Kanskje finn eg fleire fine stoff?
Like mykje som eg gler meg til varme dagar (eg kan ikkje få sagt det nok) og høve til å samle fleire fregner, ettersom det ikkje er mykje anna brunfarge å hente i sola for mitt vedkommande, så gler eg meg til å tråle loppemarknader. Til helga er dei første i området her, som eg veit om... Det kriblar av lopper i blodet frå topp til tå, i pur glede og lengsel etter at dagen skal komme. Gamle småmøblar, koffertar, lamper, tekstilar og gamle bøker er førsteprioritet - så sant eg ikkje tilfeldigvis snublar over noko anna på vegen... Norgesglas hadde heller ikkje vore å forakte. Eg vil nemmeleg prøve å lage ei lampe av slike også ♥
Fine bilder til veggane hadde ikkje vore dumt å finne...
Kanskje vert det symaskin til veggcollagen?
Og så skal eg sjå etter trekasser, gamle bøker, norgesglass, tallerkenhyller, settekasser, barnemøbler, sølvplettsaker, gammal kjøkkenvekt... og alt anna som eg ikkje kjem på nett no... ♥
Heisann;) Eit lite tips om du er intressert i norges glass. Eg såg at dei hadde det på bruktbutikken i Førde:) Eg kjøpte ikkje siden eg har ei bestemor som har donert eit par glass til meg, så eg vei ikkje pris... Men der er det hvertfall mulig å få tak i:) og så har eg sett at dei ha pakninger på Jernia som passer til:))
ReplyDeleteJeg skal på loppemarked neste helg tenkte jeg:):) Kjempe morro:)
ReplyDeleteHa en strålende helg frøken :)