Tuesday, February 22, 2011

Drøymer om vår

Medan vi ventar på at snøen på ny skal lave ned, og skjule det gamle hardpakka, flekkvise laget av snø og is, så kan eg drøyme om vår. Vel går det an å ta seg ein tur i skogen, lage middagen på bål og late som vi er villmarksentusiastar 50 meter frå leiligheita, men det er kjekkare å gjere det når temperaturen er litt "greiare" enn no med den kalde vinden som er... For merk deg - vi latar som at vi er villmarksentusiastar!

Vi er villmarksentusiastar som likar å ha det behageleg i villmarka - vi kan kanskje kallast luksusdyr med andre ord? Men dyr er dyr uansett, så aldri uglesjå eit luksusdyr som nyt naturen... For å ha det behageleg i naturen må luksusdyr ha utstyr som bygger opp under behaget:

Difor ynskjer vi oss gode sitteunderlag - og kva er bedre enn 100% naturlege sitteunderlag som tildømes varme og deilige reinsdyr-skinnlappar? Vi skulle også hatt kvar si skikkelege drikkeflaske og termos med kopp, og fordi eg likar system kunne vi hatt kvar sine fargar på dei nemnde. Eg falt heilt for dei viste drikkeflaskene og termosane! Drikkeflaskene er med integrert sugerør og lekkasjesikkert lokk - kor praktisk er vel ikkje det? Og termosane er passe store - 0,2ltr, og rommar akkurat nok kaffi eller kakao. Uttrekkbare grillspyd var det ei venninne som introduserte meg for, og dei er visst å finne på dei fleste sportsbutikkar. Så kan ein spikke på kjekkare ting enn pølsespidd... Og sist men ikkje minst hadde det vore gunstig med ein stormtennar som var lettare å få fyr på bålet med, enn ein heilt alminneleg lighter eller fyrstikk som ikkje nødvendigvis duger i lett bris eingong.


Når våren kjem og vi er innom heimstaden og eigedommen vår ein tur, då skal gapahuken på den vesle sletta vår settast i stand. Der har vi laga gruve og bygd opp til bålplass, og vi har dandert store rundstokkar rundt i tillegg til sitteplassane inni gapahuken som står (eller, no ligg han, for å vere heilt ærleg) like ved. Vi har rett og slett vår eigen vesle leirplass like utanfor døra vår, og det er herleg!


No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...