Monday, February 28, 2011

Ny klokke


Som gutungen så sjølvsagt slengde ut av seg hos kiropraktoren i dag, på spørsmål om kor lenge han hadde sove i dag tidllig (ettersom det er vinterferie denne veka): "Eg ana ikkje, for klokka på kjøkkenet går ikkje som ho skal - og sånn har den vært leeenge....."

(Det høyrer forresten med til historia at han ikkje er heilt stødig på klokka uansett - så det spelar liten rolle korvidt urverket tikkar og går eller ikkje :P)

*** tikk-takk tikk-takk tikk-takk ***


Vi har eit skrangleverk av ei plastklokke, kjøpt billeg på IKEA i det Herrens år nitten-pil-og-bue eller noko sånt... Mannen meiner den er meir enn god nok, så lenge den går - og det gjer den altså. Den går berre ikkje heilt som den skal. Men den går som sagt - taktfast til og med, det er berre det at klokka vel sjølv om det er times- eller minuttvisaren som skal flytte på seg... Godt nok meiner mannen, noko merakkels meiner eg - mest fordi den er Stygg eigentleg. For klokker har vi både på mobilane og på armen, så kvardagen heng i hop utan kjøkkenklokke, så det er ikkje den alt står eller faller med sjølvsagt.


*** tikk-takk tikk-takk tikk-takk ***


Eg på mi side skulle uansett gjerne ynskt at eg var flinkare til å gjennomføre utspekulerte handlingar, og sidan kunne elegant gjennomføre ei kvit løgn. For denne klokka fortjener å bli mista i bakken, eller få seg eit slag med ein hammar, så den hersens sekundvisaren slutta å gå så irriterande taktfast - og sånn at eg kunne kjøpe ei ny og fin klokke!


*** tikk-takk tikk-takk tikk-takk ***


Men til jul fekk vi ei nydeleg flott veggklokke - den er berre for stor til å henge på nokon vegg i vår vesle leilegheit, så den må vente med å komme opp til vi er vel i hus i vår nye heim. Inntil vidare nøyer eg meg med å smykke bloggen med ei ny veggklokke. Du ser den i venstre sidemeny - like under Knut'en ;)

...og så skal eg prøve å få tatt eit bilde av den flotte, store klokka som ligg nedpakka og ventar - den er berre nyydeleg!!





No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...