Tuesday, March 15, 2011

Smak av sommar

Ååå kor eg kosa meg når eg gikk gjennom bildebanken til Bohus!! "Den vil eg ha, sånn vil eg ha, og åååååå... Sånn skal eg ha! Knut, sjå! Den skal vi ha, saant??" Knut nikka, men eg hørte at lommeboka krympa seg nede på kommoden i gangen... Stipendet har nett komt på konto, så den er etter måten full, men det betyr allikevel ikkje at den faktisk er full. Kan ein konto bli full forresten?

...noko å tenke på...

Ein dag skal eg kunne sitte på ei lita brygge nede ved naustet, med beina til avkjøling i salt sjø, medan eg kosar meg med eit kaldt glas heimelaga saft av bær frå eigen kjøkkenhage. Men i sommar "nøyer" eg meg med å sitte på svaberget, med beina til avkjøling i salt sjø, medan eg kosar meg med... noko kjøpt...


Kanskje kunne ein laga slike skjønne spisebrikker sjølv. Trur kanskje til og med at eg kunne klart det. Men det spørst om det ikkje hadde blitt liggande halvferdig... Eg las ein plass om ei som samla alle sine halvferdige handarbeid i ei korg og hadde denne til pynt. Ho meinte at halvferdig handarbeid er estetisk i all si ufullstendigheit. Sånne saker burde eg sjå det estetiske i også. Knut óg forresten..


I fjor sommar lagde eg nokre gamle eplekasser om til ein krydderhage. Relativt vellykka prosjekt. Det vil sei - det vart ikkje ståande halvferdig. Håper det er liv i kassane i år, når vi kjem heim nærare våren. Eg liker gamle kasser, og eg liker nye kasser som ser ut som dei er gamle. Ei kasse som denne har eg lyst å brukte til oppbevaring av eit utval av interiørblada våre.. Eg kunne hatt mange slike kasser som denne, i ulike størrelsar til ulike formål. Så godt liker eg sånne "gamle" trekasser.


Vi har mata fuglane i vinter. Dei er ikkje like interesserte lenger. Meisebollane heng lenge utan å sjå ut til å minke noko særleg. Det må då vel vere eit sikkert teikn på at no er det endeleg vår i gjære? Sjølv om pippen på bildet nedanfor ikkje et stort, så var han allikevel skjønn. Ikkje vekker han morgongretne natteranglarar alt for tidleg om morgonen heller, med overivrig fuglekvitter før sola er oppe. Eg liker fuglekvitter altså, men eg kunne likt stille-fuglar også!


..Og med ei dagseng i hagen hadde sjølv den morgongretne ikkje brydd seg om å bli vekt tidleg av fuglekvitter!? Sommarfuglar er det neste store virkar det som. Eg er ikkje lei meg for det. Sommarfuglar er nydelege - og tek seg like godt ut som motiv på tekstilar og bilder som dei gjere i levande livet.


..og dette var berre ein brøkdel av det som var å sjå blant varene som kjem hos Bohus; ein del av min utvalde brøkdel.. Tenker å lage meg ein liten uteinteriørcollage med hagemøblar eg helst ser føre meg på plattingen utanfor spisestova vår.. Men det var så mykje fint å finne av interiør og bilder, at noko rett og slett berre må sparast. Og dessuten: no er det kvelden her Heime hos Oss ;)
 




PS: Du har sikkert skjønt det, men alle bilda er altså lånt av Bohus ;)
...eg har berre laga shabby-kantar på dei, i tråd med dei fleste andre av bilda som eg legg ut her...

9 comments:

  1. Asså.... Kall meg gjerne kløne... Men eg finne ikkje dissa bildene på Bohus sine sider!!! E du med i bohusklubben kankskje?

    Sånn forresten, så gleda eg meg til å invitere meg sjølv på både dypping av føter og av heile kroppen frå svaberg i salt sjø! ;)

    ReplyDelete
  2. Du er nok inga kløne - eg trur ikkje dei ligg ute.. ikkje enda.. men kanskje dei kjem.. eit utval om ikkje anna, når varene er komt i butikkane rundt månadsskiftet eingong?

    Uansett kjem det nok fleire her :) Eg dagdrøymer om fint interiør både ute og inne, og eg tenker at draumane skal bli til collagar (om ikkje det vert til at eg får fingrane i alt sånn på ekte, så hjelper det på å ha fine bilder å sjå på!?) ;)

    Det spørst forresten, om du får høve til så mykje som å tenke på å invitere deg sjølv, før eg har komt deg i forkjøpet og du er invitert. Men skulle du måtte invitere deg sjølv, så er du i alle fall meir enn hjerteleg velkommen. Eg gler meg som ei bie som ventar på at blomster og nektar skal åpenbare seg om våren :D

    ReplyDelete
  3. takk for følelse av sommer, salt sjø og lange kvelder ved bryggekanten... gjorde godt!

    ...bilder som fyrer opp en våryr shoppingnerve det der!;)

    Og du, takk for koselig hilsen hos meg! ;) Ta frem teflonmatta og fyr i gang sukkerkjelen! ...og vips! -25 minutter senere så kan du ha det søteste fineste bringerbærdropset på tunga! ;)

    ReplyDelete
  4. Tell me about it Frk Kastås ;) Shopping er visst mi største... eller neststørste last (..må ikkje gløyme sjokoladeetinga ;)

    Sommaren er heldigvis ikkje ei last, så den kan ein glede seg til med godt samvit. Berre Kong Vinter ikkje var så grueleg vanskeleg på å la unge frøken Vår sleppe til... :/

    ReplyDelete
  5. drøyme
    drøyme

    herlege bilder :O)

    ReplyDelete
  6. akk deilige bilder..særlig det på brygga.:-)

    ReplyDelete
  7. Sikle sikle... SÅ mye lekkert:) IKKE leeenge igjen:)

    ReplyDelete
  8. Herlig sommerstemning på bryggen:) Liker hun som sier at "halvferdige håndarbeid er vakre i all sin ufullstendighet", helt enig. Kassene dine er fine, spennende tider nå, se hva som har overlevd vinter og barfrost, klem fra Mona

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...