Wednesday, April 27, 2011

Tenk det!

Eg må sei eg er både imponert og takknemleg, over at det faktisk er folk innom her i det heile no om dagane, når aktiviteten frå mi side er så usansynleg laber som den er... Det er eg veldig glad for å sjå



Datamaskina minner mest om alt eg må skrive, og dermed ikkje like mykje om det eg vil skrive på - nemmeleg bloggen. Dermed vert den ståande urørt. Sola som skin på himmelen og fråveret av skyer gjer det enda lettare å gløyme alt som heiter data og skriving, og mest fristande å sitte ute saman med gode naboar og nyte synet av og latteren frå leikande born som er i lykkerus over å kunne sleppe strømpebukser, luer og tjukke utanpåklær. Legg til ein kopp kaffi og du har fått skildringa av det perfekte liv. Gløym at huset er rotete og skittent, at skittentøyskorga er full, at det er reine klede i maskina som burde hengast opp med ein gong, og ikkje minst at studieplikta kallar... Kven vil vel øydelegge slike nydelege dagar med slit og ikkje mindre; med ei gamal datamaskin som bråkar verre enn eit helikopter som går inn for landing i tett vegetasjon? Ikkje denne jenta i alle fall! Det eg ikkje får gjort i dag, kan eg ta meg av i morgon - det har vore dagens motto. Og det er jammen godt innimellom!


I dag gjekk heller timane med til å innta ein enkel middag ute, før mor og born sykla ein kort tur til kvitveisenga og plukka ein flott bukett til å pynte opp inne med, for siden å leike og drikke kaffi på tunet og til sist avslutte dagen med utekvelds - grillspyd servert med brød og salat, tilberedt og servert av ein av våre mange gode naboar.


Og om ikkje rykta er usanne, så kan vi la det gode liv fortsette i fire fine veker framover - med berre godveir i det store og heile! Herremin som eg gledar meg ♥ ...det eg ikkje får gjort dei fire førstkommande vekene, det kan eg ta meg av dei fire påfølgande vekene... Kanskje "litt" drygt, men det er viktig å nyte litt når mogelegheita byr seg, og slik gjere energien til å ta fatt på pliktene litt større.   


Denne skjønne buketten skal eg nyte synet av i morgon føremiddag, medan eg sit inne og skriv så det knest i bokstavane på tastaturet, for i morgon ettermiddag vert det meir nyyyting av dagen på tunet utanfor ;)


2 comments:

  1. Hei vennen!
    Det er ikke alltid det frister å sitte inne foran dataen når været er sååå godt. Jeg sitter stort sett på laptopen min ute på terrassen jeg da :-)

    Du skriver alltid så herlig og det er alltid en fryd og komme hit!

    Klem

    ReplyDelete
  2. Flink du, som greier både å skriva og å nyta dette flotte veret!! Heilt ok at du forsømmer bloggen din litt, berre du kjem tilbake når ting roar seg ;) FINE bilete!

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...