Tuesday, May 10, 2011

Urørt

Det er ikkje berre bloggen her som står urørt.


BoNytt ligg urørt.
Oppvasken står urørt.
Haugen med skitne klede ligg urørt
Støvsugaren ligg urørt.


Spente eksamensnervar kunne trengt ein dæsj mjukgjeringsmiddel,
men det einaste middelet som faktisk hjelper er å få det heile overstått.
Lese først. Lese, lese, lese.. Heilt til augene, hjernen og viljen seier STOPP!
Då er det fullt. Då er det berre å vente på bedre tider, og på eksamen som kjem
anten ein vil eller ikkje...
Då er det viktig å hugse at det er berre ein eksamen.


Det er ikkje heile eksistensen som står på spel. Det gjeld ikkje liv og død.
Sjølv om det kan kjennest slik. Sjølv om det ser slik ut.
For her heime, etter oppvask, hybelkaniner og skittentøyskorga å dømme,
så ser det ut som at vi rett og slett har døydd i frå alt...
Det luktar slik også når eg kjenner etter.
OI!! Kanskje på tide å tømme bleiebosset...?

..jammen godt at eksamensperiodane ikkje kjem så ofte..


                                             Au revoir! På gjensyn! See you soon!  

2 comments:

  1. Kjenner meg veldig att, men er heldigvis ferdig med eksamenar og slikt, i alle fall enn så lenge:) Så eg har ikkje noko å skulda på når oppvasken står... Mykje lukke til med eksamen, går sikkert strålande! Eg har aldri hatt som mål nokon spesiell karakter, målet mitt har alltid vore å bli ferdig med eksamen. Og veit du kva? Eg har alltid nådd det målet;)

    ReplyDelete
  2. Hei vennen!
    Vi har alle hatt det sånn. Jeg husker min eksamensperiode, da levde jeg litt på siden av meg selv kan du si.


    Masse lykke til på eksamen!
    Klem

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...