Monday, May 2, 2011

Flyttesjau og småplukk

Enda er det halvanna månad til vi faktisk flytter, men her har prosessen alt vore i gong ei god stund. Veggar og golv vert stadig litt meir strippa av ein ivrig husfar, som er redd for at eg har lagt opp eit vel tett løp i juni månad. Det kan vere han har rett, men på eitt tidspunkt kjem juli og eg har god tru på at vi då framleis lever og er ved god helse, og kva er det då å stresse slik for? Alt går!


I tillegg til flytteprosjektet, så går dagane med til eksamensførebuing og bryllaupsplanlegging. Det ser ut til at vi vert mellom 90 og 100 gjester til middag, og det er husfar og eg svært, svært glade for. Eg trur at etter kvart så ser det meste ut til å vere på plass. Når sant skal seiast har eg ikkje gjort dette før, så eg er ikkje sikker på kor mykje som bør vere på plass to månader før bryllaupet? ..men magekjensla er god, og då er i grunn allting godt. I alle fall for no. Og eg lever i nuet (medan eg planlegg framtida sånn akkurat passeleg, sett ut frå eigen målestokk).   


Akkurat nuh er det dårleg med lavendel ute. Derfor er det kjekt å ha denne fine korga fylt med lavendelstæsj og eit matchande hjerte, så kan eg snuse bortom når eg treng litt lavendelduft i nasen. Alt sammen fekk eg av skjønne Karianne i utdrikningslaget mitt. Har vel sagt at eg skal fortelle litt frå dagen, men trur det skal få drøye til etter bryllaupet. Kjekt å spare litt også tenker eg. No er det så mykje anna som skjer.


Og medan eg ventar på at tida skal gå.. eller eigentleg ventar eg ikkje på det, for tida flyg av gårde fortare enn fortast, og plutseleg er vi flytta heim for godt og eg står der i den kvite kjolen, framfor dei vidopne kyrkjedørene og lurer på kor tida i mellom no og då vart av. Og etterpå skal eg lene meg tilbake, mimre, smile, mimre litt til og sikkert le litt og felle ei vemodig tåre over tida vi aldri får tilbake. Tida som har vore så fin! Så mimrer eg enda litt til og smiler mest. Og akkurat då kjem dei ein mild sommarbris som har med seg ei svak lukt av lavendel frå lavendelbedet mitt, og får meg til å smile enda litt meir og enda litt lenger. Eg gler meg. Og medan eg gler meg og samtidig nyter kvardagen, så kosar eg meg med å kikke på denne skjønne buketten som eg fikk av ei av dei flotte naboungane. Det er ikkje lavendel verken i utsjånad eller lukt, men dei er då lilla og meir enn noko så er dei plukka med ein herleg barnelg omtanke. Og no smiler eg. Igjen.

Det er godt å ha noko å glede seg over, noko å glede seg til og ikkje minst minner å sjå tilbake på med glede. Håper du har noko du gler deg over du også!

1 comment:

  1. Kjempefin blogg du har!
    Lykke til med flyttingen!

    Det ligger noe til deg på bloggen min :)
    www.hobbypuffen.blogspot.com

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...