det virka mindre naivt
å offisielt håpe på vinterferieinnflytting.
I vinterferien sa vi høgt og tydeleg:
"Til påska er vi inne!"
...og dei siste vekene før påske sa vi spakt:
"Kanskje i løpet av påskeferien?"

Eg sukkar stille når nokon spør no:
"innan sommaren er her må vi i alle fall vere ferdige...".
Eg set på husbygge-theme-songen min "Always look at the bright side of life", 
og forsøker no å gjere nettopp det :)

I fjor på denne tida såg soverommet vårt slik ut:



Men no ser det slik ut
med nydeleg blomstrete tapet, ferdiglagt tak, golv og lister.
Ja, til og med ferdig nedvaska i all min vente-entusiasme
samstundes som fleire andre rom er langt frå ferdige..


Uthuset, eller skrothuset som er det vi eigentleg burde kalt det,
utgjer litt av utsikta i frå soverommet,
og skal forhåpentlegvis om nokre år fungere som min verkstad.
Keramikkverkstaden ♥ 



Sånn ellers manglar bada våre innredning... 


..men noko av innredninga er i det minste bestemt,
som blant anna dette badekaret
som skal stå like under vindauget..



Eg treng kanskje ikkje sei det, men eg gjer det allikevel:
Eg gler meg til stolt å kunne presentere
bilder av det ferdig innflytta huset! 



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...