Wednesday, March 23, 2011

Uventa flytteplanar

I dag tidleg erklærte 5-åringen at han no kjende at det var på høg tid å flytte ut, med bakgrunn i ei trong til meir armslag og sjølvbestemmingsrett"Sånn som det er no, med at dåkke bestemmer det meste, det gidder eg faktisk ikkje meir." Er det no småbornstida er over, og min vesle gut er blitt stor?


Nybakt mor - liten skulptur i steingodsleire

Eg sjølv var ikkje av den typen som trua mine foreldre med å flytte om eg ikkje fekk det som eg ville, sånn bortsett frå når eg faktisk flytta ut som 15åring.. Men hugsar eg ikkje heilt feil, så meiner eg å ha fått fortalt at mi eiga mamma var av den sorten når ho var lita. Ho pakka stadig kofferten og flytta ut i skogen nokre timar, sånn fram til middagstid eller deromkring... Gutungen vår er ikkje spesielt glad i middag, så eg kan ikkje ha for store forhåpningar til at eit varmt måltid skal lokke han heim. Men han er derimot veldig glad i sine faste minutter med TV-tid før leggetid, så det vert kanskje saknet etter barneTV og SuperNytt som nærast tvinger han tilbake til barndomsheimen. I alle fall no dei førstkommande åra. Eg håper jo i grunn ikkje at han kjem heim for å sjå barneTV og SuperNytt om eit par tiår heller...

Flytteplanane skal få sin plass
i boka der eg samlar på gullkorn og andre sitat,
av minneverdige utsagn frå borna...

Her hin dagen fekk vi forresten ei utgreiing om korleis flytteplanane hans reint praktisk skulle gjennomførast. Då sa han riktig nok "når eg blir vaksen...", men dette vart visst vesentleg framskynda i dag tidleg når han fekk greie på at han (som vanleg) skulle ete frukosten sin i barnehagen framfor å måtte forte seg med det samme heime.. Han har nemmeleg usannsynleg god tid når han et.

I alle fall. Flytteplanane er som følger: "Eg skal køyre bil. Køyre, køyre, køyre og så køyre litt til før eg tar ei ferje. Så skal eg køyre, køyre, køyre og ta ei ferje til. Så skal eg køyre enda lenger og ta enda ei ferje og så skal eg berre køyre. Og så, mens eg køyrer, skal eg finne det perfekte treet. Når eg ser dét skal eg stoppe, og der skal eg bygge meg ei hytte."

"Dit vinden fører meg..." ??

Ein relativt målretta plan, men allikevel vart eg veldig usikker på sånn cirka kor han havna i landet med den køyreturen. Akkurat det er jo litt greit å vite, så eg sender bursdags- og julegåvene i riktig retning i alle fall. "Eg er ikkje heilt sikker, men eg vil tippe at det er i Amerika" kunne gutungen då fortelle meg. "Greit, då skal eg skrive Amerika som adresse på gåvene dine, så får vi berre tru at postbudet finn den riktige trehytta å levere pakkane til..." "Ja, så klart" svarte guten kontant "eg skal jo ha ei postkasse!"
Men, mamma sine bekymringar slutta ikkje med det, sjølvsagt. "Kem skal bake bursdagskake til deg? Og ka skal du ete til julemiddag?" Gutungen sjølv var absolutt ikkje bekymra. "Det er jo berre å klatre ned frå treet og plukke seg litt mat det! Bær og sopp og sånt.."

Bringebærplukking i 2010

Han hadde eit poeng. Men i dag, når flytteplanane vart så til dei grader fraskynda (dei vert visst realisert når vi har henta han i barnehagen i ettermiddag), så kom eg til å bekymre meg for desse kosthaldsplanane hans allikevel. Det hadde jo vore fint om han kunne lese før han flytta ut, så han i større grad kunne nyttiggjere seg av soppboka som eg kjem til å sende han til bursdagen... 
Vel... eg hadde ingen sopplukkebilder,
så eit kongleplukkebilde får gjere nytta ;)




6 comments:

  1. Utrolig bra skrevet iallefall! :)

    ReplyDelete
  2. De er så utrolig skjønne! Jeg rømte stadig med den lille kofferten min, men passet på at mamma lagde niste til meg på turen. Som regel kom jeg bare til naboen før jeg var sulten så rømte ikke så langt.

    Veldig søt historie å ta vare på!

    ReplyDelete
  3. det kunne vert i savanger han havna og.. til dit fra bergen e det 2 ferjer og ein heil masse kjøring ;)

    eg huske eg skulle "flytte" ein gang. Eg var rasande sint og gjekk og pakka kofferten. Pappa kom etter meg og sa at han skulle ringe til taxi :P då vart det visst ein anna låt. Synst han kunne vente litt med det ja ;)

    ReplyDelete
  4. For et vidunderlig, herlig innlegg. Jeg lo. flira og kosa meg masse!
    Takk for ett koselig innlegg :-)
    Klem

    ReplyDelete
  5. Barn er så morsomme, og har jo en fantasi uten like:D

    ReplyDelete
  6. For noen gullkorn! Dette er en gullhistorie du kan ta frem når det er tid for konfirmasjon eller bryllup:)
    Ha en flott onsdag!
    Klem fra Kristin

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...