Wednesday, March 23, 2011

Kjærleik er..


* Kjærleik er... når mannen kjem heim frå jobb, smiler og seier:
"Eg har bestilt eit årsabonnement på Vakre hjem og interiør til deg"


* Livsgnist er... når nellikane i vasen står lenger enn eføyen i potte


* Humor er... når 5åringen truar med å flytte på morgonen, og snuppa på 2år gir beskjed om at "når eg er voksen, så kan du og pappa flytte til Oslo, for då skal eg bu aleine i mormor sitt hus!"


* Kjedsomheit er... å måtte lese 4 ulike versjonar av soga om "Balders Død", fordi du ikkje visste kva anna du skulle lese om...


* Inspirasjon er... å få stå på medlemslista til Norske Interiørbloggar

* Trøttheit er... når 5åringen bemerkar dei store (sove)posane under augeloka som det knapt er ei glipe i klokka 07:00...


* Fornuft er... når eg finner ut at no er det tid for å legge seg!







PS: * Lykke er... når du forstår at lykka kan velgast og ikkje må ventast på...

...forøvrig er det ikkje feil med litt vinnarlykke heller - delta gjerne på gi-bort-trekninga, som eg har i samarbeid med KidsParadise, ved å skrive ein kommenter under --> DETTE <-- innlegget ;)

2 comments:

  1. ååå heldiggris=)
    Mannen min kunne godt komt hjem med samme nyhet;D;D
    Herlig innlegg:D

    ReplyDelete
  2. Så hærlig innlegg : ) Sitter her å smiler for meg selv : D
    Klem Tove

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...