Wednesday, February 16, 2011

Det vert ikkje varmare enn ein lagar det sjølv

Eg var eigentleg innstilt på og klar for vår etter søndagens skogstur med bålgrilling, men i går morgon når vi skulle ut døra på veg til barnehage og skule, så møtte vi ei kvitkledd verd. Samtidig som eg begynte å lure på kva galgenhumor veirgudane eigentleg sit inne med, så jubla ungane i kor over den urørde snøen som låg som eit kvitt ark framfor dei. Sjølv synest jo også eg at snø er langt bedre enn når det regnar sidevegs, eller til dømes halvsmelta snø som ligg som ei grå sørpemasse og ikkje akkurat pyntar opp verda. Så eg stiller meg ikkje heilt uforståande til gleda ungane kjende på når dei såg nysnøen, men allikevel kjende eg sjølv altså på eit veldig klart ynskje om varme. - Noko som óg var litt av bakgrunnen for bålhygge i skogen på søndag!


Men ein kan altså ikkje brenne bål kvar einaste dag. Veirgudane må nesten spele på lag om det skal bli såpass varme at blomane spirer og knoppane på trea spretter ut, om ein aldri så mykje fyrer for kråkene.. Så våren får vel berre la vente på seg til den sjølv har lyst til å komme!


I mellomtida planlegg vi varmen i den nye heimen vår, for der vert det i alle fall ikkje varmare enn kva ein sjølv legg opp til at det kan bli. For ei stund sidan, i jula nærare bestemt, posta eg eit innlegg om at vi hadde funnet vedomnen vi skulle ha (det kan du lese her). Men så var vi innom ein leverandør av allslags omnar, innsatsar og peisar frå fleire ulike leverandørar, og då vart den gamle planen raskt forkasta. Der fann vi nemmelig dette vakre kunstverket av ein vedomn, som vi begge falt heilt pladask for:

(Ulefos 179-3)

Ikkje berre er den eit potensielt smykke til spisestova vår, den er også veldig god varmeeffekt - og kva meir kan vi eigentleg ynskje oss? Knut'en ville veldig gjerne ha stålpipe, og den gjer ytterlegare varmeeffekt samanlikna med ei oppmurt pipe, så då vert det einda lunare innandørs på kalde vinterdagar som dei vi har no. Og dessutan synest eg at stålpipene står heilt i stil med denne type omnar, så då er det i grunn ingenting meir å lure på, anna enn å finne den beste måten å plassere omnen på reint estetisk, for å få vist fram den finaste av dei nydeleg dekorerte sidene på den.. I andre etasje har vi forresten tenkt å kle inn stålpipa på eit vis, i motsetning til i hovudetasjen der peisen står, men veit ikkje enda heilt korleis det skal ende opp til slutt med den innkledninga.

(Velkommen inn i spisestova og stova vår!)

Men, gjett om vi gler oss til å få huset ferdig, til å innrede Heime hos Oss og ikkje minst flytte inn!? Nett no, medan eg sit med føtene ned på det kalde murgolvet i leiligheita og drøymer om vår, medan kulda frå golvet trekker gjennom ullsokkane på null komma svisj, så gler eg meg altså litt ekstra til peisvarme og varmekablar. Det skal jammen bli godt, det!


No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...