Tuesday, March 1, 2011

Kor er skinnet mitt!?

Dei fleste born har vel eitt eller anna "must" for å få sovne godt og enkelt om kveldane. Sjølv hadde eg eit koseteppe, som eg brukte så lenge at det til slutt forsvant. Ikkje i den forstand at det vart oppbrukt, men i den forstand at eg vaks og vart vel stor utan teikn til å ville slutte med det. Så mamma eller pappa - eg veit ikkje kven, sørga for at det "forsvant"...



~ * ~

"Eg finner ikkje koseteppet mitt... kor er det?"
"Veit ikkje... det ligg vel der du la det i fra deg?"
*leiter litt til før eg nølande svarar*

"Næææi...??"

*med godt belegg, fordi eg er og alltid har vore ein rotekopp,
trekk mamma (eller pappa) på skuldrane og svarar lett overbærande...*

"Vel, sånn er det når ein ikkje passar på tinga sine...
Men du, no er du vel så stor at du ikkje treng noko koseteppe...!?"


~ * ~


Snuppa vår er merknadsverdig lite glad i kosedyr - spesielt med tanke på at ho er ei to år gammal jente.. Ho har derimot blitt "avhengig" av å ligge på lammeskinnsfellen, som ho har hatt sidan ho var nyfødd, når ho skal legge seg for natta. Berre ho har den, så kan ho legge seg til å sove kor det enn skulle vere. Praktisk for oss foreldre når vi er på tur, som aldri har problem med å få lagt vidunderet vårt, og ikkje mindre er det alltid varmt og godt for ho uansett. Det gjer ikkje noko å sove utan pysjamas, eller at dyna dett på golvet - for skinnfellen varmar godt, sommar som vinter...


(Ser du godt etter, så ser du at den gode ullputa frå Kremmerhuset,
ligg oppå nettopp ein lammeskinnsfell ;)


Så er vi seine med å få på plass skinnet i senga - dei gongene det er på avveger (det hender når snuppa finn ut at ho fortener ei ordentlig kosestund i sofaen på ettermiddagstid), så høyrer vi "Kooor er skinnet mitt!!!?" frå ei lettare panisk jentestemme på bornerommet.

Eg må sei eg skjønner ho godt, for saueskinn er jo berre sååå herlege og ikkje minst fiiine! Når det var tilbod på lammeskinn på IKEA like før jul, så kosta eg på meg ikkje mindre enn fire stykke. Så no har vi éitt i kvar sofa, éitt over lenestolen og så fekk storebror seg eit til å ha på hodeputa han også..


(Bildet er lånt frå www.villsaugarden.no,
som sel blant anna reinsdyrskinn ;)


Og no er det slik at eg også ynskjer meg eit reinsdyrsskinn (sjølv om eg ikkje akkurat har laga ein reinsdyrskinn-collage). Eg ynskjer meg også lappar av reinsdyrsskinn til å bruke som sitteunderlag, men eg vil altså gjerne ha eit heilt eit i tillegg... Dei er så vakre, og ikkje minst varme og gode! Ååå, den som berre hadde råd til alt det gjekk an å ynskje seg! ...i alle fall til å kunne kjøpe eit reinsdyrskinn, utan at mannen går ut av sitt gode skinn...

Det hadde trass alt vore vesentleg verre om mannen måtte rope på "kooor er skinnet mitt!!?",
enn kva det er når snuppeliten saknar sitt :P Nakne menn er ein ting, men skinnlause? ..men slik ståa er no så er det jo eg som er skinnlaus reinsdyrskinnlaus... Hmh...

What to do, what to do...!? Dette må visst grunnast litt på...



No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...