Thursday, February 17, 2011

Nytt til heimen

Eg merkar at eg er hard på shoppinga for tida, men så hadde eg jo eit gåvekort å bruke opp hos Kremmerhuset.. No hadde dei pakka ut alt av kasser som prega butikken sist eg var innom, og det var ei fryd for auget - full butikk med massevis av flotte interiør- og pyntegjenstander! Knut'en og ungane syntest derimot ikkje det var ei fryd at eg måtte sjå på alt, før eg bestemte meg for kva gåvekortet skulle ryke med på... Men med kvar si karamelle på alle i familien, vart det knyst så husmora fekk planlegge pynting av heimen i fred og ro. Å bestikke mann og born er vel ikkje noko å satse på som ein gjennomgåande taktikk, men i stunder som dette er denslags gull verdt! ...i alle fall fann eg tre fine skattar når eg berre fekk tida til å leite dei fram...

Synest dette er grei match til ungane sine soveromsskilt
(sjå ungane sine dørskilt her)


Dette skiltet har eg ein heilt spesiell plan for
- det passar nemmelig perfekt til ei litt hemmeleg spesialbestilling eg har gjort!

Og så syntest eg denne innramma "oppskrifta" var herleg,
og kanskje kan den vere ei nyttig påminning på leie dagar?
Lykke er nemmelig ikkje ein "endestasjon",
men ein måte å leve på som en sjølv må velge!

* * *

Ja, og så kom eg på at eg har jo ikkje vist dykk nokre av gullfunna mine
frå då vi besøkte London for litt sidan.
Grunnen for at eg kom på det no er nok at det er enda meir veggpynt,
og faktisk så er det eine kjøpet eit skilt det også..
(Kanskje litt ironisk å bli hekta på skilt midt opp i bryllaupsplanlegginga?
Hehe... den "vitsen" var så billig at eg kunne ikkje la vere...)


Det var nesten som dette skiltet stod og ropte på meg
inne på butikken der eg kjøpte det!


...og denne originale og heilskjønne Nestlé-reklama
var mi frå fyrste augekast den også.
Eg trur kanskje det var vintage-romantikaren i meg den talte til,
på den veldig inspirerande og spennande antikkmarknaden i Notting Hill!



No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...