Friday, March 18, 2011

4 stjerners

Medan eg sit her med føtene godt planta i eit herleg lavendelduftande fotbad, kan eg fortelle om verdas beste dessert. Luksus i eine enden får meg til å tenke på luksus i andre enden. Tydelegvis.


Har hatt ei runde med 4-stjerners middagar saman med tre skjønne venninner. Eller, vi har hatt fleire runder på sett og vis, men berre første runde var på heimebane. Dei siste gongane vi har møttes i måltidssamanheng, så har det vore på kafé. Ikkje fordi den innleiande runda var usmakeleg. Truleg heller fordi alle fire likar å bli varta opp? I alle fall er det veldig enkelt å treffast på kafé, prate, ete, prate, drikke kaffi og så gå og la andre ta oppvasken :)


Men på den eine middagen fekk vi altså servert det som, etter mitt syn, er verdas desidert beste dessert. Og det som er oppmot like godt med den, som smaken sjølv, er det at den er lettare enn lettast å lage. Takk Charlotte, for å presentere denne vidunderlegheita over alt etande som er vidunderleg.


Så enkelt er det: Romtempererte bær leggast i eitt dekkande lag i botnen av ei ildfast form. Ha eitt lag av kvit sjokolade over bæra - enten i biter eller smelta. På toppen legg du eit tett lokk av marshmallows. Og før servering let du forma stå i bakaromnen på... tjaa... 175*C? ...til marshmallowsane har fått ein fin, gylden grilla-farge.

Så serverer du herlegheita saman med vaniljeis. Eg skal love deg - skåla vert skrapa!!!  


Vi ville eigentleg ha den ovanfornemnde desserten som siste rett i trerettaren som skal serverast i bryllaupet. Men med over hundre gjester og fire skarve husmorkomfyrar å arbeide med, så vert det vanskeleg å få til.. Så då måtte vel the next best thing vere å kunne servere Kjærleiks-sjokoalde, som erstatning for vår Kjærleiks-dessert, i bryllaupet? Difor har eg sett saman eit sjokoladeforslag, inspirert av desserten over alle dessertar, på http://www.nidarfavorittar.no/
Krysser fingre og tær for at nokon i panelet har smakt litt av himmelen i møte med nettopp denne desserten, så dei skjøner kva for herlegheit dei står ovanfor og bestemmer seg for å produsere! ;)

No gler eg meg til laurdagsgodteriet i morgon... *sukk*

                                        FRE-

2 comments:

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...