Dette har vore ei helg med stor H. H for herleg heilt enkelt.
Fri på fredag (arbeidde heime med studiar då, så heilt fri hadde eg allikevel ikkje..), besøk av god venninne og nabo store delar av laurdagen - lett henslengt i kvar sin sofa medan ungane herja og kosa seg på rommet, og så idag; koseleg middagsbesøk av mannen si syster med born.
Slike helger er nettopp det vi gjerne vil ha her Heime hos Oss! Alltid.
Vi hadde Fransk Bondesuppe til hovudrett og assortert småis frå Isbilen til dessert. Det er jo søndag, så då må vi ha dessert, og småis er alltid ein sikker vinnar! ....sjølv om det ikkje akkurat er sol og sommar sånn heilt enda... Men forresten, skrur ein berre opp tempen inne, slik at ungane spring rundt i berre bodyen, så kan ein med litt velvilje tvinge fram ei aning sommarstemning då også ;)
Ellers hjelper det godt med friske blomster på bordet for å skubbe vinterkjensla litt unna, og hanke på plass lukt av vår og spirande grøn natur. Desse har stått nokre dagar no, og ser ikkje ut til dei har tenkt å bukke under med det første. Merkeleg nok..
Det er i grunn snodig, at avkutta blomster i vase skal vare lenger enn grønne plantar på rot, her i huset... Ingen plantar med englevakt her Heime hos Oss, nei. Og ikkje hjelper det å plassere skytsenglar attmed dei heller har det vist seg. ...eller kanskje likar denne heilårsengelen min best bukettar, kort og godt?
Eg har visst uansett litt å lære av hagebloggane rundt om kring! Mormor mener at grøne fingre spirar fram nesten heilt av seg sjølv. Men no som det nærmar seg tid for flytting, og samstundes forventningspress til å skulle prestere som hagestellsarbeidar, så kjenner eg tvilen sige meir og meir på. Eg er i alle fall glad eg har hagedamer på internett å støtte meg til, når mormor slumper til å tru at dei plantebrune fingrane mine er ein spøk...
...har forresten fått nokre tips til korleis eg kan arbeide vidare med hjortebilda mine, for å få (spesielt det i svart/kvitt) bedre... Så trur nok det kjem fleire utkast her, før vi eventuelt får noko opp på veggen :) Alltid kjekt med konstruktive innspel - mindre kjekt med for få timar i døgnet til å få gjort alt ein gjerne skulle ynskje i løpet av dagane... ;)
No comments:
Post a Comment
Legg gjerne igjen eit spor etter deg!