Sunday, September 11, 2011

Batman Bursdag

Det er ikkje meir enn ein knapp månad sidan sist.
Men i dag braka det altså laust igjen.
Denne gongen er det morgondagens 6åring,
som skulle feirast med barneselskap.
Batman bursdag.


Tidsklemma har som sagt stramma grepet
om mor-Sørheim,
så batman-kaka vart laga på bestilling,
Den var tilsvarande god,
som den var kul!


Batmanbrus laga eg sjølv.
Brusen er kjøpt,
men tominuttersetiketten derimot,
lasta eg egenhendig ned frå nett,
printa ut og klistra på...
Kjapt, enkelt og kult nok.
..men det kan sjølvsagt gjerast
langt meir elegant...


LEGO-gåver slår alltid godt an,
så det er ein godt nøgd bursdagsgut,
som pustar ut etter slaget
medan han kosar seg med å
bygge saman ein av dei mange og flotte LEGO-gåvene.

***

Og no når selskapet er rydda opp,
så farer vi i veg til neste selskap,
med kakerestar, bollar og batmanbrus med på lasset.
No er det familieselskap på farssida som står for tur.
Til veka vert det familieselskap på morssida.
Og mor gler seg til vi lettare kan ta alt i ein eingong,
i eige hus. Til neste år!


4 comments:

  1. Heldig han er som har fått en skikkelig BAtman feiring :)

    Fabelaktig start på uken! Her blir det farting mellom Oslo - Bergen før jeg lander på sofaen fredag kveld.

    Smil og klem
    Maia

    ReplyDelete
  2. Gratulerer med vel overstått BatmanBursdag - så kult! Det hadde nok slått godt an her i dette guttehuset her også :) Tusen takk for fine ord, den fargen på veggen har eg diverre ikkje fargekoden på lengre... Me tok utgangspunkt i ei pute me hadde i sofaen, og fekk laga farge hos Flügger. Den vart meir lilla enn Herr Fryd hadde tenkt seg, så han var skuffa - eg synst den var fin, og så blei det den då :) Me har den kun på bilde veggen, ellers i stova har me Caffe Latte :) Så kjekt at du vil vera med på Gje Bort'en min, eg har notert tre lodd på deg.

    Klem Eli

    ReplyDelete
  3. Tipper du er poppis mamma når tøffe gutter har bursdag :)

    Klem og en finfin fredag!
    Signe

    ReplyDelete
  4. Hei Iselin :) Du er vinnar av to skt. GreenGate kjøkken handkle og ein House Doctor first aid boks. Fint om du kan senda meg ein mail med post adressa di på eli.nernes@gmail.com

    Ha ein deilig søndag!

    Klem Eli

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...