Showing posts with label såpe. Show all posts
Showing posts with label såpe. Show all posts

Thursday, December 2, 2010

Eit lite flikk med tryllestaven

...og vips simsalabim og hokuspokus filiokus,
så vart denne saftflaska frå IKEA... 

(No kom eg på at eg har veldig lyst til
å gå og sjå den siste Harry Potter filmen på kino...
apropos tryllestav, liksom ;)

(anbefalar lingon-safta i staden for fläder-safta fra IKEA forresten,
svenskane er langt flinkare med tyttebær enn med hylleblomst tydelegvis...)

...til såpedispensar! Det vil seie; ettersom eg kjøpte både tyttebær-
og hylleblomstsafta, så fekk eg heile 2 såpedispensarar!


Du berre bløytar opp etiketten med lunka/varmt vatn,
skrubbar så mykje som mulig av papiret av flaska,
og så brukar du rikeleg med vanleg matolje
(raps, solsikke, oliven... det er eitt feitt bokstavleg talt) 
til å vaske vekk limet! ;)

Til slutt vaskar du flaska godt med oppvasksåpe,
eller i oppvaskemaskina om du ikkje er utolmodig,
og til slutt: skru på ei pumpe med passe stor skrukork :)
...eg har brukt pumpene til desse eingongsdispensarane
frå Grace Cole:


..men eg tippar at omtrent einkvar "standard"
eingongs såpedispensar har pumpe med skrukork
som matchar storleiken på flaskehalsen til IKEA-flaskene...

Synest forresten at halsen på såpedispensarane mine
ser litt lange ut...

Lurer på kva eg skal pynte med for å ta fokuset vekk frå dei lange halsane?
Vert glad for tips!
...kanskje ei blonde med sløyfe på kunne gjort seg, eller eit vanleg silkeband?

Friday, November 19, 2010

Lavendel all over the place

Glade har komt med ei ny duftblokk (eg har i alle fall ikkje sett den før), som luktar lavendel. Og eg må jo prøve alt som luktar lavendel, så eg kjøpte ei. Det var ikkje rare prisen; 18,- for ein sånn duftesak, og då var det i alle fall verdt eit forsøk. Eg har i grunn ikkje kjent så mykje til lukta enda, medan Knut på si side (som ikkje er så til dei grader glad i lavendel som meg sjølv), meiner at yttergongen vår luktar som ein kunstig pensjonist ..kva no enn han legg i det.. (Om det skulle vere pensjonistar innom bloggen, som les dette: Ikkje ta deg nær, han har så vidt eg veit aldri lukta på ein kunstig pensjonist... Ikkje ein ekte heller for den del, så han veit i alle tilfeller ikkje kva han snakkar om..)

På Bodyshop har dei også lavendelduft, men i form av eterisk olje. På denne stod det at lavendel er "soothing and calming", altså lindrande og beroligande; ikkje rart ein stressa student vert forelska i ei slik lukt! Eg er jo faktisk blitt avhengig. Rett og slett avhengig... så eg kjøpte den der eteriske olja også eg...

Og så, på Vita, der hadde dei jammen lavendelsåper i søte metallboksar. Lavendel er visst inn i tida etter utvalet å døme, og det var ikkje mange av såpene med denne dufta att når eg kom til. Men dei hadde éi igjen - akkurat nok til meg med andre ord. Det må vere sjebnen!


Denne er fin å ha, berre som ein naturleg luktspreiar i sitt rette element, på badet tenkjer eg ;) ...i alle fall inntil den herlige pumpesåpa eg kjøpte på apoteket for litt sidan er oppbrukt...

Apropos pumpesåpe.. Det er i alle fall sånn nesten eit apropos.. Ettersom eg tenkjer å lage såpedispenser av saftflaskene frå IKEA. Dei har ei skjønn, nostalgisk form, og pumpene frå dei nemnde pumpesåpene eg kjøpte på apoteket, passar perfekt til å skru ned på halsen til IKEA-flaskene. Det einaste er at oppsugingsrøret er litt kort, men det fikser eg til med eit tilsvarande men lengre rør frå ei eller anna tom spray- eller pumpeflaske. Og når alt dette er fiksa, så har eg fin dispenser til oppvasksåpa oppi på kjøkkenet ;) Eg skal vise dykk når eg har ordna det til!



Men eg kan uansett tipse om at etikettar som denne på IKEA sine saftflasker, kan synast å vere eit herk å få av. Det er då spesielt limet som etiketten er festa med som er eit herk. Men rådvill etter å ha hatt flaska i bløyt i ukjent antal døger, gjennom oppvaskmaskina fleire gonger, intens skrubbing med stålskrubb og så bortetter, sat limet like godt fast. Så kom eg på å prøve rapsolje (men det er nok "eitt feitt" kva type olje du brukar ;), og eg smurde inn flaska og gnura forsiktig der limet var. Og sanneleg løyste limet seg opp! Det lukta litt kjemisk/industriaktig av limet som løyste seg opp blanda med olja, men ei runde med SunLight fiksa den biffen. Så no ventar berre flaskene mine på kvar sitt lange oppsugingsrør samt at apotek-pumpesåpa skal gå tom for originalinnhald - og deretter har eg fine, "nye" dispensarar til oppvasksåpa mi :)





PS: Kanskje har du liknande eller andre fine flasker eller behaldarar som kan brukast til noko nyttig? Eg vert alltid glad for nyttige eller artige tips ;)

Saturday, August 21, 2010

Skammeleg herleg

Trur det er fare for at VISA-kortet mitt smeltar ganske snart, ettersom eg har smelta for litt av kvart i det siste.. Eg er verkeleg bitt av handle-basillusken :S

Enda godt det har kome noko "nyttig" ut av det, for eg har nemmeleg kome i gong med julehandelen! :D ..Nei, du las ikkje feil. Eg veit vi enda ikkje er ferdige med august, men ja, eg har begynt på julegåvehandlinga.. Eg fann noko eg ikkje klarte å gå i frå, så då gjorde eg jo ikkje det. Gjekk i frå det, altså. Så no er dei første gåvene i boks.

Det som er meir skammeleg, var at eg fann enda fleire "gåver" til oss sjølve XP ..enda vi har "fått" så mange gåver (frå oss sjølve) allereie.. Men uansett, kjøpt er gjort og då kan eg likesågodt skryte av innkjøpa som eg sjølv meiner er velhamstra..

La oss begynne med denne til dømes, som eg oppdaga heime hos ei venninne i går. "Oi, den der lyslykta var jammen fin, kor har du kjøpt den??" spurte eg og peika. "Den? Ehm... den fekk eg av deg...".
Så deeet ja, eg er i alle fall tru mot eigen smak X)


Tja, kva meir var det då... Jo, og så har eg fått meg ein ny mugge som eg lett kan bruke som vase. Den fann eg på den herlege butikken BerthasOldebarn <3 ..som eigentleg er mykje for dyr for studentkontoen, men som for tida har salg på sommarvarer ;) 50,- for denne nostalgiske, søte muggen er nesten gitt vekk :D


Flaska til venstre er ei Arizona Iced Tea -flaske (verdt å smake ;) , som eg berre har teke av plasten på. Kostar rundt 30,- så om du både likar isteen samt også flaska så er det ikkje noko å lure på :D
Minner meg noko om gamle mjølkeflasker på eit vis :) ...nostalgisk kjensle på eit vis i alle fall.. <3

Orkidéen som ligg framføre mugge, flaske og glas er forøvrig også ei nyvinning i heimen. Då vi var på IKEA fann eg ein orkidé som eg (heller) ikkje klarte å berre gå forbi, så den vart med meg heim sjølv om fingrane mine er meir brune enn grøne. Og når eg allikevel er smerteleg klar over mitt dårlege handelag (kva handelag??) med levande plantar, så kjøpte eg liksågod ein falsk stilk med orkidéar på svippturen innom Plantasjen, til å stikke ned i potta når den levande ikkje lenger lever. Eit godt "triks" som eg plukka opp hos ei venninne heimanfrå :D

Leitar enda etter den perfekte såpedispensaren til badet, og medan eg leitar får desse duge. Kan jo fylle opp desse når dei er tomme, sjølv om det er "kjipe" plastflasker ;) Synest forøvrig dei såg rimeleg elegante ut til "eingongsdispensarar" å vere :) Kosta berre 19,- pr stk, ettersom det var 50% avslag hos Apotek1 no :)


..enda er det (altfor) mykje eg har lyst på.. med tanke på at det bør vere litt pengar att til pensumbøker, så bør eg kanskje la vere å handle meir til hus og heim før neste stipendutbetaling :P Gledar meg til september allereie!!! :D



PS: Kos deg med julegåvehandelen.. når den tid kjem ;)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...