Saturday, March 19, 2011

Skal eg sende deg saltet?

Salt, ein ganske vanleg ingrediens og smaksforsterkar, er ikkje mindre enn livsviktig. Og sjølv i dag er dette krydderet sett på som verdifullt, i alle fall i einskilde kulturar.. Korvidt eg sjølv lever i ein slik kultur stiller eg meg tvilande til. Men, heilt utan salt er vi eller blir vi ingenting. Tidlegare brukte vi ikkje salt. Det var då vi drakk blod og slukte alt rått. I dag, som det er så mykje salt å oppdrive, bør vi ganske enkelt ikkje sluke alt rått.  Vi veit bedre. Vi burde i alle fall vite bedre.


Allikevel sluker tydelegvis ein vesentleg del av innbyggarane rått alt som vert servert. Og følgeleg tek dei det ikkje med ei klype salt. Desse kan verte deprimerte. Eg trur kanskje det er fordi det ikkje smakar så godt utan salt? Det andre har ser nemmeleg tydelegvis mykje bedre ut, i alle fall sånn ved første augekast, når vi ikkje reflekterar noko vidare over vår (manglande) kjennskap til den fulle ingredienslista knytt til det serverte. 


Skjønnar du ikkje kva eg pratar om? Ta ein kikk på siste rapport frå Lykkeland, så forstår du ;)
Dei fleste av oss er i éin av følgande to kategoriar:

1. Du sluker mat rått - truleg utan å vere klar over det. Og dette kan vidare føre til alvorleg misunnelse, irritasjon, kjensle av utilstrekkelegheit og følgeleg potensielt høgt blodtrykk.
 
2. Du bruker salt i maten - truleg utan å vere klar over at andre sluker det du serverer rått. Hugs å tenke på dine medmennesker i kategori 1 - Store mengder salt i maten er helseskadeleg, spesielt for dei med høgt blodtrykk!

Krydder frå eigen hage er ekstra velsmakande,
gro litt krydder du også, til å krydre kvardagsrettane med!

Ja til salt og krydder i kvardagen, og ja til kosthaldsrettleiing til dei som stadig sluker alt rått, når det eigentleg burde vore nytt med ei klype salt... For her i Lykkeland er det ofte salt som slapsete vestlandsveger i medio mars, og krydra av chilli med høgaste score på scoville-skalaen. Inga lykke er for lita, og inga saltklype for stor til å fortelle om små og store kvardagsgleder.Ta det med ei klype salt, som krydder i kvardagen, og ikkje les facebookprofilar og bloggar for å samanlikne episodiske lykkeutbrudd med heile ditt eige tilvere på godt og (spesielt) vondt. Eventuelt kan ein jo berre droppe heilt ut av den slags sosiale medier som Facebook samt bloggar er, dersom børa av irritasjon over andre sine kvardagsgleder vert tyngre enn ballasten med glede over eige liv og kvardag.  

 Yndlingssjokoladen rangert som det sunnaste alternativet er lykke!











PS: I morgon skal eg nyte dagen saman med verdas beste mann, klodens vakraste og mest veloppdragne to born, i skogen med nostalgisk bålbrenning og eit harmonisk og ikkje minst næringsrikt måltid i det fri. Og til sist skal dagen avsluttast med hyggeleg kaffibesøk i ryddig og nyvaska, lavendelduftande leilegheit, før eg legg meg fornøgd og våkner utkvilt dagen etter og ser ut som ein nyutsprungen blomst om våren - spenn klar for nok ein herleg dag i mitt til ei kvar tid fantastiske og fullkomne liv i Lykkeland. Berre sånn til informasjon.  

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...