Wednesday, March 30, 2011

♥ ♥ ♥ I heart you ♥ ♥ ♥

Har lagt merke til at mange brukar fine symbol i tekstane sine, på facebook, forum og på bloggane sine. Eg derimot har berre ikkje fått det til. Ikkje før no Jippi!!!
Eg fekk eit tips om ei fin side der alt stod greit forklart

Så, no gjeld det berre å hugse kodar så eg slepp å vere avhengig av å stadig returnere til oppskriftssida for å friske opp hukommelsen...

Fann ingen kode for å lage sommarfugl då.. Det skulle eg gjerne hatt, og eg veit det finst.
Men inntil eg finn ut av sommarfuglane, så får eg bruke og for å mane sommarkjensle fram...

Dagen i dag har hinta om at sommaren, med våren som forløpar, snart er på veg. Nydeleg sol og herleg opplett = mange born ute og leikar, og mange foreldre ute for å slå av ein naboprat og drikke kaffi medan vi held ungane under trygt oppsyn. Kan livet bli bedre? Neppe





PS: I dag er det 4 år sidan eg og mannen skreiv under på ekteskapspapira, så i følge staten har vi bryllaupsdag i dag ♥, trass i at vi sjølv berre føler oss formelt forlova... Uansett - det er ein grunn til å feire, og det har eg gjort. Med iskaffi  

3 comments:

  1. Gratulerer så masse med bryllupsdag! HErlig!

    Morsomt at du har funnet den siden, skal ta en titt selv!

    Ønsker deg en fin kveld!
    Klem

    ReplyDelete
  2. Gratulere ;D
    Viste ikke at det fants, takk for tipset, tror jeg må ta meg et tips selv :D

    ReplyDelete
  3. Gratulerer til dere:)
    Kjekt du er med på min Give away:)
    Ha en flott dag:)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...