Saturday, September 3, 2011

Bling bling bling

I nokre veker, eller rettare sagt nokre laurdagar på rad no,
så har gutungen spurt om han kan få ta hol i øyret.
Han ville ha sånn stor diamant,
som dei kulaste av dei kule hip-hop'arane har.
Det har ikkje blitt noko av.
Ikkje før i dag.
På meir eller mindre impuls for mamma'en,
etter spørsmål frå gutungen sjølv.


"Dette kledde du jammen!
Og dessuten minner du om ein fotballspelar.
David Beckham har også store bling-bling'ar."

"Fotballspelar? Då vil eg heller likne på ei rockestjerne!"


Og dermed fekk guten ein heil bli-ny-dag...
Etter eige ynskje må eg understreke.
Kul rockesveis måtte jo til for å matche bling'en,
og for å likne på ein rockar.

Unge rockarar med vassekte luftgitarar!


Og no er heile gjengen her,
gutungen, veslesøster og enda mindre fetter,
spenn klare for ein MGP-junior-kveld!
Mamma er forresten også klar.
Synest junior-utgåva er den beste faktisk ♥ 


No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...