Tuesday, February 15, 2011

Vi feirer heller ikkje...

Valentinsdagen. Den var i går. Vi feirer ikkje den heller,
akkurat som med morsdag og farsdag...

Men, på lik linje med positiv merksemd: 
Eit par (eigenkjøpte) rosa doughnuts har vel aldri skada nokon?


Skadevirkninga kan i høgste grad diskuterast,
men søte og gode var dei no i alle fall!

"Ka er det du knitra med på kjøkkenet?"

Nysgjerrige små røster roper frå soverommet,
og mamma svarer som sant er...

"Du veit vel at vi alltid finner fram
is og brus og chips og sjokolade og anna snop,
kver kveld etter dåkke har lagt dåkke!!?"

Stemma frå soverommet høyrest lettare sjokkert ut:
"Hææææ!? Det er skikkelig urettferdig!"

"Trur du eg snakka sant no?"

Bornestemma er med eit tilbake til det normale:
"Nei, eg veit at du tulla!"


Eg skal i alle fall ikkje ha på meg at eg lyger,
eg berre unnlet å prente inn sanninga...


Og moralen er:

Det dei ikkje veit trur på, har dei ikkje vondt av!

Og det er faktisk berre godt meint
- dei vert tidsnok sjølv vaksne nok til å ete meir søtsaker
enn kva som er bra for dei... 


No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...