Thursday, March 31, 2011

Lopper i blodet

Det beste med vår, etter det faktum at snøen forsvinn og naturen våkner til liv... Vel, det var jo kort oppsummert ALT våren i seg sjølv eigentleg dreier seg om, men allikevel: Loppemarknader! DET er det beste med våren, som ein god nummer to etter alt det våren altså eigentleg dreier seg om..  (Kvifor fatte seg kort og lettfatteleg, når ein kan gjere det langtekkeleg og komplisert?)

Kanskje finn eg fleire fine stoff?

Like mykje som eg gler meg til varme dagar (eg kan ikkje få sagt det nok) og høve til å samle fleire fregner, ettersom det ikkje er mykje anna brunfarge å hente i sola for mitt vedkommande, så gler eg meg til å tråle loppemarknader. Til helga er dei første i området her, som eg veit om... Det kriblar av lopper i blodet frå topp til tå, i pur glede og lengsel etter at dagen skal komme. Gamle småmøblar, koffertar, lamper, tekstilar og gamle bøker er førsteprioritet - så sant eg ikkje tilfeldigvis snublar over noko anna på vegen... Norgesglas hadde heller ikkje vore å forakte. Eg vil nemmeleg prøve å lage ei lampe av slike også ♥

Fine bilder til veggane hadde ikkje vore dumt å finne...

 
Mannen har i alle høve kontroll på kva skulelokaler vi skal til, og eg har kontroll på pengane vi skal ha med oss. Perfekt ansvarsdeling. Håper han synest det samme når dagane er over og innkjøpa er gjort, med eller utan han tilstades.. Vi har det nemmeleg med å komme bort frå kvarandre når vi er på slike stader, ettersom vi kikker etter litt ulike saker. Men igjen - det er nettopp då og derfor det er perfekt at eg er økonomiansvarleg akkurat desse dagane. 

Kanskje vert det symaskin til veggcollagen?

Og så skal eg sjå etter trekasser, gamle bøker, norgesglass, tallerkenhyller, settekasser, barnemøbler, sølvplettsaker, gammal kjøkkenvekt... og alt anna som eg ikkje kjem på nett no... ♥



2 comments:

  1. Heisann;) Eit lite tips om du er intressert i norges glass. Eg såg at dei hadde det på bruktbutikken i Førde:) Eg kjøpte ikkje siden eg har ei bestemor som har donert eit par glass til meg, så eg vei ikkje pris... Men der er det hvertfall mulig å få tak i:) og så har eg sett at dei ha pakninger på Jernia som passer til:))

    ReplyDelete
  2. Jeg skal på loppemarked neste helg tenkte jeg:):) Kjempe morro:)
    Ha en strålende helg frøken :)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...