Wednesday, April 6, 2011

Pain and gain

Eg har ei skjønn kusine, eller søskenbarn som eg eigentleg kalla det før eg vart påverka av byspråket. Ho trener. Eg trener ikkje. Eg har vore medlem på SATS eit år for lenge sidan einaste. Men med mitt labre aktivitetsnivå, spesielt det siste halvåret av medlemsskapet, så må eg nok dessverre bli kategorisert som eit støttemedlem. Enn kor mykje eg skulle ynskje at eg likte å trene så gjer eg ikkje det. Likar det, altså. Ikkje overhodet.

Utan at eg hugsar det ordrett, formulerte Stella Mwangi seg veldig fint om det på Senkveld like etter GrandPrix; "Det er så slitsomt!" Og eg er heilt einig. Det er for slitsomt å trene. Eg trivst mykje bedre god og varm på eit saueskinn og massevis av puter, godt nedsunken i sofakroken. Ikkje sveitt og klam saman med ei drøss andre, ukjende svette kroppar i eit bråkete treningsstudio. Eg synest generelt at sveitte er ganske ekkelt.


Men det var faktisk kjekt, når ho drog meg med ut å trene i går. Kjekt å spele squash - for ja, squash er ikkje berre ein god grønsak, det er ein sport også. Eg likar squash sånn i utgongspunktet. Grønnsaken altså. No likar eg sporten også. Utan reglar. Reglar er kjedelege. Benkpress er mindre artig. Spesielt når ein får beskjed om å senke stanga ned på brystkassa, til der brystvortene er. Eller tydelegvis - der brystvortene skulle vore. Gode kusine syntest nemmeleg eg la stanga litt vel langt nede på overkroppen. Men ho visste vel ikkje at eg traff nøyaktig over mine brystvorter med stanga, då ho meir tydeleg artikulert enn første gongen gjentok "eg sa ned til brystvortene". Ho kunne like gjerne tilføyd "...ikkje til navlen..." Eg såg at det var det ho tenkte. "Åååh, no skjønner eg! Du meiner brystvorteplassering før to graviditetar med påfølgande amming!"



Vel.. Vi hadde det veldig kjekt i går. 3 timar med moro. Ja, 3 (!!!) timar. Første gong eg trenar skikkeleg etter...hmmh.. 7 år, så gjer eg det visst skikkeleg. For å sei det enkelt - i dag har det vore pain. Og har eg forstått det riktig så vert det ikkje bedre i morgon.

(Bilde funnet via Google bildesøk)

I dag trøysta eg meg sjølv med sju minutt i sol hos Brun og Blid. Eg er ikkje berre kvit, eg er blåkvit, så meir enn sju minutt ville vore eit hasardiøst bruningsprosjekt når kroppen ikkje har sett sollys sidan sommaren 2010. Sju minutt gjekk bra. Eg fekk samla tre fregner. Det er gain. Tre fregner er bedre enn ingen fregner. Eller for å sei det rett ut - tre prikkar med brunt er bedre enn ingenting brunt i det heile. Eg trur eg må unne meg sjølv tre fregner til i morgon, for å trøyste meg og min truleg enda vondare kropp... Takk Lise ♥ 



1 comment:

  1. Jeg satt og lo (som vanlig) når jeg leste dette innlegget. Du har en egen snert på ting som får meg til å glise...

    Jeg er ikke noe treningsnarkoman og har lært at jeg ikke trives i treningsstudio. Jeg er en ute i marka jente, en laang gåtur hver dag er min greie...

    Flink du er som trente i hele 3 timer, jeg tror jeg hadde dødd...

    Klem

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...