Saturday, September 10, 2011

Haustkos

Eigentleg likte eg det ikkje.
At hausten kom.
Eg venta jo framleis på sommaren,
då eg fekk høyre at
"no er hausten her..."

Alle besteforeldrene har vore i sydlege strøk.
Fått ein smak av sommar,
enda sommaren aldri eigentleg kom her hos oss.
Eg er alt begynt å gle meg til neste sommar.
må det vel bli bra temperatur og badeveir?


Og medan eg drøymer om varme dagar,
nyt eg mørke haustkveldar.
Inne tenner mor alle lys,
og ute er det også fint med levande lys.
Siste utgåva av BoligDrøm er komt i hus,
og eg kosar meg og drøymer meg vekk med det også.

På måndag får eg mi første lønning,
etter ei årrekke som student.
Rett nok berre ei halv månadsløn,
men det er då meir enn kva eg har fått
i løn på år og dag!
Eg fortener ei PiP-Studio skål.
Eller kanskje to...


Nyt helga!


PS: Det er hardt å begynne å jobbe,
etter lang tid i det herlege studenttilværet...
Overskuddet er ikke på topp med andre ord,
men eg satsar på at det vert betre når eg berre blir vant.
Og då vert det gjerne meir ork til bloggings også. Trur eg :)

2 comments:

  1. Hei på deg!
    Det er hardt å begynne å jobbe, men akk så deilig når lønna kommer. Jeg syns du skal unne deg 2 sånne kopper :)

    Ønsker deg en fabelaktig lørdagskveld! Jeg kjenner det skal bli godt å roe ned og puste ut i kveld, det har blitt altfor lange dager med jobb i uken som har gått.

    Nå er det armkrok, hvil og hund som gjelder!

    Klem og smil

    ReplyDelete
  2. Gratulerer med jobb og lønn og greier! Og ei nydeleg skål:) Bloggen går ingen stadar, den:)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...