Sunday, July 10, 2011

Villa Lepores - ein småbruksdraum

Først leikehytte, så vedskjul, grasklipperhus og seinare ubrukt.
Heilt til no når det nyleg har fått nytt liv som kaninhus.
Takka vere ein handy mann og ein enda meir handy svigerfar.
 Eg tenkte eg skulle klare det sjølv, akkurat som vårt vesle dunder som skal klare alt sjølv,
men eg fekk knapt plukka opp sag og hammar (og nokre alt for korte skruar)
før svigerfar hadde bytta ut veggen som var dårleg.
Og ikkje lenge etterpå hadde den gode mannen min spikra saman og festa ei ny dør.

Svigerfar og mannen reiste også til ein nedlagt revefarm, og fekk kjøpe seks revebur.
Mannen klipte ned skilleveggane inni, og delte rada med bur i to,
så no har vi to store og fine innhengningar som skal festast på kvar si side av
Villa Lepores - Smith og Smule si "lille" hule.

Villa Lepores treng eit strøk raudmaling og kvite lister...

Unge Herr Smith og Vesle Smule, blanding av hermelin og løvehode, stortrivst i huset sitt.
Dei hoppar, sprett og leikar. Kryp inn i høyet under europallen, gøymer seg i huset
som er laga av ei gammal eplekasse, tek springfart og skrensar i sagrubbet. 
Og best av alt: Dei kjem gjerne opp i fanget når vi set oss ned inne med dei



"Det er kjekt å ha kosedyr!" sa Storebror
(som forresten nettopp mista si første tann, og no verkeleg er klar for skulestart til hausten).
Han er like allergisk som meg mot katt, hund, hest og stort sett alt anna med pels eller fjør.
Men kaninene reagerer vi ikkje på. Heldigvis. Då er det verre med høyet inne hos Smith og Smule,
men det treng vi jo ikkje kose med, og det går overraskande bra
å oppholde seg i Villa Lepores så lenge ingen ruskar i høyet (såklart).


Eg gler meg til å utvide det gryande småbruket vårt
- få ferdig huset, få planlagt og opparbeidd hagen med "avdeling" for frukt og bær,
jordbæråker, potetåker, blomstereng med lavendel og andre velduftande sommarblomster, lysthus, drivhus, hønsegård, inngjerding til geiter eller villsauer, keramikkverkstad...

Ja, draumane er mange og tid har vi rikeleg av, for her skal vi bu heile livet.
Tvilar på at alle draumane vert oppfylt, men det er jo ikkje det viktigaste.
Det viktigaste er å trivast og at vi kosar oss med draumane, saman og kvar for oss. 
At vi kan takke forelda og uoppfylte draumar for følget, og å kunne ynskje nye draumar velkommen
anten dei er realiserbare eller ikkje - så lenge dei i alle fall 
er triveleg reisefølge på vegen gjennom livet. 
Vi er i gang. Draumane er mange, og vi har så vidt begynt. Det er nok til å kose seg, mykje og lenge.
Og no går vi og kosar oss med dei første firbeinte medlemma av småbruksdraumen ♥



1 comment:

  1. Åh, for noken fantastisk, nydelige kaniner!! :) Eg fikk faktisk heilt vondt av å sjå på dei, og tenker at ein gang, "da eg blir stor", vil eg og ha kaniner! :)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...